Posts

Showing posts from April, 2024
Image
Eg arbeider med Tolkien. Tolkiens prosjekt var å lage ein mytologi for England, basert på reelle historiske og mytologiske og språklege kjelder frå særskilt tidleg middelalder. Det er veldig mykje å seie om dette, for Tolkien fordøyde enorme mengder materiale og bygde det inn i sine arbeid. Det er svært eigedomeleg at såpass mange vil ha Tolkien på si side. Både moderne heidningar, fascistar, multikulturalistar (til dels), katolikkar, gen z, liberalistar etc. Dei kan vektleggje ulike sider av legendariet - og alle har "rett".  Men til saka. Spørsmålet eg stiller meg sjølv, er: Tolkien inkorporerer suksessfullt førkristen spiritualitet, røyndomsforståing, mytologi, estetikk etc. i LOTR. Han "helgar" alt dette. Dvs. at du finn ikkje blot av menneske til Odin i LOTR (som ved Uppsala), men du finn Gandalf som trollmann, magiker, engel, og han er tydeleg påverka av Odin-figuren. Odin, på si side, er mykje mogleg påverka av jødisk og kristent tankegods, men dette er omdis...