Sundagen si preike, ikkje nett som eg heldt ho.
- Temaet for sundagen er ljos, "born av ljoset". Dagens bøn er ei bøn om å vere born av ljoset, "så vi ikkje krenker deg eller nesten, men lever i kjærleik." No har eg mange høner å plukke med "dagens bøner", tidl. kollektbøner. Ved liturgireforma var det slik at ulike grupperingar valte kvar sin del av liturgien å reformere, så å seie. Kyrkjemusikarane gjekk til evangelieprosesjonsverset, dei liberale gjekk til dåpsliturgien (meir vekt på skapingsteologi, meir vekt på å seie namnet til barnet), dei høgkyrkjelege gjekk til nattverden (meir likt katolsk liturgi, meir rituelle handlingar etc.) Kollektbøna...gjekk til feministane, som var opptekne av at ein ikkje skulle bruke "kjønna språk" om Gud etc. Novel!
Ljos. Her er vi inne på veldig mystiske ting. Dersom ein er litt "vanleg" protestant, kan ein seie "ljos er ein fin metafor som gjev oss innsikt". Bibelen brukar ofte ljos på den måten. På veldig mange måtar. Ljos viser vegen, ljos openberrar, ljoset kan brenne og vere utilgjengeleg, ljos gjev innsikt etc. Motsett mørke: Mørke er vondt, fryktfullt, duld etc. Men - mørket er også på mange vis ei tid for moglegheiter, som Nikodemus som kjem om natta, eller som den "staden" der Gud seier "bli ljos" eller det indre i mors liv der nytt liv blir forma, som salmane seier.
Men Bibelen seier at Gud ER ljos, ikkje at Gud er "som" ljos. Metaforen snuast såleis på hovudet. Det er ikkje at vår røynsle av ljos gjev smarte innsiktar om Gud. Det er heller at Gud er ljos - evig og uskapt - og difor er vår røynsle av ljos ein slags avglans av det guddomelege ljoset. Sagt annleis: Det er ei slags sakramental bru mellom Guds vesen og skaparverket. Dette er mystiske ting. Vi tenner ljos i kyrkja. Historisk sett har ljosa blitt velsigna etc., og dermed blir dei sakramentale - dei blir eit synleg teikn på Guds nærvere. Lutherske og protestantar tenker i liten grad slik (teoretisk sett), sjølv om dei har praksisen (ljostenning), med lite utvikla teori.
I preika nemnte eg noko som vart sagt av ei dame frå Austheii. Ho sa: Ein gong gjekk straumen i huset, han var borte i to dagar. Ho sa: Vi har aldri hatt det så hyggeleg saman. Det var brettspel, stemning med levande ljos, ro og fred, ingen støy frå kjøleskåp, ikkje pc og tv. Dette er eigentleg svært tankevekkande. Burde dei skore over knuten og sagt: Vi slår av straumen? Livet er kort etc. Novel. Men poenget var no her om ikkje ei fenomenologisk oppleving av ljos ikkje eigentleg har mystiske komponentar. Eg peika på kva som skjer med oss når vi faktisk let ekte ljos tale til hjarta og sansar. (Jfr. soloppgang og solnedgang etc. Generelt meiner eg personleg at kyrkjerom berre burde bruka bivoksljos, i alle fall ved visse seremoniar - og då ikkje straum. Elektrisk ljos "dirrar" og er maskinelt. Kanskje eg er for radikal).
Ljostenning er fokusert merksemd og fokusert nærvere. Ei av veldig mange innsiktar eg får når eg mediterer stille saman med andre: Fokusert nærvere kan knytast til andre menneske. Dette kan vere meiningsfullt for dåpsforeldre som får dåpsljos. Eit døme på korleis røynsler kan opne dører - eg har ikkje visst heilt korleis eg skulle formane til bruk av dåpsljoset, og eg trur ikkje mange brukar det heller. Men...å tenne ljos er som ei (sakramental) levandegjering av indre merksemd overfor eit menneske: Tenke på eit menneske, takke for eit menneske, vurdere kva dette mennesket treng mm. "Det begynner å ligne et liv - det begynner å ligne en bønn". Eg seier difor dette til dåpsfadrar. Kanskje tykkjer du det er vanskeleg å oppfylle ansvaret som fadder - men dette kan du gjere med glede og omtanke: Tenne eit ljos på eit gjeve tidspunkt, ha omtanke for personen etc. ... og om ikkje lenge er det ei bøn.
Gud er ljos - evig og uskapt ljos - Gud bur i eit ljos som ingen kan koma til - Kristus er avglansen av Guds herlegdom; i han var liv, og livet var ljoset for menneska. Det er teologi i dette, naturlegvis. Johannes byrjar med å seie at noko er evig og uskapt - Ordet, livet, ljoset - og dette er det som finn bustad i Jesus. Det er mykje ein kunne seie om å vandre i ljoset etc. - og mange av salmane denne dagen handla om dette. I det heile har ein å gjere med mystikk, trur eg - å finne måtar å opne seg opp på, for det vi kan kalle eit guddomeleg ljos. Opne hender, ope hjarta, ope sinn. I det heile er ljos noko mysteriøst også, som vi ikkje kan fange, men ein kan vel kjenne det. (Eit undervurdert felt i protestantisk tradisjon).
