17. mai er triveleg, når det er eit gjestfritt miljø, slik det gjerne er i små bygder. Ein blir kjent med nye og det er god stemning. Veldig hyggeleg for meg i dag.
Ein tradisjonsrik dag. Ein kan og bør ta han slik, og samstundes er det spenningar under overflaten. På bygda klarer vi stort sett bra å takle desse spenningane. Det offisielle Noreg, så å seie, klarer det ikkje like godt. Ein leiande person i Noreg sa på NRK: "Dette er dagen då vi feirar fridom, demokrati og menneskerettar". Vel og bra, men dersom dette er alt ein seier, så er det også problematisk.
Poenget er at demokrati, fridom, likskap o. l. på eitt nivå er abstrakte verdiar, på eitt anna nivå prosedurale prinsipp, men på eit tredje nivå er det tankar og idear og praksisar som spring ut av og byggjer på mytologi, forteljingar, liturgi, riter, fellesskap, arv, kultur, tradisjon, historie etc. etc.
Sagt annleis: Eit demokrati kan ikkje fungere utan djupare rotfesting. Menneskerettar spring ut av djupare tradisjonar og får si meining og si kraft frå desse. Fridom kan ikkje vere "total", fordi røyndomen ikkje fungerer på denne måten.
Det "positive potensialet" i dette, er at livet er meint til å vere fylt av sunn og kreativ og andeleg og fruktbar kultur og praksis. Vidare: At livet er meint til å "spele på lag" med natur og røyndom. Men "spel"-metaforen er høveleg, for i eit spel er det ein kombinasjon av reglar eller rammer - og fridom til konkurranse og gøy og sosialt og premiering innan desse rammene. (Eit spel utan reglar og rammer fungerer ikkje - slik er det også i livet).
Comments
Post a Comment