Claptons biografi. Han levde eit veldig vilt liv. Fullt av stoff og alkohol. Sex, drugs and rocknroll. Det var ofte veldig gøy, seier han. Ja, mykje sosialt, mykje musikk. Ikkje alltid like gøy for folk rundt han, for å seie det mildt. Og det var mykje "fylle-gøy". Dette erkjenner han også. Og naturlegvis er det masse depresjon, kroppsskader, elende, og etter kvart går det fullstendig gale. Han klarte til slutt å snu skuta, ved å leggjast inn på klinikk for avhengige, og ved å vende seg til Gud og delta i AA-grupper. Dette skriv han veldig interessant og innsiktsfullt om. I det heile veldig tankevekkande at Clapton er så ærleg i biografien sin. Det han skriv om "forløysinga", er verkeleg veldig interessant.
Ein tankevekkande biografi er det på mange vis. Musikken har vore frå hjarta, seier han, og det er mi styrke. Det er heilt sant. Og Clapton har arbeidd hardt med musikerkarrieren sin. Claptons musikk har spela ei stor rolle også i mitt liv. Han har sett etter det som tala til hjarta og kropp og kjensler - og hovud. Det vart bluesen, og her er det "ekte liv", på mange vis. Men Clapton har vore innom mange genrar, og laga mykje god musikk. Han har elles måtte "hone" sin "craft", også ved å lære å lage songar. Og naturlegvis ved å øve intenst. "Tears in heaven" skreiv han primært til seg sjølv, som trøyst. Han hadde ikkje tenkt å gje ut songen.
Clapton seier elles mange gonger i boka: Gitaren og musikken redda meg, gav meg meining, heldt meg i live. "Treat music as if your life depended on it. Because it probably does."
Elles tankevekkande å lese om musikarane. Dei var dyktige. Men, ikkje SÅ dyktige. Heller var det at dei stod i tradisjonar, og var "på rett stad til rett tid", og gjekk inn i si samtid, så å seie. Dei våga også å vere kreative, og å køyre på. Dei vart såleis ikon for generasjonar, så å seie. D. e. i "the age of authenticity", som Taylor skriv om. D. e. dei vart på mange vis "God", som det seiast om Clapton. Dei vart mystikarar, profetar, apostlar. Og musikken vart drive av kapitalistiske prosessar også. Å lese ein slik biografi er såleis også på nokre vis "demytologiserande." Clapton har vore ein svært god artist, på mange vis. Men - "only human".
Comments
Post a Comment