Posts

Showing posts from May, 2023
Image
No veit vi det. Korleis det er å leve i ein kultur som står på vent, som har nådd ein slags blindveg, der ein ikkje nett veit kva som kjem rundt neste sving. Eit paradoks: Alt går fortare, men kulturen kjem likevel ingen veg, på mange vis. Og det er vanskeleg å finne gode rettleiarar, fordi desse spring ut av gode fellesskap og kulturar, som naturlegvis er under press.  Og trass alt er det noko sant og naudsynt som utarbeider seg. "Krisis" er gresk og tyder "skjelning" eller "avgjerd". Det store spørsmålet er på mange vis kva som er den vise vegen i ein slik situasjon. Ingen alternativ er utan dilemma. Men nokre alternativ er sunnare og meir berekraftige enn andre.  Det er mange grunnar til at det fylgjande biletet kan høve godt i situasjonen.
 LZ - eitt av mine favorittband. Biografien er interessant, på mange vis. No har eg lese Claptons biografi også. Det er eit paradoks her, som er som fylgjer:  - Vi har å gjere med unge menneske. Dei er ikkje spesielt intelligente, ikkje musikalske geni. Dei arbeider dog hardt, og elskar musikk. Dei spelar mykje live og i studio og lærer "the trade" (dog er det tale om populærmusikk, ikkje avansert musikk a la Bach, Mozart, Chopin etc.) Dei syslar med rus og lever vilt. Dei kler seg i freshe og fancy klede og er "der det skjer". Så langt, så vel.  Paradoks: Clapton vart tidleg omtala som "Gud". LZ omtalast om "gods" eller "giants". Det er tale om "magic, wizardry, priests, sacred, religion". Altså: Om live bluesrock-musikk. Og både Clapton og LZ opna villig dørene til det transcendente, på meir enn eitt vis. Altså ikkje nokon tidleg Wittgenstein eller Ayer eller Carnap her.  Andre viktige innspel: Rocken var drive av amerikanis...
 Underleg å bli eldre - observere Bigbang. Dei var dei kulaste musikarane i Noreg for 20 år sidan. Det var hipp musikk, fresht, rått etc. Eg spelar sjølv Bigbang på konsertar no og då. Det slår an til fest. Og no? Bigbang er framleis sympatiske og flinke musikarar. Tekstane er hakket meir mogne, kanskje. Det er dog same opplegget som før; engelske gitardrivne songar i stilen frå 60-talets California. Kanskje dei kjem til å gjere det same om 20 år også - eg mistenker det.  Det tankevekkande for meg, er nok: Stilen til BB er ikkje dårleg. Musikken har kvalitet. Den er berre for snever. Den var kul til fest for ein 20-åring, kul til musikk for sumarferien eller internatskulen. Kul til festival i 20-åra. Men kunne ikkje romme så mykje av livsrøynslene, eller av ein eksistensiell og emosjonell palett, så å seie. Kunne ikkje fylgje eit menneske oppover i år og livsutvikling og perspektivutviding. Det er som Aksels monolog i Verdens verste menneske.  I dag er det pinsedag, vi ta...
Ein fascinerande tanke som kjem med alderen. Tider forandrar seg. I vår tid svært mykje. Mykje er i støypeskeia. Mangt vil bli "lagt på historiens skraphaug", som det heiter. Mangt vil vere aktuelt også om 50, 100, 200, 500 år. Eit liv er kort. Tider forandrar seg. Poenget er at det er verdt å investere tid og krefter og ressursar i "det klassiske". Homer vil bli lese. Platon og Aristoteles like eins. GT og NT, naturlegvis. Augustin og Aquinas. Gregoriansk musikk, Palestrina og Bach og Beethoven. Etc. 
Det er interessant å lese musikkhistorie. Veldig mykje musikk kjenner vi ikkje lenger til, sidan folkemusikk, improvisasjon, arbeidssongar etc., ikkje var mogleg å skrive ned, i lang tid. Litt av dette kjenner vi dog. Og kyrkjemusikk og musikk knytt til "elitane", kjenner vi mykje av, i middelalderen. Eit interessant poeng er kor mykje av vestleg musikk - både i form, harmoni, teori, notasjon etc. - som faktisk har røter i "chant" frå middelalderen - som vidare har røter i bysantinsk musikk, for så vidt. Dette er då parallelt med andre røter som europeisk kultur, tru, lovverk, arkitektur, kunst etc. har bakover i tid. Men få kjenner til det. Og det er også eit spørsmål om kvifor og korleis dette er relevant. Elles tankevekkande at dette også er røtene i vår norske kultur. Til dømes har gregoriansk song fellestrekk med folkemusikk-song, og middelalderballaden spring i mangt ut av europeiske hofftradisjonar i høgmiddelalderen.  Namn er interessante. Det er langt meir ...
