Ei framifrå bok om kristninga av Noreg, er F Birkelis "Norge møter kristendomen". Nokre takeaways frå den fyrste delen: Kristninga av Noreg skjedde svært tidleg, allereie frå 400-talet og framover. Men på komplekst vis, der ein må tenke seg om. Ofte er det tale om tradisjonar som påverkast på synkretistisk vis. Til dømes bautasteinar som blir til gravsteinar med runeinnskrifter, eller etablering av kultstader/tempel etc. Eller: Tankar om Odin som heng frå treet, eller den gode og vakre Balder som uskuldig blir ofra av Loke (--> Lucifer(?)) Ein del av dette er spekulativt, andre ting ikkje så mykje. At mange nordmenn før sjølve grunnkristninga av Noreg aksepterte Kristus som "ein del av pantheonet", er klart nok.
Eit anna interessant poeng er at Harald Hårfagre moglegvis var oppkalla etter sin oldefar Harald Klak, som var ein av dei fyrste vikinghovdingane som tydeleg lot seg døype. Harald H var i fylgje Snorre ein tydeleg tilbedar av "Skaparen av himmel og jord", og var påverka av nasirear-spiritualitet frå Det gamle testamentet. Dette hindra han ikkje i å vere ein svært brutal valdsmann - han var på mange vis lik gamaltestamentlege kongar. I det heile teke var dette ei tid då det var få grenser mellom det sekulære og det sakrale, så å seie. Sagt annleis: Det sekulære var "Guds tid og Guds verd", det fanst ikkje noko sekulært i moderne forstand.
Tankevekkande er det å lese om Håkon Jarl, den siste verkeleg heidenske kongen, ein meisterleg strateg og staut viking. Han vinn slaget ved Hjørungavåg ved å påkalle sin valkyrie og skytsengel for ætta; ho pålegg Håkon å ofre sin sju år gamle son Erling. Dette gjer Tormod Kark. Deretter grip valkyrien inn og gjer at Håkon etter sigande vinn slaget. Dette er på mange vis materien som "Midgardsblot" no går inn i. Spennande - og også på mange vis forståeleg, sjølv om ein kan diskutere visdomen i det.
Ein konklusjon her er at vikingtida var ei valdsam brytningstid på mange område. Men meir enn dette er det underkjent kor mykje kultur- og religionsutveksling som faktisk hadde funne stad over lang tid, både før og under vikingtida. Noko har å gjere med at dersom ein vil kjenne att europeisk kristen kulturell påverknad på nord-områda, så må ein vite noko om kva denne kulturen faktisk var. Men denne kulturen var svært annleis moderne liberal kultur. Det er med andre ord tale om fleire kulturelle aksar på same vis her, så å seie.
Comments
Post a Comment