Det bles ein radikal høgrevind over Europa. Frankrike, England - Trump i USA også. Vel og bra å ta oppgjer med radikal nyliberalisme, som fungerer destruktivt. No er det i vinden å seie "Europa!" og "Europa for europearar". Men...Europa er eit ekstremt kompleks heile. Kristendomen er sjela i Europa. Treet er stort og vidt og har mange og djupe røter. Særleg i moderne tid har Europa vore ein enormt dynamisk stad med mykje krig og konflikt også. Kva skal ein seie. Norske politikarar er ute på altfor djupt vatn.
Kanotur til Jarpøy. Det var fiskeørn. Det var motstraum. Det var store furutre. Det var vakker og frodig natur. Det var båtar som køyrde forbi. Det var utedo på øya. Det var mange fine og underlege fuglelydar. Det blir godt kome seg ut og overnatte i ferien. Det er godt å vere ute i stille og harmonisk natur, langt borte frå støy og asfalt. Herleg.
Eg likar svært godt heile dette klyppet.
Kanoturen høyrdest veldig fin ut. Minnar meg på at eg burde lære ungane å symje i sommar. Då er terskelen for slike turar mykje lågare, enn når de ikkje kan.
ReplyDeleteHar fått med meg lite av det første du nemner. Burde kanskje følgje betre med. Kan du utdjupe med eksempel på at politikarane er på djupt vatn? Elles er det mykje som ser skremmande og ille ut når ein bare ser yta, overflata. Men djupast sett er eksistensen god. Korleis kan han vere noko anna, når det er i Han me lever, rører oss og er til.
Ja, og om kristendommen er Europa si sjel, må det jo også vere stort håp. Også for politikarane våre (og me har eit ansvar for å vere med å støtte/halde dei gjennom forbøn).
Spanande og kraftfull musikk. Eg gler meg til eg får høve til å høyre den med skikkeleg lyd.
Helsing Gunhild
Takk. Ja, kanotur er veldig godt. Eg strir noko med meg sjølv. Det er godt å vere ute i naturen og arbeide manuelt med ved, til dømes. Ein får styrke av det. Gjer noko. Men å vere ute i naturen og ta det heilt med ro er også bra. Bra å lære ungane å symje. Elles greitt å vere med utan å kunne symje, om ein har ein veldig god redningsvest. Kunne vere artig å reise fleire ut på kanotur i sumar ein gong. Kan seie frå om det blir aktuelt.
ReplyDeleteDette med det høgreorienterte ser ein særleg i sosiale medier. Svært mange innvandrarar har kome til Europa dei siste åra, og det har skapt store problem, og no kjem ein "backlash" (med rette). Så innvandringskritiske parti får svært stor oppslutning på kort tid. Det blir spennande å sjå kva som skjer. Det er eit vanskeleg farvatn å navigere i.
Djupt vatn. Jo, fordi eg har mykje glede av å gå svært djupt i historia. Eg les Oxfords serie om Europa si historie, frå byrjinga av og fram til i dag. Eg les nøye om Hellas, Roma - noko om Babylon og Egypt. Om Frankarriket, middelalder, renessanse, kongetid etc. Vikingmytologi mm. Og fram mot det turbulente 1800-talet og til i dag. Eg har bruka mange år av livet mitt på å lese om religion, kultur og historie, - dog burde eg reist meir. Men kva veit desse unge damene og gutane som er i politikken i dag? Kva veit dei om korleis verda fungerer og kva som bør vere den djupe retninga for Noreg og vesten? Og likevel har dei stor politisk makt. Det er tankevekkande.
Det må nok ei kristeleg og religiøs vekking til, ja. Eg tala ein gong med ei dåpsmor. Eg sa noko slikt som at "det er mykje å fundere på" med trua etc., men at det ikkje var naudsynt for alle å gruble på dette, naturlegvis. Ho sa: "Eg tenker på desse tinga kvar dag". Det er under overflaten etc. Så det er bra at Versto og dykk arbeider noko eksperimentelt med tinga.
Min gode ven Nobu frå Japan har elles reist til kloster rundt i Polen og Romania denne sumaren. Han peikar på at det er store skilnader på vest og aust, ikkje minst med tanke på kjønnsroller, familiesyn etc. Men framfor alt i "djup spiritualitet og tru", på ein måte. Meir samband mellom emosjonar, kropp og hjarta. Meir naturleg spiritualitet og gudstru. Romania er naturlegvis eit samansett samfunn, slik Noreg er det. Det er mykje god livsvisdom og tru også blant oss, når ein bevegar seg bort frå "maskinen".
Så eit spørsmål til slutt. Du har ein plen. 50x50 meter. Den er flat og grøn, som ein fotballbane. Ein veg går forbi plenen. Kva gjer du med plenen? Let det gro? Plantar buskar? Plantar tre? Dyrkar opp?
