Takk for hyggelege kommentarar, Jo Bertil! Håpar det står bra til. Denne bloggen har vore litt sovande det siste året. Men kan ha lyst til å ta det opp att, eg må ha litt tid på å vurdere saka. Om eg gjer det, må det vere på seriøst vis, og med å invitere folk til å lese. Eventuelt overta som leiande tenkar i det norske ordskiftet ( :) :) ) Skal tenke på det i nokre veker no. Trur eg skal prøve å skrive eit innlegg 1x i månaden, med eit avgrensa tal ord. Men då må fyrste innlegg bli 1. mars. Det vanskelege ved å skrive, er at dei djupaste tinga er dei mest interessante, men også dei mest krevjande og konsekvensrike, både for min livssituasjon og for kulturen (d. e. det religiøse fundamentet og den religiøse livsstilen). Vi skal sjå :)
Posts
- Get link
- X
- Other Apps
Det er ei veldig god og fin bok med pedagogiske og smakfulle teikningar. Boka er særskilt god fordi ho viser "prinsippa" i matlaging, og gjer dette innanfor høgkvalitets-kokkekunst-paradigme. Du får sjå om det er den rette for ein 12-åring, men. Dersom det er ein veldig interessert 12-åring - kanskje. Elles får vi sjå om vi får til ei jole- eller adventssamling etter kvart. Går jamvel an å bestille jolemiddag frå Meny i Seljord. Takk og god kveld!
- Get link
- X
- Other Apps
Hvilke er da Quislings utvalgskriterier? Kort kan en si det slik: De beste skal styre i kraft av sin iboende intuisjon og sin evne til å identifisere seg med »folkets evige idé». Eksistensen og innholdet av denne »idé» kan bare fattes av eliten. Dermed er ringen bokstav-lig talt sluttet gjennom et sirkelbevis, og ideologien får politisk tyngde i samme grad som dens opphavsmenn evner å identifisere sin egen oppfatning av sannheten med sannheten selv. Det er denne identifikasjonsprosess mellom egen overbevisning og evige sannheter som er det sentrale ved Quislings personlighet. Jo sterkere den er, dessto mindre plass for motforestillinger og tvil, dessto mindre hemmet blir han av politisk motstånd fra et flertall. »Hva enten vi er i flertall eller i mindretall representerer vi den ege...
- Get link
- X
- Other Apps
Eg må seie at det er veldig spennande å lese om Quisling, som no er på kino. Quisling har ein bakgrunn som på mange vis eg kan kjenne meg att i. Presteson frå Fyresdal. Boklærd, levde "i hovudet", tenkte ut system. Vi delar mykje det same kulturelle jordsmonnet. Altså blir det veldig spennande å forstå - slik Dahl søkjer å gjere - korleis han kunne ende opp som han gjorde. Det attpåtil når han var ein "heilstøypt" person med høg moral, enorm kunnskap, sterk integritet, mykje livsrøynsle. Her er mange sider som har vorte "gravlagte" etter krigen fordi han var landssvikar. Til dømes: Quisling redda kanskje hundre tusen menneskeliv i Ukraina og områda, då det var svoltkatastrofe her. Tenk det. Han stod på intenst for å dokumentere nauden og informere omverda. Var han ikkje vorte landssvikar, kunne han vore "Fyresdal sin store son", og ein stor helt. Altså: Ein kompleks og samansett person. Men helt? Slik skulle det ikkje gå. Han hadde store ideal, ...
- Get link
- X
- Other Apps
Sundagen si preike, ikkje nett som eg heldt ho. - Temaet for sundagen er ljos, "born av ljoset". Dagens bøn er ei bøn om å vere born av ljoset, "så vi ikkje krenker deg eller nesten, men lever i kjærleik." No har eg mange høner å plukke med "dagens bøner", tidl. kollektbøner. Ved liturgireforma var det slik at ulike grupperingar valte kvar sin del av liturgien å reformere, så å seie. Kyrkjemusikarane gjekk til evangelieprosesjonsverset, dei liberale gjekk til dåpsliturgien (meir vekt på skapingsteologi, meir vekt på å seie namnet til barnet), dei høgkyrkjelege gjekk til nattverden (meir likt katolsk liturgi, meir rituelle handlingar etc.) Kollektbøna...gjekk til feministane, som var opptekne av at ein ikkje skulle bruke "kjønna språk" om Gud etc. Novel! Ljos. Her er vi inne på veldig mystiske ting. Dersom ein er litt "vanleg" protestant, kan ein seie "ljos er ein fin metafor som gjev oss innsikt". Bibelen brukar ofte ljos p...
