Dagens rant. Ser på masteroppgåva. Då forstår eg meir. Her er veldig mykje akademisk fagtradisjon og fagspråk som søkjer å skape eit inntrykk av intelligens og "ny innsikt", men som ofte er vanskeleg å finne særleg innsikt i. Eg kjenner det att frå fag som eg sjølv har teke. (Særskilt pedagogikk, men dels også samfunnsfag). Det er ein type forskning som nok gjer at forfattarane kjem inn i problemstillingar, både i fag og i det verkelege livet. Slik sett er det nyttig. Dei lærer også noko om forskingsverda etc. Men sjølve "forskninga" og resultata" verkar lite interessante og hjelpsame, og heller ikkje alltid så meiningsfulle. Ein kan seie det sterkare: Dei forkludrar røyndomen. Meir konkret: Kjerkol skriv om korleis ein kan ta i bruk "digitale hjelpemiddel" i heimehjelpa. Det er i utgangspunktet noko eg er skeptisk til, men det er så si sak. Men så skal ein "forstå" denne prosessen ved hjelp av eit lite meiningsfullt, stundom ugjennomtreng...
Posts
Showing posts from January, 2024
- Get link
- X
- Other Apps
Rome - ein refleksjon, og det høvde jo også godt som ein respons til kommentaren. Det er underleg med TV vs. historisk bok. Å lese historisk bok er rått og ekte. Ein får verkeleg kome nært innpå menneske og den dei var. Veldig intelligente og ekte menneske. Inspirerande og stimulerande - og naturlegvis mykje til "åtvaring". Ein tanke: Rammstein er rå og populære. Dei kan mykje. Det er ein ting dei ikkje kan: Vere heilt oppriktige og alvorlege. Dei kjem nær, i sin beste song: Deutschland. Men berre opp til eit punkt. Nazistane blir framstilt, men dels som komiske figurar. Munkar blir framstilt - også dei som fæle og komiske figurar. Men der har du det: Nazistane meinte alvor, det gjorde også munkane. Musikken til Rammstein meiner alvor - her er kraft - men det manglar ting i bodskapen. "Kva vil de med musikken?" Til HBOs Rome. Det er slett ikkje ein dårleg serie. Den prøvar verkeleg å framstille romarriket på ein truverdig måte...og klarer det på mange vis. Særle...
- Get link
- X
- Other Apps
Kjetil hadde slik. Var ganske grei, den. Fint oransje ljos, og små knappar ein kunne bruke til å fininnstille radioen, under eit deksel. Digital klokke var det også på den. Syster mi hadde denne. Masse lyd i denne. Hitachi var knall, det. To kassettar, til og med. Ein kunne kopiere frå ein til ein annan. Equaliser og greier. Men denne hadde eg. Kosta 1000. Denne bruka eg svært mykje. Denne kunne eg då bruke til å ta opp songar frå "Albin" på NRK. Og høyre på kassettar. Herleg tøft design. Lite bass, men kunne spele høgt. Kople til denne cd-spelaren, som eg også elska. Kosta 1700 kroner. Med fjernkontroll. God lyd. Då kunne eg høyre på europop. Berre å sjå på denne vekker minner. Så fekk min bror denne, som var veldig bra også. Stor og tung. Kongebra. Kjempebra lyd, integrert CD. Hitachi var bra. Men så var det Frank som hadde denne. Kosta 6500 kroner (den gongen!!) og hadde cd-vekslar. Heilt max. Eg kunne ikkje fatte at han hadde så bra anlegg....
- Get link
- X
- Other Apps
Våren er på veg. Våren er i mars, april, mai. Men eigentleg byrjar våren mykje tidlegare. Det er herleg å fylgje dei små teikna. No er soloppgangar og solnedgangar særleg vakre. Eit mål for året: Overnatte på fleire fjelltoppar. Det synest som at dyra vaknar meir til liv no også. Eg kunne ha ranta om vår tids samfunnsutvikling, men, ein annan gong. Her er populærkultur eg har elska, i filmmediet. Terminator 2; Aliens; LOTR; Matrix; Dune; Tree of Life; The Wire; Blade Runner (soundtracket :) ); Dune; Jurassic Park. Det er mykje våpen, krig, kamp, styrke, estetikk, intelligens i desse produkta. Og mystikk. Det er underleg med det. Noko kultur frå fortida kan eg fundere på, og tenke som så: "Det hadde vore like greitt om dette aldri hadde vorte laga - kva var poenget?" Noko må eg tenke på slik: "Eg er verkeleg glad for at dette vart skapt! Verda hadde vore annleis om dette ikkje var skapt." Blade runner soundtracket tenker eg slik om. I det heile er det å eksistere ...
- Get link
- X
- Other Apps
Det er enormt mykje å lære av Caesar. Det skal bli grådig spennande å lese den neste biografien - Augustus. Då er ein også heilt inne i nytestamentleg tid. Nokre tankar. - Det er sant, di meir eg ser, at det pågår ein ideologisk strid om kongsmakt mellom Augustus/keisaren og Kristus. Slik er det frå A til Å i Det NT. Dei brukar båe makt, autoritet og vald - men på veldig ulike måtar. Kristus er gjennomgåande revolusjonær - dei lågaste setjast høgt, Israel får sin rett, den høgaste Gud regjerer, makt får gjennomslag ved sjølvoppofring. Likevel er det underleg å tenke: Mønsteret om å gå til slag - be ein gud om hjelp - og så ekspandere politisk makt. Dette mønsteret bruka Caesar. Men dette bruka også Konstantin (kristninga av romerriket) - Klovis (kristninga av frankarane) - Karl den Store (kristninga av saksarar mm) - til dels Olav den heilage. Det store spørsmålet er om dette eigentleg var ei forråding av evangeliet. Mange tyr lett til den konklusjonen i dag. (T. d. Skarsaun...
- Get link
- X
- Other Apps
Patronus/Cliens. Veldig viktig i det antikke Roma. Caesar og senatorane var intenst opptekne av kva dei kunne gjere for andre, kva dei kunne gje til andre. Så kom andre i gjeld til dei. Det vart då forventa at desse røysta på dei, stilte som vitne i rettssaker, hjalp dei til viktige posisjonar, støtta dei i senatet etc. Di meir makt ein hadde, di meir kunne ein gjere vel mot andre som trengte ei teneste, di fleire stod i gjeld til ein. Det gjaldt å ha eit stort nettverk av klientar. Særskilt viktig var det å gjere tenester for, og å ha kontaktar med, dei som stod høgt i statushierarkiet. Jesus tok direkte oppgjer med denne tankegangen i mykje av si forkynning. "Gje utan å vente attende", "Den største skal vere som den minste" etc. Typisk Jesus, må vi seie - typisk på den måten at han var radikal og "sette skåpet på plass" på måtar som kunne "riste i spelebrettet". Om ein kunne byggje sivilisasjon av Jesu ord åleine...? Nei, nok ikkje. Den kristne...