N Boulangers tips? Arbeide grundig med basiskunnskap i musikken. FULL konsentrasjon om det ein driv med. Arbeide grundig med kontrapunkt, byrje med to stemmer. Lytte nøye til intervall, smake på ulike av dei. Erkjenne det mystiske element i musikken. Stadig bli betre, sikte mot excellence.

Boulanger var også pedagogisk. Kom det elevar med lite kunnskap, sa ho: "Byrje på byrjinga, og arbeid grundig med det." Kom det kunnskapsrike og dyktige elevar, gav ho jernet og utfordra dei verkeleg. "Du kan det stykket frå Bachs veltempererte klaver, seier du? Spel det for meg i ein annan dur, her og no." Dei som ikkje var motiverte, rosa ho, og takka. Dei som var sterkt motiverte, var ho hardare med, og heldt attende ros. 

Det blir spennande å lese meir om og av henne. Ein av dei mest anerkjente musikalske lærarane i moderne tid. Og under overflaten var sterke livsrøynsler og framfor alt ein sterk, katolsk spiritualitet. 



Comments