Vikingtid
Vikingar er "in". Jamvel Haaland kallar seg "viking". Det er vikingdag i Kviteseid. Eg skal ha vikingkonsert. Eg har gjort research, innan musikkhistorie og generell historie. Nokre takeaways.
- Vikingtida er essensielt sett ein heilag krig, utløyst av det frankiske riket under Karl den store, i møte med saksarar og skandinavar. Samstundes var dette ei tid for "religiøs ekspansjon" også hjå muslimar. I kjernen av vikingtida var - og er - spenninga mellom "krossen og hamaren", Kristus og Tor. Men ved nærare augesyn er denne konfrontasjonen full av interessante og komplekse møte og brytningar. I arkitekturen kjem det klårt fram i stavkyrkjene, som kombinerer krusifiks og Sigurd Fåvnesbane og Urnesstil og mykje anna. I viser og balladar er det like eins, som i Draumkvedet. I Snorres forteljingar like eins. ETC.
Når dette er sagt, trur eg vi kan pinpointe også eit særleg felt som var - og er - i kjernen. Eigentleg er det mange svært interessante ting i kjernen av kultur- og religionsmøtet. Difor tematiserer "vikingvekkinga i dag" mange djupe felt. Og det er vel og bra. Men attende til temaet: Kjønnsroller. I kjernen av det kanskje aller mest kva det vil seie å vere mann og å leve som ein mann. (Så også i dag, jfr. B Bull-Hansen, popkultur, youtube etc.) Då Island vart kristna, sa vikingane/heidningane: "Kristendomen er veik og kvinneleg." Kristne svara: "Heidenskapet er overtruisk og dumt". Båe har rett, og noko feil, men på komplekst vis.
Elles er vikingvekkinga i vår tid eit humanistisk, liberal, kristeleg farga fenomen. Slik er også "dagens kyrkje" noko ganske anna enn kyrkja i tidleg middelalder, til dømes. (Poengtert ein gong i ei veldig interessant bok skrive av ein anglikansk teolog). Vikingmentaliteten var ofte brutal og valdeleg - slik så mykje var i middelalderen. Men vikingane var i særklasse. "Stronghold of the demons" kallar Tolkien heidenske område på denne tida, og Tolkien visste veldig godt kva han tala om. Men: LOTR er eit stort forsøk på å skrive godt om "det edle i heidenskapet" (jfr. Shippey, Mythology).
I det heile blir det tydeleg for meg at i kulturmøtet mellom heidenskap og kristendom, så er det viktig å føre vidare det som er godt. Ikkje kaste barnet ut med badevatnet, som det heiter. I så måte er "vikingvekkinga" i dag eit godt høve for å ta fram det gode (sterke kjønnsroller, handverk, mytologi og tru og kristning, historie etc.), samstundes som ein bør forkaste det vonde (menneskeofring og brutale valdtekter, blodhemn, utsetjing av born, folkemord etc.).
Nei, eg må seie at vikingtida er utruleg spennande å lese og lære om! Også fordi det kastar ljos over heile den europeiske historia, og over kyrkjehistoria. Ein kan tale om "vikingane", men dei var ikkje isolerte frå omverda, så vikingtida er også ein del av europeisk middelalder.
Til vidare: Ferguson, Vikings; Graham-Campbell, Viking World; Snorre (også i Kvåle Rues framifrå teikna utgåve!); Peturson, Nordic Apocalypse; Steinsland, Norrøn religion; Wickham, Inheritance of Rome og mykje meir.
Comments
Post a Comment