 David Flemings Lean Logic er ei livsforandrande bok som eg ikkje blir ferdig med. Eit blueprint for eit "post-karbon" samfunn. Gjennomtenkt, grundig, positivt, omfattande - inspirerande.  Hans avsnitt om sosial kapital er veldig tankevekkande, fordi det er så ekstremt høveleg som kommentar til samfunnet i dag - også bygdene. D. e. sosial kapital er avgjerande for "bygdevekst". Då eg sat på 17. mai-samling, tenkte eg (og sa eg): Denne typen heilskaplege festar, med god tid til samvere, er noko som def. ville fasilitert bygdevekst.  I alle høve, artikkelen om sosial kapital kan lesast her: https://leanlogic.online/glossary/social-capital/ Årsakene til nedgang i sosial kapital i verda i dag, her særskilt den vestlege verda? Dette er det då gjort mykje forskning på. Her er nokre av poenga:  - Økonomisk vekst, full sysselsetting. Tidlegare var her mindre kjøpekraft, meir deltidsstillingar og heimeverande mødre. Endå tidlegare var hushaldet eller garden ein slags arbeids...
17. mai er triveleg, når det er eit gjestfritt miljø, slik det gjerne er i små bygder. Ein blir kjent med nye og det er god stemning. Veldig hyggeleg for meg i dag. Ein tradisjonsrik dag. Ein kan og bør ta han slik, og samstundes er det spenningar under overflaten. På bygda klarer vi stort sett bra å takle desse spenningane. Det offisielle Noreg, så å seie, klarer det ikkje like godt. Ein leiande person i Noreg sa på NRK: "Dette er dagen då vi feirar fridom, demokrati og menneskerettar". Vel og bra, men dersom dette er alt ein seier, så er det også problematisk.  Poenget er at demokrati, fridom, likskap o. l. på eitt nivå er abstrakte verdiar, på eitt anna nivå prosedurale prinsipp, men på eit tredje nivå er det tankar og idear og praksisar som spring ut av og byggjer på mytologi, forteljingar, liturgi, riter, fellesskap, arv, kultur, tradisjon, historie etc. etc. Sagt annleis: Eit demokrati kan ikkje fungere utan djupare rotfesting. Menneskerettar spring ut av djupare tradis...
Djupkultur i Vrådal. Mykje er gløymt. I dag vart eg klar over noko eg ikkje visste - Louis Moe, vrådalsmålaren, teikna ikkje berre halvmakabre dyreteikningar, men også veldig mykje anna - også mykje frå middelalder og norrøn mytologi. Naturlegvis var dette "in" på den tida han levde, men likevel. Veldig interessant, mykje å fundere på. Også interessant å fundere på overgangar mellom gamal folkeleg tenking i Telemark - og kunst hjå SM Sanden. Det er også noko å fundere på. Og elles er Vrådal ein viktig stad for balladetraderinga, som poengtert i boka til O Solberg. Noko å tenke på, ja. 
Ein refleksjon ang. Irenaeus Tweed sin kommentar på hans "Substack" om "The Force" i Star Wars. Hans poeng er at "The Force" ER Anden. Dette har då evangelikale vore skeptiske til å seie, fordi Lucas var inspirert av Campbell og austleg spiritualitet etc. - og kvar er då Kristus i Star Wars? (Ein kunne då spørje: Kvar er Kristus i LOTR? Eller: Kvar er Kristus i verda?)  Det som er tankevekkande når ein les GT, er at "Anden" opptrer på overraskande stader - og er langt meir som "The Force", så å seie. Aktiv ved skapinga, livgjevar til dyr og menneske, kraftgjevar, bodskaps-inspirator etc. I NT skjer ei slags innsnevring, må ein kanskje seie - det er eit interessant poeng om så er tilfelle, eller på kva vis det er det. Kristus blir den som "summerer opp" det som seiast om Anden i GT. Og dei truande får del i Anden via trua og dåpen.  Men Anden har jo ikkje slutta å vere livgjevar i skaparverket heller, og det er samanhengar her ...