- Get link
- X
- Other Apps
Liturgien var tradisjonell og grundig, så langt eg kan sjå. Alt vart gjort respektfullt og godt og seriøst. Preika var innsiktsfull og god. Vi fekk ein veldig fin kyrkjekaffi etterpå. 2 timar med god og seriøs samtale om viktige ting. Det var ei oppbyggjeleg stund, må eg seie. Godt å vere der. Gjestfritt. Kva er komplekst med det? Mest...det at eg ikkje ser vegen vidare. Spenningar mellom det eg har lese, det eg kjenner i hjarta, liv og framtid, organisatoriske band, arbeid og løn, kropp og helse. Difor er det veldig godt å ha ferie - stanse opp, gjere ingenting, eller gjere ting eg har lyst til. Og det er veldig godt å meditere. Å vere stille og berre ta imot det som kjem. Kreativitet er ei anna side av det eg har fundert mykje på i ferien. Kvifor er det så vanskeleg for meg å vere kreativ? Noko handlar om motivasjon. Noko handlar om overskot. Noko handlar om å vere i kontakt med meg sjølv. Noko handlar om spenningar (jfr. ovanfor). Kreativitet handlar om kraft, motivasjon,...
- Get link
- X
- Other Apps
Oppdatering, for min faste lesar og eventuelle andre. (Eg trur vel eg er flagga av google av ei eller anna årsak, sikkert noko eg har skrive som dei har reagert på, dvs. at bloggen ikkje kjem i søkjeresultat). - Eg takkar for musikkleksikon. Det er ei gullgruve. Det er veldig interessant og innhaldsrikt og seriøst. 2000 sider med seriøs og god informasjon. Frå før 1950. Det var ei god gåve - eg takkar audmjukt. - Før 1950. Er dette ein fordel? Ja og nei. He! No kan ein fylgje opinionen frå veke til veke. Svært interessant, svært tankevekkande. Kva er det siste nett no? "Boomers" har no med eitt kome under sterk kritikk. Dei har tenkt på seg sjølve fyrst og overlatt rekninga til Gen Z. John Lennon var ein helt før, no er han plutseleg nærast eit hatobjekt, fordi han var radikal og avskaffa alt av tru, kultur, strukturar. Han blir "hovudsymbolet" på radikalismen som no blir erkjent som destruktiv. (Berre for nokre månader sidan spela eg ein konsert. Ei dame spurte ...
- Get link
- X
- Other Apps
Spreidde tankar, ikkje mogne for bokpublisering, men mogne for ein blogg. Kva anna treng ein enn PC, nett, litt mat og eit rom å vere i? Pcen gjev alt ein treng: - Ein kan reise på turar kvar som helst i utlandet. - Ein kan høyre den beste musikken, kva som helst. - Ein kan lære av dei beste professorane og lærarane. - Ein har fritt val av damer, og i alle slags situasjonar. - Ein har spel til underhaldning, og kan gå inn alle slags fantasiverder, og ein kan vere ein helt. - Ein kan vere oppdatert på kva som skjer rundt i verda. - Ein kan leite etter kva det skal vere som ein har lyst på, og kjøpe det. - Ein kan ha kontakt med andre på chat, og halde seg oppdatert om kva dei syslar med. - Ein har alltid noko gøy å finne på, festen tek aldri slutt, 24 timar i døgnet. - Dessutan: Fullt privatliv, ingen forpliktingar. Nok tull, men...ikkje tull heller. Dette er eit stort dilemma i vår tid. Kanskje det største. Avhengigheit a...
- Get link
- X
- Other Apps
Det bles ein radikal høgrevind over Europa. Frankrike, England - Trump i USA også. Vel og bra å ta oppgjer med radikal nyliberalisme, som fungerer destruktivt. No er det i vinden å seie "Europa!" og "Europa for europearar". Men...Europa er eit ekstremt kompleks heile. Kristendomen er sjela i Europa. Treet er stort og vidt og har mange og djupe røter. Særleg i moderne tid har Europa vore ein enormt dynamisk stad med mykje krig og konflikt også. Kva skal ein seie. Norske politikarar er ute på altfor djupt vatn. Kanotur til Jarpøy. Det var fiskeørn. Det var motstraum. Det var store furutre. Det var vakker og frodig natur. Det var båtar som køyrde forbi. Det var utedo på øya. Det var mange fine og underlege fuglelydar. Det blir godt kome seg ut og overnatte i ferien. Det er godt å vere ute i stille og harmonisk natur, langt borte frå støy og asfalt. Herleg. Eg likar svært godt heile dette klyppet.
