Ein fascinerande tanke som kjem med alderen. Tider forandrar seg. I vår tid svært mykje. Mykje er i støypeskeia. Mangt vil bli "lagt på historiens skraphaug", som det heiter. Mangt vil vere aktuelt også om 50, 100, 200, 500 år. Eit liv er kort. Tider forandrar seg. Poenget er at det er verdt å investere tid og krefter og ressursar i "det klassiske". Homer vil bli lese. Platon og Aristoteles like eins. GT og NT, naturlegvis. Augustin og Aquinas. Gregoriansk musikk, Palestrina og Bach og Beethoven. Etc. 

Comments

  1. Det spørs vel kva for liv du tenker på, kroppens, sjelas eller åndens. Er me ein kropp som har ei sjel som har ei ånd? Eller er me ei ånd som har ei sjel som har ein kropp? I siste fall kan ein seie at kroppen er som ei drakt, personlegdommens drakt. Som ein tek av seg når ein døyr. Eksistensen fortset med andre ord, det er bare nedste del av stigen som er kutta av. Det er difor det kan gje så stor meining med sjelemesser, når nokon er død. Sikkert også difor ein kan kjenne ein tiltrekning mot det klassiske, det er noko sjelene våre kjenner frå før. Denne affirmasjonen er fin, synast eg «I tanke, ord og handling byggjer eg livet mitt frå dag til dag på ei trygg tuft, grunnvoll , fundament: evig eksistens».

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Ja, dette må eg seie er eit framifrå og viktig poeng du kjem med. Mvh

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog