Dagens refleksjon. Det er underleg at naturen fylgjer sin rytme, år for år. Nokre endringar er det frå år til år, nye artar kjem, til dømes, og det er variasjonar i regn, temperatur etc. Men artar og prosessar fylgjer sine kalendrar. No er det blåbær i skogen, og i dag smaka eg mi fyrste molte. Tidleg ute. Soppane har allereie ei god stund vokse rundt omkring der det er skugge og fuktig. Raude tistlar vaks plutseleg opp langs vegane i hopetal. Sumaren er allereie på hell. Dagane vert kortare. Det er så mykje å utforske, og det opplevast som veldig meiningsfullt og godt å gjere det også. Også underleg å vandre i skogen, på leit etter hjort og elg, førebels utan våpen. Eg fann ingen denne gongen, men eg veit kvar dei held seg. Og eg fann ei mengd med stigar. Ikkje berre for desse dyra, men også for maur. Dyra har sine nettverk av stigar ute i skogen, stundom på tvers av menneskestigar, men ofte berre nokre titals meter unna, ganske parallelt med våre stigar, gjerne dekt av skog. Sti...
Posts
Showing posts from July, 2023
- Get link
- X
- Other Apps
Dagens refleksjon. - Ikkje så mange interessante tekstar i dagens popmusikk-Noreg, men det finst unnatak. Ein tekst må ha ein bodskap. Energi. Nerve. Oftast treng ein tekst å springe ut av ein stad - identitet, forteljing, tradisjon, tru, kultur, situasjon. Når dette manglar, blir det fort lite. "Då har du røta du ikkji må fløta Må kji lure deg sjøl Det går ein veg mellom fortid og framtid Ikkji heft deg med møl." - Å dikte godt er å gjere seg sjølv sårbar også. Å seie noko ærleg om røyndomen, inkludert seg sjølv. Det er det ein stundom må kaste i potten, om ein vil vinne noko. Det kan også føresetje å vere ein del av eit fellesskap og ein kultur som også er ærleg. - Poesi er i det heile noko veldig mystisk, di meir ein tenker på det. Poesi er å skape noko, samstundes som ein spring ut av noko. Det er som å forme noko av leire. Språk er på mangfaldig og komplekst vis i kontakt med kropp, lyd, rytme, tradisjon, historie, røyndom, mystikk etc. Poetisk språk skaper ein situasj...
- Get link
- X
- Other Apps
Litt om nokre av bøkene eg les om dagen. Veldig tankevekkande å lese "Eit år på Haugo". Det er ei veldig god bok som skildrar alt som skjer på garden, og i storfamilien, i løpet av eit år, 1945. Det er sjølvberging, mangesysleri, arbeidsdeling, naturalhushald. Det er også tradisjonar som overførast, innan handverk, arbeidsmetodar, samveremåtar, dyrehald og mykje anna - inkludert tru og liv. Det er opplagt at eit liv langs desse liner er både krevjande og sunt og meiningsfullt. (Sjølv om denne familien nok var flinkare enn dei fleste på desse tinga). Det er både interessant og spennande å lese om desse tinga, og nettopp desse kjenslene er eit sunt signal, ein peikar. Ei veldig god bok er det, fordi ho både er lærerik og lokal. Eitt stort spørsmål er om samfunnet kjem til å bli organisert langs slike liner på sikt, når t. d. olje tek slutt. Eit anna er om det er "metafysisk/eksistensielt/spirituelt" rett og sunt og godt å sikte mot eit slikt liv i alle høve. Wickham...