Spreidde tankar
- Get link
- X
- Other Apps
- Det var leir for konfirmantane. Veldig god stemning og godt fellesskap blant Vest-T konfirmantane. Det var tankevekkande. Det er viktig for konfirmantar å fylgjast opp av trygge vaksne, som stadig kjem og snakkar med dei, er i nærleiken, spør "går det bra?" etc. Det var underhaldningskveld. Ein ung kar frå Seljord gjekk opp på scena åleine. Musikken på anlegget starta. Det var "Geitebonde frå Vinje". Full og heftig allsong med 200 konfirmantar, roping og hoiing og trampeklapp. Neste band: konfirmantar + vaksenleiarar som framførte "Odelsguten". Kjempestemning. Og det var ein frå Lårdal som song "What are words", og heile salen tente mobilane og veiva dei fram og attende. Det var tankevekkande, det var noko unikt som vart skapt på denne leiren. Eg tenkte på korleis desse skulle kunne møtast att etter leiren, slik dei også ynskte. Og elles tenkte eg Snorre, som skriv om kongar og hovdingar at dei var sterke og flinke i alle slags sportar. Ein k...
- Get link
- X
- Other Apps
- Takk for kommentarar, som eg har lese. Mykje å fundere på. Ringdrotten på nynorsk, eg leverte boka i dag, men det er ikkje dumt å lese. Han brukar interessant språk som eg trur kan vere fornyande å lese, ja. No les eg LOTR på engelsk i fyrste omgang. Det er eit interessant språk omsetjaren brukar. Han har røter i Tokke (Eivind Groven).
- Get link
- X
- Other Apps
Oppdatering: - NRK er eit sterkt talerør for nyliberale verdiar. På radio talar dei mest om trans, palestinarar, feminisme, kulturelle minoritetar etc. Det er også mykje dei ikkje talar om - eller som dei evt. talar imot. Det er noko å registrere, og noko å erkjenne, og å noko å lære av. Eg meiner: Kvar finn vi glede og sunn livskraft og visdom til eit godt liv i dag? - Prideflagget står for slikt som mangfald, kjærleik, inklusjon, fridom, minoritetsvern. Det står for kjønnsskifte, ulike familiestrukturar, variable og flytande kjønnsroller. Flagget inneber også aktiv motstand mot naturbasert kjønnsforståing; tradisjonell kjernefamilie; naturgjevne kjønnsroller; oppseding i alt dette. Det er, med andre ord, dette lokale politikarar arbeider for - og imot. Men: - Liberal ideologi sine problematiske konsekvenser kan ikkje erkjennast, diskuterast, ordsetjast innanfor dette paradigmet - fordi det ligg innebakt i liberal ideologi (einkvar ideologi) å framstille alternativ - ikkje ...
- Get link
- X
- Other Apps
Eg arbeider med Tolkien. Tolkiens prosjekt var å lage ein mytologi for England, basert på reelle historiske og mytologiske og språklege kjelder frå særskilt tidleg middelalder. Det er veldig mykje å seie om dette, for Tolkien fordøyde enorme mengder materiale og bygde det inn i sine arbeid. Det er svært eigedomeleg at såpass mange vil ha Tolkien på si side. Både moderne heidningar, fascistar, multikulturalistar (til dels), katolikkar, gen z, liberalistar etc. Dei kan vektleggje ulike sider av legendariet - og alle har "rett". Men til saka. Spørsmålet eg stiller meg sjølv, er: Tolkien inkorporerer suksessfullt førkristen spiritualitet, røyndomsforståing, mytologi, estetikk etc. i LOTR. Han "helgar" alt dette. Dvs. at du finn ikkje blot av menneske til Odin i LOTR (som ved Uppsala), men du finn Gandalf som trollmann, magiker, engel, og han er tydeleg påverka av Odin-figuren. Odin, på si side, er mykje mogleg påverka av jødisk og kristent tankegods, men dette er omdis...
- Get link
- X
- Other Apps
Tolkien - ein mytologi for Europa (eller, primært for England). Det er det åpenbart. Det er relevant her at Tolkien var djupt katolsk, og han var djupt inne i middelalderen. På (mest) godt og vondt vart Tolkien oppseda av ein romersk katolsk prest, frå han var 12 år. Den katolske teologien på denne tida kunne vere svært streng (etter fyrste vatikankonsil) - som ein reaksjon mot moderne liberal militarisme og sekularisme. Tolkien sjølv tala om ein "hard og bitter religion" - som vart varma av Maria møy og det kvinnelege - ein religion som han altså likevel var fullt lojal mot. Tolkien meinte ikkje at LOTR kunne lesast allegorisk. Likevel var "forrådet" han henta frå, klart nok - det var den djupe middelalderen og antikken i Europa - språkleg, litterært, naturmessig, geografisk, historisk etc. Det reiser mange tankevekkande og interessante problemstillingar og tematikkar. Noko interessant er det geografiske og demografiske, som ein kan fundere på. Shire er åpenbart ...