 Det var krig i England - det har det vore mange gonger. Men eg siktar til kampen mellom Ethelred og Knut den store - dvs. anglosaksisk konge vs. dansk vikingkonge. Dette er på den tid Noreg er i ferd med å bli kristna av Olav-ane. Knut klarer å erobre størstedelen av England. Han sluttar fred med kyrkja og vinn stønad frå biskopane. Eit politisk grep som var velkjent på denne tida; no fekk han fred og alliansar med andre kristne rike. Men folket hans var naturlegvis "halfway" mellom kristendom og heidendom, slik dei for øvrig hadde vore i fleire hundre år, i varierande grad. Biskopane forbaud heidenske praksisar.  Dette er interessant. Ferguson meiner at praksisane som vert forbode, peikar mot at folkeleg heidenskap var sjamanisme og animisme, meir enn "klassisk" tru på mytologi, æser, jotnar, slektstavler etc. Eg er ikkje så sikker på det. Men den klassiske problemstillinga som går gjennom heile vikingtida, oppstår i alle høve her: Korleis gå i rette med det destr...
Claptons biografi. Han levde eit veldig vilt liv. Fullt av stoff og alkohol. Sex, drugs and rocknroll. Det var ofte veldig gøy, seier han. Ja, mykje sosialt, mykje musikk. Ikkje alltid like gøy for folk rundt han, for å seie det mildt. Og det var mykje "fylle-gøy". Dette erkjenner han også. Og naturlegvis er det masse depresjon, kroppsskader, elende, og etter kvart går det fullstendig gale. Han klarte til slutt å snu skuta, ved å leggjast inn på klinikk for avhengige, og ved å vende seg til Gud og delta i AA-grupper. Dette skriv han veldig interessant og innsiktsfullt om. I det heile veldig tankevekkande at Clapton er så ærleg i biografien sin. Det han skriv om "forløysinga", er verkeleg veldig interessant.  Ein tankevekkande biografi er det på mange vis. Musikken har vore frå hjarta, seier han, og det er mi styrke. Det er heilt sant. Og Clapton har arbeidd hardt med musikerkarrieren sin. Claptons musikk har spela ei stor rolle også i mitt liv. Han har sett etter de...
N Boulangers tips? Arbeide grundig med basiskunnskap i musikken. FULL konsentrasjon om det ein driv med. Arbeide grundig med kontrapunkt, byrje med to stemmer. Lytte nøye til intervall, smake på ulike av dei. Erkjenne det mystiske element i musikken. Stadig bli betre, sikte mot excellence. Boulanger var også pedagogisk. Kom det elevar med lite kunnskap, sa ho: "Byrje på byrjinga, og arbeid grundig med det." Kom det kunnskapsrike og dyktige elevar, gav ho jernet og utfordra dei verkeleg. "Du kan det stykket frå Bachs veltempererte klaver, seier du? Spel det for meg i ein annan dur, her og no." Dei som ikkje var motiverte, rosa ho, og takka. Dei som var sterkt motiverte, var ho hardare med, og heldt attende ros.  Det blir spennande å lese meir om og av henne. Ein av dei mest anerkjente musikalske lærarane i moderne tid. Og under overflaten var sterke livsrøynsler og framfor alt ein sterk, katolsk spiritualitet. 

Orthodox Christian Chant at the Coronation (Psalm 71)

Image
Image
 Det avgjerande spørsmålet for vår kultur, og for vestleg kultur som sådan, er kven Kristus er. Alle andre små og store diskusjonar stiller seg i bakgrunnen i høve til dette spørsmålet. Nietzsche hadde på dette punktet meir rett enn dei fleste forstod. Og for den som fylgjer med, kan ein sjå at det er dette spørsmålet som på mange vis er den primære aksen som vår kultur dreier seg rundt. Dette er dog vanskeleg å vinne gehør for i dag, fordi liberal ideologi tenkast å operere i eit "nøytralt rom", sjå Rawls, Political Liberalism. Her tek denne ideologien feil, og dette har naturlegvis å gjere med at grunnideane i denne ideologien er delar av ein breiare visjon frå middelalderen av (som også hadde sine indre og ytre utfordringar med hhv. konsistens og kunnskap etc. utanfrå).  Eg seier då "kven Kristus er", og det meiner eg. Samstundes er saka at store delar av kulturen er bygd opp rundt dette spørsmålet - anten i positiv form, i tilpassa form - så å seie, eller i oppo...
