David Flemings Lean Logic er ei livsforandrande bok som eg ikkje blir ferdig med. Eit blueprint for eit "post-karbon" samfunn. Gjennomtenkt, grundig, positivt, omfattande - inspirerande. 

Hans avsnitt om sosial kapital er veldig tankevekkande, fordi det er så ekstremt høveleg som kommentar til samfunnet i dag - også bygdene. D. e. sosial kapital er avgjerande for "bygdevekst". Då eg sat på 17. mai-samling, tenkte eg (og sa eg): Denne typen heilskaplege festar, med god tid til samvere, er noko som def. ville fasilitert bygdevekst. 

I alle høve, artikkelen om sosial kapital kan lesast her:

https://leanlogic.online/glossary/social-capital/

Årsakene til nedgang i sosial kapital i verda i dag, her særskilt den vestlege verda? Dette er det då gjort mykje forskning på. Her er nokre av poenga: 

- Økonomisk vekst, full sysselsetting. Tidlegare var her mindre kjøpekraft, meir deltidsstillingar og heimeverande mødre. Endå tidlegare var hushaldet eller garden ein slags arbeidsplass i seg sjølv, med fleire menneske involverte. 

- Sosial akselerasjon, større hastighet, meir reiseavstand, sentralisering, pendling. (Sjå Hartmut Rosa). 

- Idealisering av teknologi, med underliggjande premiss om at auke i effektivitet er godt. (Sjå Jaques Ellul m. f.)

- Her må framfor alt nemnast sosiale medier, TV etc., som er styrt av marknadskrefter. (Sjå særleg Robert Putnam).

- Skular som ikkje i like stor grad som før prioriterer kristendom, musikk, kultur, filosofi, matlaging, drama, sport. (Mykje godt i norsk skule, men også mykje som har hatt sterk nedgang). 

- Bilkøyring; når ein køyrer bil, kjem ein nær folk, men er likevel ikkje i kontakt. Når ein vandrar, kjem ein i kontakt med folk ganske ofte, og har tid til å stanse. (Sjå Morris Berman "Car Culture).

- Arkitektur i urbane miljø, som ikkje alltid legg til rette for fellesskap. 

- Nedgang i personlege handverk. Handverk er personlege og tradisjonsbundne og ofte jordbundne. Dei spring ut av "band", og skaper "band". Men dei er tidkrevjande, interessekrevjande, og ofte knytt til stabile fellesskap. 

- Industrialisering av matlaging og gardar; banda til lokale gardar, til dyr, til jord, til gardsarbeid, vert borte. (Sjå til dømes James Rebanks). 

- Fleming nemner også "dekadense og infantilisme" i liturgiske gudstenester. D. e. gudstenestene må vere for vaksne, må vere engasjerande. (Eg kunne føye til; kyrkja må også ha rom for måltid, uformelle samlingar, folkekultur, festivalar etc.)

- Multikulturalisme; etnisk mangfald utan tydelege kristelege band, skaper "separate grupper" som ofte definerer seg sjølv på bakgrunn av nettopp rase, eller også på bakgrunn av religiøse retningar. (Eit brennbart og vanskeleg tema som ikkje kjem til å bli borte). 


Dette er naturlegvis "problemfaktorar". Ein kan snu om, og seie at det motsette her, er ting som fasiliterer, og utgjer, sosial kapital. På mange vis er lista ovanfor også ei skildring av sentrale trekk ved modernitet. Mange av konsekvensene ovanfor er villa, andre er ein likesæl til, atter andre er uføresette. Ein del trekk kunne vore føyd til lista, frå dei seinare åra (sosiale medier og smarttlf., oppløysing av kjønnsroller og stabile familiemønster mm.) I det heile er her spenningar. Liberal ideologi har ofte sagt, eller hatt som premiss, at vi *kan* få i pose og sekk. Vi *kan* gjennomføre endringar ovanfor, og vi *kan* ha det som før, leve som før etc. Men, det er ofte slik at "the rules don't apply", for å sitere ein boktittel om tematikken. I alle høve er det eit spørsmål om korleis ein lever i samtida, så å seie. 

Comments

Popular posts from this blog