Underleg å bli eldre - observere Bigbang. Dei var dei kulaste musikarane i Noreg for 20 år sidan. Det var hipp musikk, fresht, rått etc. Eg spelar sjølv Bigbang på konsertar no og då. Det slår an til fest. Og no? Bigbang er framleis sympatiske og flinke musikarar. Tekstane er hakket meir mogne, kanskje. Det er dog same opplegget som før; engelske gitardrivne songar i stilen frå 60-talets California. Kanskje dei kjem til å gjere det same om 20 år også - eg mistenker det. 

Det tankevekkande for meg, er nok: Stilen til BB er ikkje dårleg. Musikken har kvalitet. Den er berre for snever. Den var kul til fest for ein 20-åring, kul til musikk for sumarferien eller internatskulen. Kul til festival i 20-åra. Men kunne ikkje romme så mykje av livsrøynslene, eller av ein eksistensiell og emosjonell palett, så å seie. Kunne ikkje fylgje eit menneske oppover i år og livsutvikling og perspektivutviding. Det er som Aksels monolog i Verdens verste menneske. 

I dag er det pinsedag, vi talar om Anden. Anden som gjev liv, kraft, visdom, syner, ord, frukter, pust, kjærleik, von etc. Skaparverket er eit tempel der Anden bur; Kristus er eit kroppsleg tempel der Anden bur; kyrkjelyden skulle vere eit slikt tempel like eins. Anden har å gjere med liv og rørsle, og her er musikken essensiell. Men kva musikk? Korleis søkje Anden? Er vel avgjerande her, som så ofte, å ha med eit GT-leg perspektiv på Anden. 

Attende til "classics". Vil BB vere klassisk musikk, som blir spela om 50 eller 100 år? Det avhenger, trur eg, ikkje primært av musikken, som på mange vis held høg kvalitet. Meir avhenger det av om dei vågar å gå djupt inn på menneskelege livsrøynsler, evt. djupe tradisjonar som uttrykker ein fylde, og uttrykker dette i tekstar av høg kunstnerisk kvalitet. Vidare! Om musikken blir halde i hevd i eit tradisjonsbunde og "klassisk" fellesskap med kontinuitet. (Bruk av engelsk språk gjer til dømes at musikken av natur blir bunden til nyliberal, global ideologi der USA dominerer - skjønt, slikt har skjedd før i historia, til dømes då Frankrike dominerte kulturen på 1700-talet). 

Eg tenker på Bach, eg funderer. Bach rangerast gjerne som den største klassiske komponisten verda har sett. Dog, innanfor ei vestleg ramme. Og nokre vil seie at Mozart er på linje (det har eg ikkje trua på). Bach såg ikkje på seg sjølv som nokon ekstraordinær mann - han var slett ikkje som Beethoven, som søkte å vere ein helt og eit geni, i tråd med romantiske ideal. Han såg på seg sjølv som ein handverkar som skulle gjere eit best mogleg arbeid til Guds ære. Han arbeidde trufast, og gjekk inn i ei mengd musikalske oppgåver. Skjønt, eg må lese Wolff og Gardiner etter kvart. Bach var også bunde av si samtid, men han syntetiserte musikalske tradisjonar som gjekk føre han, og han stod i ein kristen historisk og liturgisk tradisjon. Dermed scorar han høgt på fleire av kriteria ovanfor. 

Var det dumt å høyre på Bigbang - naturlegvis ikkje. Det er verdi der, på mange vis. Saka er berre at eg kunne høyre på Bach då eg var 20, med stort utbyte, og eg kan gjere det same når eg er snart 40. (Eigentleg: Meir utbyte no enn før). Bigbang er det ikkje nett sameleis med. 

Comments

Popular posts from this blog