Dette er tankar, men det er slik det blir. Dei bør ideelt sett leie inn i liturgien og mystikken og bøna og eit liv som ber frukt - som å oppleve Kristus-ljoset i sitt indre - tankane her kan ikkje presentere eit system eller endegyldige svar eller oppskrifter for livet. Og ja, eg er urøynd med mystikk. Eg les elles om Ivar Mortensson Egnund, ein interessant kar med mange interessante tankar om mystikk. Jajaja.
-
Eg tenker mykje på kreativitet, kva det er, korleis det fungerer. Et cetera. Noko er teoretisk filosofi rundt dette, som er svært spennande og inspirerande. Noko anna er den kreative akt og prosess, så å seie. Det som primært kan hindre denne, er ein slags aktivitet som hindrar ein i å vere i kontakt med seg sjølv, så å seie. "Seg sjølv" - ikkje eit "isolert individ", for dette er berre ein moderne fantasi. Vi har eit mon av fridom og vilje - eit stort mysterium. Men vi er resultat også av vår tradisjon, vår kultur, vår historie, vår kropp, våre røynsler, våre føresetnader i skaparverket - og mykje meir. Kreativitet spring på sett og vis ut av truskap mot, og kontakt med, alt dette - og openheit og mot til å uttrykke det, på sett og vis.
På ein del vis er eg stuck her - ein kan utvide horisontar i aust og vest og erobre nytt land, kunnskapsmessig...som eg har gjort, teoretisk og intellektuelt. Ein kan så å seie sprenge og bryte opp tradisjonar innanfrå - det kjennast som at dei bør vekse og utvikle seg, som dei også så ofte har gjort før. Men kor mykje? Og kor mogleg er det? På kva vis? Autentisk kreativitet er å uttrykke denne prosessen også, som er tricky og ikkje utan spenningar, så å seie. Alternativet har også store problem. Klassiske moderne problem. På ein måte er det mogleg å sidesteppe problema også.
Meditasjon er i alle høve veldig sunt. På ein måte gjer det problema tydelegare, på ein annan måte peikar det ut løysingar. I alle høve er det godt å bli meir merksam og open. Openheit i spiritualiteten er rimeleg ekvivalent med openheit i høve til indre kjensler, intuisjonar, tankar, kroppssensasjonar - men også openheit overfor fargar, smakar, lydar, lukter, former, stemningar, bodskapar, menneskelege uttrykk og bodskapar etc. Nye og gode røynsler, som opnar opp røyndomen på nye måtar. Men...eg blir akutt avhengig av meditasjon, og å seie som ei bøn "Gud, no vil eg vere open. No er eg open. Eg vil ta imot. Eg vil ikkje stenge no. Kva vil du seie til meg, Gud? Kva har du for meg?"
Eg var på kunstgalleri. Eg tala med ein kunstnar, i ei god stund, om denne tematikken. Seinare var eg attende på galleriet. Eg såg eit bilete av kunstnaren. No som eg har meditera, er eg open. Underlege ting. Eg kan "føle" biletet. Biletet kjentest godt. Sjølv om det berre var fargar, og eit kosmisk motiv. Eg tenkte: Her kunne eg godt tenke meg å sjå på biletet i 20 minutt. Men kva ville folk tenke då? Eg tenkte på Nouwen, som sat ein heil dag og såg på Rembrandts bilete. Ein kar kom bort til meg og byrja å tale med meg. Hyggeleg, men også tankevekkande. Ord og overflate.
Når eg har meditera, byr det meg på ein måte imot å seie noko. Eg tenker: "Ja, eg kunne seie noko no. Men det ville øydeleggje, på ein måte. Eg kan seie noko, eller noko anna, eller noko anna, eller noko anna, eller noko anna, eller noko anna (etc). Og orda er...avgrensa, kulturelt betinga - dog er det noko guddomeleg med språket, seier DB Hart. Noko eg ikkje har forstått. Likevel: Eg føler eg øydelegg noko, når eg byrjar å seie noko etter meditasjon. Ille å tenke på kjensla mi etter fem dagar med stille meditasjon. Ting var klåre, som glass, i hovudet. Eg sette meg på nett att. Etter nokre sekund kjendest det som ei tjukk tåke seiv inn i sinnet mitt, og eg mista meg sjølv. Ja - slik var det. Men heldigvis: Når eg har meditert mykje, er det også mykje lettare å kome i meditasjonsmodus og å kome på djupet. Men veldig djupt ned - det tek tid.
Dog - attende til kreativitet. Når ein syng noko som er autentisk og ekte, så er det "meg qua observerande og tolkande del av universet" som uttrykker noko. Med emosjonar, uttrykk, kropp, harmoni, vibrasjonar etc. Eg kjem på bylgjelengd med dei som lyttar. Merksemda leiast mot noko i røyndomen. Ord og poesi blir med eit svært potente fenomen, kraftige reiskapar, mystiske middel til å kome djupare i røyndomen. Slik også vibrasjonar og harmoniar er mystiske ting som vi ikkje skjønar mykje av.
Comments
Post a Comment