Det avgjerande spørsmålet for vår kultur, og for vestleg kultur som sådan, er kven Kristus er. Alle andre små og store diskusjonar stiller seg i bakgrunnen i høve til dette spørsmålet. Nietzsche hadde på dette punktet meir rett enn dei fleste forstod. Og for den som fylgjer med, kan ein sjå at det er dette spørsmålet som på mange vis er den primære aksen som vår kultur dreier seg rundt. Dette er dog vanskeleg å vinne gehør for i dag, fordi liberal ideologi tenkast å operere i eit "nøytralt rom", sjå Rawls, Political Liberalism. Her tek denne ideologien feil, og dette har naturlegvis å gjere med at grunnideane i denne ideologien er delar av ein breiare visjon frå middelalderen av (som også hadde sine indre og ytre utfordringar med hhv. konsistens og kunnskap etc. utanfrå). 

Eg seier då "kven Kristus er", og det meiner eg. Samstundes er saka at store delar av kulturen er bygd opp rundt dette spørsmålet - anten i positiv form, i tilpassa form - så å seie, eller i opposisjonell form. Saka blir klar når ein analyserer samfunnet og djupstrukturar, djupføresetnader - og så undersøker historia og ser korleis ting vart som dei vart. "Christ the key", seier kyrkja. Men einkvar som undersøker tematikken, veit at dette kan behandlast som "gjeve" (så i liturgi), eller som "problem" - og då er saka veldig vanskeleg, om eg så skal seie. 

*Mykje* har å gjere med premiss og føresetnader for livet, og korleis desse pregar vår mentalitet, tenking, livsval, skikkar etc. Ein kan og skal gjennomføre historisk og rasjonell undersøking av naturvitskap, historie og anna. Samstundes er dei nemnte premissa veldig undervurderte, i korleis dei formar vår tenking. Eit klassisk vitskapsfilosofisk problem, naturlegvis, behandla Kuhn, Lakatos, Latour og andre. Men premiss pregar også i sterk grad filosofien og dens uttrykk. Kanskje ei viktig fylgje her, er at kyrkja ikkje kan neglisjere skapingsteologi. Eit vintre treng luft, jord, sol, næring, vatn, dyr og mykje anna for å vekse godt. 

Livet er eit "spel av krefter", vert det sagt. Og det er sant. 

Comments

Popular posts from this blog