Posts

Showing posts from October, 2023
 - Teikn i tida. Mange kjenner på impulsen til å trekke seg attende. Bort frå stress og meiningslause arbeidsoppgåver; sosiale medier og nett; støy og urbanisering; politiske spenningar og feilutviklingar; økonomisk press og høge levekostnader. Trekke seg attende. Eg gjer det sjølv. Mykje sunt ved det. Nærare natur - menneske, tre, planter dyr - der også Gud er. Men skal sivilisasjonen sigle sin eigen sjø? Det er problemstillinga - kva ein gjer, når motkreftene blir såpass sterke - på kva vis ein skal ta vare på si eiga sjel og sin eigen kropp, og på kva vis ein skal gagne røyndomen, gjere Guds vilje. Mange går med slike tankar om dagen. Det er teikn i tida. Viktig å tenke korleis ein kan ha trygt miljø rundt seg, ha trygg tilgang til mat og ly. Retningane vil peike seg ut etter kvart, trur eg.   
Effektivt. Å skape eller gjere noko på grundig vis. Kva er mest effektivt - ljå eller grasklyppar? Grasklyppar? Mon det. Ljå er enkel - eit stykke tre og eit stykke jern. Ljåen må lagast. Til dette trengst kunnskap og reiskapar, men ingenting veldig avansert. Ein må ha tre, kniv, kol, hammar, jern etc. mat for energi. Ein må også ha bryne for å skjerpe ljåen.  Grasklyppar? Ein må ha ei mengd med ulike delar. Råvarer må utvinnast. Dei må sendast over kloden. Dei må brukast til produksjon av delar. Til dette trengst komplekst maskineri, som igjen treng råvarer, delar +++ Produkt må distribuerast. Transporterast. Seljast. For ikkje å tale om heile det enormt komplekse systemet som må til for å produsere bensin. Alle oppgåvene må delegerast til fabrikkar, industri etc. Ein må såleis ha pengar for å betale andre menneske, og maskinar, for å gjere arbeidet. Og nokon må gjere arbeidet.   Kva er mest effektivt, når ein tek alt dette med i rekninga? Ljå klypper paradoksalt nok gra...
Image
Lenge sidan førre oppdatering. Her kjem nokre tankar: Eg høyrer JB Godal på "Drivkraft". Veldig spennande. Han var også ein del av boka Nytt skogbruk. Varmt anbefalt episode. Son av prest. Oppteken av berekraft og rett bruk av skaparverket. Tek det ut m. a. i svært gode bøker om byggjing i tre, og sjølvberging. (Eg les i laftebøkene). Formidlar rike tradisjonar frå grenda. Han seier: Handverk kan berre lærast taktilt, ved "aping". Eg er samd. Men, bøker kan peike på at "her er det noko å lære". I Rauland er der kurs. Eg tenker på kor viktig det er å ha kontakt med menneske som har røter bakover i tid, ikkje berre i hovudet (der og), men også i "heile mennesket". Tradere - traditio. Ape før skape. Det er nokre kimar her til ei veldig anna livsinnstilling enn det eg på mange vis har hatt, og eg blir tankefull.  Godal på NRK HER .