Å søkje gledene frå sin barndom, kan vere sunt. Ofte er det godt å ha gleder i vaksen alder som hadde sine fyrste utspring i barndom. Apropos dette så kan ein tenke på ordet "game", relatert til vallemålets "gaman". Gøy, gle seg. Eller "spel", som kan tyde mange relaterte ting: Musikk, dans, drama, leik, spel. Nokre yrke er "spel" - til dømes skodespelar, spele musikk. "Play" er noko anna enn arbeid, og er relatert til rekreasjon eller pleie. 

I dagens kultur blir sentrum eller kjernen på mange vis tømt for djupt innhald. Dermed er det mange som søker anten i fortida (nostalgi), i andre kulturar (manga, anime etc.), i ulike typar av "cos-play"(!) eller "larp" (role-playing) el. l., i "gaming" (gaman!) etc. På mange vis skulle livet vere eit slags spel ("store spel"), eller i alle fall ha sterke element av spel. All work and no play etc. 

Men noko kan vere på spel. Noko må vere på spel. 

Comments

Popular posts from this blog