Dagens lesing - vikingar i Russland. Svært interessant og for det meste ukjent. Eg spør meg sjølv om kvifor eg aldri lærte om dette på skulen. Veldig tankevekkande. Mykje har å gjere med at "vikingmentaliteten" låg såpass nært opp til nasjonalsosialistisk tankegang. Likevel. Svenske vikingar dreiv med handel nedover elvane i noverande Russland, heilt frå i alle fall 6-700-talet. Dei var også svært brutale og krigerske. Deira kamp for å halde handelsruta til Konstantinopel open, medførte krigføring mot stammene langs elvene. Desse kampane låg til grunn for danninga av "Rus"-riket i Kiev. Rus-vikingane gjekk til åtak på Konstantinopel mange gonger, og fekk som resultat svært gode handelsavtalar og mengder med sylv med seg attende. At Rus-soldatar med norrøn bakgrunn også var livgarde for bysantinske keisarar på 1000-talet, var ukjent for meg. Dei norrøne grupperingane i slaviske område vart etter kvart kristna, og også assimilert til slavisk kultur. Dei norrøne sol...
Posts
Showing posts from June, 2023
- Get link
- X
- Other Apps
Nokre tørre tankar i dag. Revolusjonen som går over den vestlege verda om dagen, har ikkje eigentleg primært å gjere med seksuelt mangfald, men med større og djupare problemstillingar knytt til "livsfilosofi", "naturfilosofi", "teologisk filosofi" - og metafysikk. Utviklinga i dag har logiske røter i vår forhistorie, bakover i tid (frå antikk til middelalderens rike og pavedøme til reformasjonen til opplysningstida til verdskrigane etc). (Sjå Charles Taylor eller Palmer, Colton, Kramer). Logikken i liberal ideologi, er at individet sine rettar, røynsler etc. har forrang framfor tradisjon, kultur, natur, tru, autoritet, fellesskap, historie etc. Slik skal ein unngå undertrykking, og oppnå fridom for individet. Dette er på mange vis ein verdi med røter i antikken og middelalderen. Verdien vart naturlegvis sterkt framheva (og omforma) i opplysningstida. Og noko nytt skjer når verdien gjerast til ideologi, og blir dominerande. Oppgjeret med arven frå middela...
- Get link
- X
- Other Apps
Dagens tanke er at det forbløffar meg kor ukjent "dark ages" eigentleg er, for oss nordmenn. Frå 400 til 1000 i Europa. Middelalderens Europa er naturlegvis ikkje spesielt kjent i vår norske kultur, men tidleg middelalder er ukjent i særleg grad. Noko av dette har å gjere med at denne perioden i Noreg, pre 793, har få historiske kjelder etter seg. Dog ganske mange levningar av ulike slag. (Jfr. boka Ancient Scandinavia). Og i det heile påverkar kulturar kvarandre, slik at omkringliggjande historie og kultur kastar ljos over det same hjå oss. Vi er også produkt av vår fortid, på langt meir komplekst vis enn det som ofte er erkjent. (Som når eg les musikkhistorie, og ser den komplekse bakgrunnen for vår notasjon og våre skalaar - alt saman spring primært ut av gregoriansk song, som igjen har røter i bysantinsk messing, som igjen har røter i den greske antikken etc.) Dagens tanke er også at kreativitet og skaparevne er ein ibuande del av å vere menneske. Eg hadde ikkje nett tenk...
- Get link
- X
- Other Apps
Ruiseminar. Eg tok utgangspunkt i pavens uttale om at vi treng ein "global conversion". Omvending - å snu retning, å skifte livsstil, så å seie. Men også: Nytt hjarte, ny ånd, nye kjenslereaksjonar, ny rasjonalitet. Omvending. Så kristen vekkingsforkynning kan faktisk knytast til naturkrisa - paven gjer det, jamvel. Det opnar opp nokon interessante og heilt uventa tankebanar, så å seie. Nokon sa: Unge menneske vart oppfostra på nyliberalisme. Og tenker i nyliberale banar. Som er "spot on". Unge menneske må selje seg sjølv, tenker "effektivitet", jaktar konsum, er individualistiske, teknologioptimistiske og isolerte. Dilemma er at politikarar ynskjer dette samfunnet, og at mange i kyrkja - med våre tradisjonar - ikkje ser vesentlege problem med det. Eller: Ein kan sjå problema, men ikkje ha noko godt svar på kva som er alternativet. Eller: Ein kan sjå problema, tenke på eit alternativ, men mangle kraft til å stå imot "the neoliberal juggernaut". ...
- Get link
- X
- Other Apps
Er eit "karbonnøytralt" samfunn (vi kunne føye til: Eit samfunn som bevarer artsmangfald og natur) kompatibelt med at samfunnet er grunnleggjande industrielt? (D. e. at ein driv masseproduksjon, global transport av varer, nører til konsum etc.?) Eg spurte ChatGPT. Svaret? "Det er ganske utfordrande, men, ja, det er mogleg. Ein må balansere mellom økonomisk framgang og reduksjon av CO2. Dette kan ein oppnå ved: - Reine teknologiar, som held industrien i gang utan utslepp. - Bruke fornybar energi, som solcellepanel og vindturbinar. - Karbonfangst kan sikre sementproduksjon, til dømes, ikkje slepp ut CO2. - Gjenbruk og gjenvinning i industriell produksjon. - Samarbeid mellom forskarar, industri og politikarar. - Lovverk som regulerer industrien, til dømes ved å subsidiere rein teknologi og innføre karbonskatt. - Gje kundar preferansar for varer som ikkje slepp ut CO2 i sin produksjon." Som å høyre dagens politikarar, dette. Men, på dette områ...