Ein refleksjon ang. Irenaeus Tweed sin kommentar på hans "Substack" om "The Force" i Star Wars. Hans poeng er at "The Force" ER Anden. Dette har då evangelikale vore skeptiske til å seie, fordi Lucas var inspirert av Campbell og austleg spiritualitet etc. - og kvar er då Kristus i Star Wars? (Ein kunne då spørje: Kvar er Kristus i LOTR? Eller: Kvar er Kristus i verda?) 

Det som er tankevekkande når ein les GT, er at "Anden" opptrer på overraskande stader - og er langt meir som "The Force", så å seie. Aktiv ved skapinga, livgjevar til dyr og menneske, kraftgjevar, bodskaps-inspirator etc. I NT skjer ei slags innsnevring, må ein kanskje seie - det er eit interessant poeng om så er tilfelle, eller på kva vis det er det. Kristus blir den som "summerer opp" det som seiast om Anden i GT. Og dei truande får del i Anden via trua og dåpen. 

Men Anden har jo ikkje slutta å vere livgjevar i skaparverket heller, og det er samanhengar her mellom fyrste og andre trusartikkel som er vitale for kyrkje og samfunn i dag. Her i dag var poenget mitt at dersom GT blir undervurdert og går tapt, så blir fort kyrkja - og særskilt i protestantisk samanheng - ein andeleg, intellektuell klubb. ("Klubb" var for øvrig eitt av dei fyrste romerske namna på dei kristne :-p)

Det har vorte sagt at tida før Olav var som GT, og tida etter kristninga som NT - og i dette perspektivet gjev dette på mange vis meining. 

Comments

Popular posts from this blog