- Get link
- X
- Other Apps
Dagens refleksjonar. Eg kjøpte meg ein xbox, eg spela halo, eg gjorde meg refleksjonar, eg selte xboxen vidare. Refleksjonar: - Å spele xbox er ein deilig rus. Timane går. Det er som å "gå ut av tida", som å "gå ut av kroppen", som å "gå ut av sinnet". Og inn i noko anna. Halo er eit skytespel. Deilige fargar og naturlandskap. Rå våpen med smell i. Kamp og aggresjon. Ære og heider fordi ein reddar gissel og sivilisasjonar. Akrobatiske løp, hopp, slag. Halo er altså mange ting som menn lengtar etter - naturlege og gode ting og funksjonar. MEN I EIN KUNSTIG RØYNDOM. Du blir flink til akrobatiske fingerrørsler på kontrollen, men ikkje i den ekte kroppen. Når ein slår av xboxen, slår røyndomen inn. Ting blir grått og stille. Slik er det også med internett og pc. Det er som å "slå av røyndomen" og "slå på ein kunstig røyndom." Altså, nett som Matrix og Baudrillard sa. Å vere i røyndomen kan vere smertefullt. Smerten er ein sanningsind...
- Get link
- X
- Other Apps
Boromir døyr ved Amon hen. Han freistar fyrst å ta ringen av Frodo (Frodhi, frå norrøn og germansk mytologi). Boromir blæs i hornet for å rope om hjelp, men det er for seint. Aragorn kjem etter kvart, og dei får ei forsoning i det Boromir døyr. Dei to er båe frå Gondor, men Aragorn er tronarving, medan Boromir er son av "Steward of Gondor", den vonde Denethor. Meir ukjent for meg var det at Aragorn og Boromir nok byggjer på soga om Karl den Store og Roland. Soga handlar om korleis Roland døyr i kamp mot baskarane/muslimar, etter at Karl den store trekker seg ut av landet, og opp mot Frankrike. Roland og hans hær kjempar tappert i baktroppen og døyr i slaget, resten av hæren kjem seg unna. Roland var ein helt og eit førebilete for middelalderens knektar. Den eldste kjente større teksten på fransk handlar om Roland (Chanson de Roland), samt den svært viktige italienske teksten "Orlando furioso". Og i Norsk samanheng byggjer Rolandskvadet frå middelalderen på den nor...
- Get link
- X
- Other Apps
Dagens rant. Ser på masteroppgåva. Då forstår eg meir. Her er veldig mykje akademisk fagtradisjon og fagspråk som søkjer å skape eit inntrykk av intelligens og "ny innsikt", men som ofte er vanskeleg å finne særleg innsikt i. Eg kjenner det att frå fag som eg sjølv har teke. (Særskilt pedagogikk, men dels også samfunnsfag). Det er ein type forskning som nok gjer at forfattarane kjem inn i problemstillingar, både i fag og i det verkelege livet. Slik sett er det nyttig. Dei lærer også noko om forskingsverda etc. Men sjølve "forskninga" og resultata" verkar lite interessante og hjelpsame, og heller ikkje alltid så meiningsfulle. Ein kan seie det sterkare: Dei forkludrar røyndomen. Meir konkret: Kjerkol skriv om korleis ein kan ta i bruk "digitale hjelpemiddel" i heimehjelpa. Det er i utgangspunktet noko eg er skeptisk til, men det er så si sak. Men så skal ein "forstå" denne prosessen ved hjelp av eit lite meiningsfullt, stundom ugjennomtreng...
- Get link
- X
- Other Apps
Rome - ein refleksjon, og det høvde jo også godt som ein respons til kommentaren. Det er underleg med TV vs. historisk bok. Å lese historisk bok er rått og ekte. Ein får verkeleg kome nært innpå menneske og den dei var. Veldig intelligente og ekte menneske. Inspirerande og stimulerande - og naturlegvis mykje til "åtvaring". Ein tanke: Rammstein er rå og populære. Dei kan mykje. Det er ein ting dei ikkje kan: Vere heilt oppriktige og alvorlege. Dei kjem nær, i sin beste song: Deutschland. Men berre opp til eit punkt. Nazistane blir framstilt, men dels som komiske figurar. Munkar blir framstilt - også dei som fæle og komiske figurar. Men der har du det: Nazistane meinte alvor, det gjorde også munkane. Musikken til Rammstein meiner alvor - her er kraft - men det manglar ting i bodskapen. "Kva vil de med musikken?" Til HBOs Rome. Det er slett ikkje ein dårleg serie. Den prøvar verkeleg å framstille romarriket på ein truverdig måte...og klarer det på mange vis. Særle...