Det var krig i England - det har det vore mange gonger. Men eg siktar til kampen mellom Ethelred og Knut den store - dvs. anglosaksisk konge vs. dansk vikingkonge. Dette er på den tid Noreg er i ferd med å bli kristna av Olav-ane. Knut klarer å erobre størstedelen av England. Han sluttar fred med kyrkja og vinn stønad frå biskopane. Eit politisk grep som var velkjent på denne tida; no fekk han fred og alliansar med andre kristne rike. Men folket hans var naturlegvis "halfway" mellom kristendom og heidendom, slik dei for øvrig hadde vore i fleire hundre år, i varierande grad. Biskopane forbaud heidenske praksisar.
Dette er interessant. Ferguson meiner at praksisane som vert forbode, peikar mot at folkeleg heidenskap var sjamanisme og animisme, meir enn "klassisk" tru på mytologi, æser, jotnar, slektstavler etc. Eg er ikkje så sikker på det. Men den klassiske problemstillinga som går gjennom heile vikingtida, oppstår i alle høve her: Korleis gå i rette med det destruktive og avgudsdyrkande, og likevel halde fast ved det gode? Det som gjer desse problemstillingane så relevante i dag, er at mange av dei heidenske praksisane var såpass sterkt knytt til natur - tre, fossar, dyr, steinar etc. Godt skildra for vår landsdel av F. Birkeli og R. Berge, i deira skriveri om kristninga.
Det er noko viktig her, som naturlegvis kan bli - og vart - ført vidare i "folketru" i ulike former. Opplysningstida gjekk på godt og vondt sterkt imot slik folketru, og prestar stod i spissen for det, her i landet. På godt (ja), og på vondt (ja). Ei problemstilling som Landstad skildrar i sine tekstar om gamalt frå Telemark. Det er verkeleg ei teologisk problemstilling her. Kva vil det seie å "tilbe"? Kva vil det seie at kun Gud skal tilbedast? Det er problemstillinga frå arianisme-striden, og det er på mange vis problemstillinga her. Nikenum var oppteken av å seie at Kristus er "homo-ousios" med Faderen - dette er hans prerogativ, så å seie. (Svært vanskeleg diskusjon). Men då kunne ein seie alle slags "høge" ting om Maria møy og helgenar, for, dei var jo ikkje Skapar, Frelsar, Livgjevar. Dei var ikkje Gud - dog skal vi alle og verda bli guddomeleggjorte, etter ortodoks (og religiøst økumenisk lære).
Kva kan vi og bør vi i dag seie - og "gjere med" - natur utan å falle i avgudsdyrking? Thore Johnsen i nord har arbeidd med desse spørsmåla i norsk kontekst. Det er også mykje å hente i bygdebøker og i skrifter om gamalt folkeliv her i bygdane. Det er svært tankevekkande å lese om møtet mellom heidenskapet og kristendomen. Det er lett å romantisere heidenskapet, men det er det ikkje grunn for heller. Men mykje å lære er det, slik Tolkien også viser med LOTR.
Comments
Post a Comment