Liturgien var tradisjonell og grundig, så langt eg kan sjå. Alt vart gjort respektfullt og godt og seriøst. Preika var innsiktsfull og god. Vi fekk ein veldig fin kyrkjekaffi etterpå. 2 timar med god og seriøs samtale om viktige ting. Det var ei oppbyggjeleg stund, må eg seie. Godt å vere der. Gjestfritt.
Kva er komplekst med det? Mest...det at eg ikkje ser vegen vidare. Spenningar mellom det eg har lese, det eg kjenner i hjarta, liv og framtid, organisatoriske band, arbeid og løn, kropp og helse. Difor er det veldig godt å ha ferie - stanse opp, gjere ingenting, eller gjere ting eg har lyst til. Og det er veldig godt å meditere. Å vere stille og berre ta imot det som kjem.
Kreativitet er ei anna side av det eg har fundert mykje på i ferien. Kvifor er det så vanskeleg for meg å vere kreativ? Noko handlar om motivasjon. Noko handlar om overskot. Noko handlar om å vere i kontakt med meg sjølv. Noko handlar om spenningar (jfr. ovanfor). Kreativitet handlar om kraft, motivasjon, hjarta, lyst, inspirasjon.
I morgon byrjar koret att, det skal nok bli bra. (Også kreativt, på sitt vis). Og så er det rotteracet att med arbeid, nett, køyring. Meiningsfullt, men også krevjande. Min gode ven seier, etter å ha vore ei veke på retreat. "Det er ikkje nok". Korleis kan ein "få nok", med 100% (150%) arbeid? Ideelt sett skulle eg hatt fleire permisjonar gjennom året.
Ja - det er noko vesentleg der, noko heilagt, noko sterkt og kraftig som ein har respekt for. Og noko terapeutisk og lækjande. Eg skjønar, og du får fortelje meir når det er møte i gjengen att. For meg nok er nok dette mest i bøn og meditasjon (dette sa eg jamvel i ein kommentar etter førre meditasjonsstund; eg har ofte undra meg over Hemingways "Big two-hearted river" - kvifor skildrar denne teksten - også på eit emosjonelt nivå for lesaren - noko som lækjer sjela? Ein veteran frå WW1 som er ute i naturen og sluttar å tenke, men berre gjer gode ting i eit roleg tempo).
Ja - livet og røyndomen er ein prosess, vi er midt i.
Ja, det gjev meining det, trur eg då. Som eit puslespel som skal gå ihop, men så passar ikkje bitane saman? (Eg har halde på med i eit par år med å pusle eit stort puslespel her oppe av eit gammalt og slite verdenskart. Ein av gongene fann eg først på slutten av opphaldet ut at ein stor haug med brikker mangla, dei låg stua bort i ein isboks like ved) Og kanskje må ein t.o.m. gjere ei fullstendig reorientering, og snu opp-ned på det ein før tenkte var rett.
ReplyDeleteSlik kjennest det iallefall for meg, om eg samanliknar korleis eg no ser på livet, samanlikna med for t.d. vel 6 år sidan, då eg sist budde i dette huset. Eg kjenner ikkje meg sjølv igjen. Iallefall ikkje dei ytre laga av personlegdommen. Men djupt der inne finst noko uforanderleg og evig, det er eg overtydd om. Det er difor både meditasjon, bøn og den heilage messa har så mykje for seg, trur eg. Svara som me trudde var å finne der ute, er i staden for « der inne».
Innlegget ditt fekk meg også til å tenke på siste Tolkien-boka eg har lese « Eigil Bonde fra Heim». Her er nokre sitat som skildrar tida han levde i: « Det var mer tid da, og ikke så mange folk, så de fleste av de som var utmerket seg hver på sitt vis…..Det var ikke en tid for travelhet og mas. Men mas har svært lite å gjøre med å få utrettet noe. Folk klarte arbeidet sitt uten, og de fikk utrettet en god del, både av arbeid og snakk. Det var mye å snakke om, for minneverdige ting hendte rett som det var. Men på den tiden denne historien tar til, hadde det ikke hendt noe minneverdig i Heim på ganske lenge».
