Posts

Showing posts from June, 2024

Spreidde tankar

- Det var leir for konfirmantane. Veldig god stemning og godt fellesskap blant Vest-T konfirmantane. Det var tankevekkande. Det er viktig for konfirmantar å fylgjast opp av trygge vaksne, som stadig kjem og snakkar med dei, er i nærleiken, spør "går det bra?" etc.  Det var underhaldningskveld. Ein ung kar frå Seljord gjekk opp på scena åleine. Musikken på anlegget starta. Det var "Geitebonde frå Vinje". Full og heftig allsong med 200 konfirmantar, roping og hoiing og trampeklapp. Neste band: konfirmantar + vaksenleiarar som framførte "Odelsguten". Kjempestemning. Og det var ein frå Lårdal som song "What are words", og heile salen tente mobilane og veiva dei fram og attende.  Det var tankevekkande, det var noko unikt som vart skapt på denne leiren. Eg tenkte på korleis desse skulle kunne møtast att etter leiren, slik dei også ynskte. Og elles tenkte eg Snorre, som skriv om kongar og hovdingar at dei var sterke og flinke i alle slags sportar. Ein k...
- Takk for kommentarar, som eg har lese. Mykje å fundere på. Ringdrotten på nynorsk, eg leverte boka i dag, men det er ikkje dumt å lese. Han brukar interessant språk som eg trur kan vere fornyande å lese, ja. No les eg LOTR på engelsk i fyrste omgang. Det er eit interessant språk omsetjaren brukar. Han har røter i Tokke (Eivind Groven).