Å søkje gledene frå sin barndom, kan vere sunt. Ofte er det godt å ha gleder i vaksen alder som hadde sine fyrste utspring i barndom. Apropos dette så kan ein tenke på ordet "game", relatert til vallemålets "gaman". Gøy, gle seg. Eller "spel", som kan tyde mange relaterte ting: Musikk, dans, drama, leik, spel. Nokre yrke er "spel" - til dømes skodespelar, spele musikk. "Play" er noko anna enn arbeid, og er relatert til rekreasjon eller pleie.  I dagens kultur blir sentrum eller kjernen på mange vis tømt for djupt innhald. Dermed er det mange som søker anten i fortida (nostalgi), i andre kulturar (manga, anime etc.), i ulike typar av "cos-play"(!) eller "larp" (role-playing) el. l., i "gaming" (gaman!) etc. På mange vis skulle livet vere eit slags spel ("store spel"), eller i alle fall ha sterke element av spel. All work and no play etc.  Men noko kan vere på spel. Noko må vere på spel. 
 Ei framifrå bok om kristninga av Noreg, er F Birkelis "Norge møter kristendomen". Nokre takeaways frå den fyrste delen: Kristninga av Noreg skjedde svært tidleg, allereie frå 400-talet og framover. Men på komplekst vis, der ein må tenke seg om. Ofte er det tale om tradisjonar som påverkast på synkretistisk vis. Til dømes bautasteinar som blir til gravsteinar med runeinnskrifter, eller etablering av kultstader/tempel etc. Eller: Tankar om Odin som heng frå treet, eller den gode og vakre Balder som uskuldig blir ofra av Loke (--> Lucifer(?)) Ein del av dette er spekulativt, andre ting ikkje så mykje. At mange nordmenn før sjølve grunnkristninga av Noreg aksepterte Kristus som "ein del av pantheonet", er klart nok.  Eit anna interessant poeng er at Harald Hårfagre moglegvis var oppkalla etter sin oldefar Harald Klak, som var ein av dei fyrste vikinghovdingane som tydeleg lot seg døype. Harald H var i fylgje Snorre ein tydeleg tilbedar av "Skaparen av himmel og...
- Taking stock: Kva var poenget med 90-talskulturen? Det var det eg spurte meg sjølv om då eg starta opp eit konsertprosjekt. Eg visste at det var energi der, noko eg hadde, noko eg lika. Samstundes hadde eg ein rasjonell tanke om at det ikkje var djup verdi i denne musikken. Det var 90-talet, trass alt - fargar, handel, liberalisme, og samstundes tradisjon og kyrkjelegheit og struktur som heldt stand ein periode til. På mange vis ein god miks i vesten, eller kanskje ikkje. Dette er dilemmaet, paradokset, gåta, eg syslar med.  90-talet framviser på mange vis spenningane og paradoksa i sjølve musikken. Det var eit konglomerat av stilar og artistar og tema. Hiphop, rnb, europop, britpop, grunge, black metal, folk og mykje anna. Det var på mange vis ei tid for glede og rus og emosjonar og fargar, men her var ein veldig mørk "underbelly". Mange av "heltane" frå rocken i denne tida er no døde, mange klarte seg etter mykje livsstrid.  90-talsmusikken var sterk på visse em...

Vikingtid

 Vikingar er "in". Jamvel Haaland kallar seg "viking". Det er vikingdag i Kviteseid. Eg skal ha vikingkonsert. Eg har gjort research, innan musikkhistorie og generell historie. Nokre takeaways.  - Vikingtida er essensielt sett ein heilag krig, utløyst av det frankiske riket under Karl den store, i møte med saksarar og skandinavar. Samstundes var dette ei tid for "religiøs ekspansjon" også hjå muslimar. I kjernen av vikingtida var - og er - spenninga mellom "krossen og hamaren", Kristus og Tor. Men ved nærare augesyn er denne konfrontasjonen full av interessante og komplekse møte og brytningar. I arkitekturen kjem det klårt fram i stavkyrkjene, som kombinerer krusifiks og Sigurd Fåvnesbane og Urnesstil og mykje anna. I viser og balladar er det like eins, som i Draumkvedet. I Snorres forteljingar like eins. ETC.  Når dette er sagt, trur eg vi kan pinpointe også eit særleg felt som var - og er - i kjernen. Eigentleg er det mange svært interessante t...