Det er interessant å lese musikkhistorie. Veldig mykje musikk kjenner vi ikkje lenger til, sidan folkemusikk, improvisasjon, arbeidssongar etc., ikkje var mogleg å skrive ned, i lang tid. Litt av dette kjenner vi dog. Og kyrkjemusikk og musikk knytt til "elitane", kjenner vi mykje av, i middelalderen. Eit interessant poeng er kor mykje av vestleg musikk - både i form, harmoni, teori, notasjon etc. - som faktisk har røter i "chant" frå middelalderen - som vidare har røter i bysantinsk musikk, for så vidt. Dette er då parallelt med andre røter som europeisk kultur, tru, lovverk, arkitektur, kunst etc. har bakover i tid. Men få kjenner til det. Og det er også eit spørsmål om kvifor og korleis dette er relevant. Elles tankevekkande at dette også er røtene i vår norske kultur. Til dømes har gregoriansk song fellestrekk med folkemusikk-song, og middelalderballaden spring i mangt ut av europeiske hofftradisjonar i høgmiddelalderen.
Namn er interessante. Det er langt meir meining og mystikk i eit namn enn det som vert tenkt, til vanleg. Men mykje av meininga kjem fram gjennom bruk. Kva er meininga i eit namn? Mangfaldig.
Eit namn kan vere knytt til slekt. I Kviteseid bygdebok står skrive reglane for å kalle opp. Son etter farfar, dotter etter farmor etc. Slik går namn i arv, og slekta vert bunde saman, på godt og vondt. "Olav" er det mest vanlege namnet i Vest-T. Namn er også lagnad, til dels. Namn kan ha ei mystisk tyding som peikar mot kva som vil skje i livet, medvite eller umedvite. Slik var det ofte i Bibelen, til dømes ved profetnamn.
Hallvard - mangfaldig meining. Ein som "vardar" "hallen", i førkristen tid. "Hall" kan vere ein stein, ein heilag stein. Heller er det vel ein samlingsstad, nok ein heilag samlingsstad. Det kan likne på "Eld-bjørg", den som "bergar elden". Så. Ein som verger det heilage, verger forsamlinga.
Men "Hallvard" var også namnet på ein populær helgen i middelalderen, ein som verna og redda den sårbare og uskuldige, like inntil døden. Eit kristeleg motstykke til idealet i vikingtida, der trælar gjerne skulle ofrast ved høgtidelege seremoniar, som buskap.
"Hallvard" - også eit slektsnamn bakover i tida. Ein storbonde som kjøpte og selde gardar. Eller ein ung mann som måtte stri med tap av familiemedlemer, og med psykisk og fysisk sjukdom, og spenningar i ætta.
"Nordbø" - Ei inngjerda innmark, ei eng, som ligg rundt ein gard. Vendt mot nord, slik at sola får skine, og det er gode tilhøve. Der kan sauene beite på bøen, og jord og gras gjev eit grunnlag for resten av livet og næringa på garden.
"Jørgensen" - son av Jørgen. Og "Jørgen" er ei form av "Jürgen" og "Jorge" og "George" og "Yuri". Namnet tyder: "Bonde", eller ein som arbeider med jorda (gr. georgos). Og Georg var den som verna landsbyen mot ein undertrykkande og farleg drage (satan).
Interessant dette du skriv om namn. Eg trur mystikken du nemner langt på veg handlar om arketypar i vårt kollektivt underbevisste. Anten me er medvitne om det eller ikkje, så vert me påverka. På same måte er det også med t.d. stjerneteikna og eventyr/sagn. Ein retning innan vestleg visdomstradisjon, astrologien, handlar jau til dels om dette.
ReplyDeleteHelsing «stridsmøya» Gunhild
Kanskje det; ja, vi står under eit spel av krefter. Gunhild var populært namn i vikingtida, og seinare. Livsens strid.
ReplyDelete