LZ - eitt av mine favorittband. Biografien er interessant, på mange vis. No har eg lese Claptons biografi også. Det er eit paradoks her, som er som fylgjer:
- Vi har å gjere med unge menneske. Dei er ikkje spesielt intelligente, ikkje musikalske geni. Dei arbeider dog hardt, og elskar musikk. Dei spelar mykje live og i studio og lærer "the trade" (dog er det tale om populærmusikk, ikkje avansert musikk a la Bach, Mozart, Chopin etc.) Dei syslar med rus og lever vilt. Dei kler seg i freshe og fancy klede og er "der det skjer". Så langt, så vel.
Paradoks: Clapton vart tidleg omtala som "Gud". LZ omtalast om "gods" eller "giants". Det er tale om "magic, wizardry, priests, sacred, religion". Altså: Om live bluesrock-musikk. Og både Clapton og LZ opna villig dørene til det transcendente, på meir enn eitt vis. Altså ikkje nokon tidleg Wittgenstein eller Ayer eller Carnap her.
Andre viktige innspel: Rocken var drive av amerikanisering etter krigen, kapitalisme og konsum, radioprogram og populærmusikk, plateselskap etc. Og av ungdomsopprør, samanbrotet til før- og etterkrigsborgarlegheita. Ein skal naturlegvis ikkje vere for rask med å døme desse tinga; etterkrigskulturen i forstadene og byane i anglo-amerikanske og nord-europeiske land kunne vere "drab, dour, dull", utan fargar, festivalar, former, leik og dans.
Dog, eit paradoks og eit fenomen som det er vel verdt å fundere på. Kan ein og bør ein sameine ortodoks liturgi med ekstatiske fenomen av denne typen? Det er noko å fundere på. Paulus måtte tidleg seie at "Gud er ordens Gud" etc. (1 Kor 14). Og skjønt - syner og visjonar og anna finn ein mykje av i Bibelen og i kristen tradisjon.
Dette er visst utanfor mitt domene. Men, eit viktig spørsmål kan vere: er denne miksen gjort med høviskheit andsynes det andelege? Eller er det som om illusjonen om separasjon har blinda dei frå å ta slike omsyn?Synast elles det er slåande korleis såkalla kristen møteverksemf kan ha store likskapstrekk med stand-up sjangeren (kvar vart det av høviskheita?). Så då utelukkar eg heller ikkje at nokon utanfor den kristne sfæren kan treffe spikaren på hovudet. Verda er stappfull av paradoks. Menneske av god vilje, som er kopla på Kristusmedvitet, finst overalt. Moglegvis også i desse musikkgruppene du nemner? Dvs om det er gode ting dei oppnår gjennom denne musikken sin- (kan sjølvsagt vere det er andre kriterier enn nemnte høviskheit som er avgjerande, eg synest bare den burde vere der dersom ein faktisk transenderer til ein andeleg dimensjon).
ReplyDeleteHelsing Gunhild
ReplyDeleteJa, kva skal ein seie. Det er spørsmålet. Det er i alle fall åpenbart at det finst "ekstatiske" vegar til det guddomelege, som ikkje berre kan avfeiast.
ReplyDeleteNår du nemner ekstase, så minnest eg at dette visstnok skal vere relevant på visse stadier i evolusjonen (som er det motsatte av inkarnasjon, eller «Vegen tilbake til Gud»). Dvs ein kan også erfare ekstase under meditasjon. Men at det er viktig å vere klar over at ekstasen i seg sjølv ikkje er det endelege målet (slik ein kanskje elles kunne tru)-
ReplyDelete