Ein annan ting eg tenkte at det er dette vesentlege (heilage, heiling) som må ligge til grunn for alt det andre. For hjartet, for liv og framtid, for kropp og helse, for kva ein vil lese og korleis ein forstår det ein les. For arbeid og løn. Moglegvis også for organisatoriske bindinger.
Moglegvis er det difor det er fritida som er viktigast, dvs. for alle andre enn prestane :) fordi jobben til prestane handlar om dette mest vesentlege (eller primære) av alt. Moglegvis ei fattig trøyst då- nei, det er nok noko uforløyst der ein eller annan stad (Ref kva du seier om kreativitet).
Eit veldig fint bilete av deg, btw! Her ser det ut som du har senka tempoet :)
Gunhild
Underleg. Kva er det som har forandra seg mest ved deg på 6 år? (Utan å vere überpersonleg, det er trass alt ope nett her).
ReplyDeleteJa, eg slappar av på biletet, det var Maria og eg som prøva Gandalf-pipa. Eg røyker pipe av og til, deilig og avslappande, men smakar "drit" etterpå. Røykjelse er veldig godt, tykkjer eg. (Det er universelt med røykjelse. Ja - seidkvinner bruka det også i stort mon! Og middelalderen. Og romersk religion. Og asiatisk religion. Og...berre ikkje det moderne vesten).
Det er noko veldig djupt i det du seier om "rett rekkefylgje". "Ta vare på hjarta, for livet går ut frå det" etc. "Right ordering". Ein kan mase og stresse rundt, og drive med ting som ein eigentleg ikkje burde drive med etc.
Novel! Du får prøve pipa ein dag, om du vil :)
Det må vere relasjonen min til Gud som har endra seg mest. Og at eg har funne kraftfulle verktøy til å handtere traumereaksjon/heilast. Moglegvis heng desse to tinga nøye saman.
ReplyDeleteSå trur eg dette har skapt ein kjedereaksjon, når det gjeld dei øvrige relasjonane mine. Nettopp fordi det er det heilt vesentlege/primære/Han me lever, rører oss og er til i (erfaringsbasert læring).
Du satte meg forresten på sporet ein gong for lenge sidan. Då eg spurte deg om trua var viktig, svara du at det var noko av det aller viktigaste som finst.
Og eg har funne att røtene mine. Røter eg ikkje kan fløta :)
Røyking sit nok like langt inne som det alltid har gjort, men-
G
Hehe, eg røyker vel ikkje mykje, eg heller. Men Tolkien fekk overtydd meg til å prøve. Hm. Eigentleg eit veldig komplekst og fruktbart felt, dette med traumer og Gud. Gudstru kan også fungere traumatiserande, når det blir for "bokstaveleg" og for fundamentalistisk, på sett og vis. Men...det guddomelege er der uansett, så å seie. Ein må forholde seg til det på eit vis. For å seie det slik, uh. Yes, god tur heim.
ReplyDeleteJa, eg veit. Verda er full av paradoks. Men Gud vil heiling, ikkje traumatisering. Ei anna sak er kva ei fallen og ufullkommen verd får til.
ReplyDeleteTakk for det! Kjenslene er ekstra sterke i kveld, merkar eg. Og toleransevindauga noko smale. Og månen ser ut til å vere full, eller like i nærleiken. Ikkje bare bare med 200 mil som skiljer mor og barn :-S
G
Det er langt frå Finnmark til Telemark - det er vel om lag like langt som å reise til Italia :-s
ReplyDeleteJa, mvh Hallvard
ReplyDeleteVi får sjå på nokre nye samlingsdatoar for haust/vinter etter kvart.
ReplyDeleteJa, det er det :-s Høyrest bra ut :)
ReplyDelete