Då håpar eg det vert høve til ein kanotur eller fleire i løpet av sommaren :) Så skal eg sørge for gode redningsvestar. Det bør dei jo også ha for symjetrening på djupt vatn.
ReplyDeleteDå er der vel difor dei går under radaren min. så langt. Bloggen din er einaste sosiale mediet eg er på nett no. Og det går mest i VTB og Ringdrotten elles.
Hehe, nå høyrdest du veldig gammal ut. Men kanskje du burde vore politisk rådgjevar då? Kan du seie noko meir om kva djup retning Noreg og Europa bør gå i? Her eller i eit nytt blogginnlegg? Er ei kristeleg/religiøs vekking det viktigaste i den samanhengen?
Det er sagt at kvar generasjon treng nokon som er villige til å gjere eit arbeid på sjelene sine. Ei vekking omfattar vel temmeleg mange sjeler, slik ordet vanlegvis nyttast. Så eit interessant spørsmål er kor mange det er behov for at «vaknar». Fungerer det kanskje omtrent som med vaksinasjon, at det er tilstrekkeleg at ein viss andel vert vaksinert for å sikre flokkimmuniteten?
Godt spørsmål. Den skulle i alle fall ikkje få forbli ein grøn plen. Insekt døyr jo ut fordi me har altfor mykje monokulturar. Så målsetninga måtte vel vere at evt bilar som køyrer forbi får rutene fulle av innsekt sommarstid :-S Held ein knapp på blomstereng og/eller berbuskar, evt med hekk eller ei rekkje med tre som skjermar mot støy/innsyn frå vegen. Men om ein er bekymra for at bær blir ureina av eksos frå bilane, kan det kanskje høve betre å dyrke grønsaker under jorda (eg et sjeldan bær som står langs vegar, sjølv ikkje dei som er relativt lite trafikkerte).
Helsing Gunhild
No har eg forresten høyrt klippet med meir lyd. Det passa veldig bra med fullmåne til denne musikken, synest eg. Det er jo kjent at fisken bit betre ved fullmåne. Eller at det meste vert meir intenst. Også musikk, vil eg tru. G
ReplyDeleteTakk. Ja, då delar vi mange tankar om plen. Det er i det heile veldig interessant å leggje merke til kva løysingar folk går for mtp. hekk/innsyn + kva dei fyller plen med. Det er ein rimeleg stor variasjon. Optimalt sett burde ein vel hatt beitedyr. Og det er noko naturleg med nytteplanter - bær og grønsaker etc.
ReplyDeleteJa, du veit at austleg religiøsitet vektlegg at livet har sine "fasar". Ein er ung og skal lære, utforske etc. Ein blir eldre, og skal vere sterk og få familie og gjere arbeid for lokalsamfunnet. Ein blir deretter vis og trekker seg meir attende, og kan dele visdom og søke mysteria. Så gjer ein seg klar for å døy etc. Eg byrja nok av ulike grunnar i feil fase. Det er også problematisk.
Nei, kva skal ein seie om politikk. Ting er veldig komplekse - i filosofi, politikk, historie, religion. Det trengst tradisjonar og institusjonar som kan forvalte kunnskap, visdom, problemstillingar, riter. I praksis er det kyrkja som har vore den institusjonen i vesten. Kyrkja med stor K. Så eg meiner på ein måte at politikarar burde hatt pliktoppmøte i St Olav katolske kyrkja ein gong i månaden. Eller at dei burde hatt pliktmøte med økumenisk leiarskap i kyrkja, jamnleg. Men problemstillingane er for store. Svært vanskelege. I det heile ville det i alle fall vore betre om eldre menneske var i politikken, IKKJE yngre (og - politisk ukorrekt! - fleire menn enn kvinner + heller duglege og distingverte menneske enn dei som ikkje er det).
Ja, soundtracket er bra. Det er djup musikk og djup tekst. Veldig inspirerande. Gjev meg lyst til å lage og komponere noko sjølv, og til å øve på trommer.
ReplyDeleteJa, det hadde vore fint, om kyrkja kunne hatt ein slags rådgjevande funksjon for politikarane. Det ville jo på ein måte vere å gå frå bøn til handling. Ikkje det at bøn ikkje er ei aktiv handling. Men ofte ber me vel om ting der me sjølve kunne vore (gjort) bønnesvaret.
ReplyDeleteHmm, ja, det er jo også interessant korleis debatten etter Biden-debatten har vore. Slagferdig retorikk verkar å vere meir verdt enn evt opparbeida/ibuande visdom. Og me er som alltid oppteken av yta, her å gjere ein god figur i debatten (for ordens skuld: eg har ikkje sett den opprinnelege debatten, men trur eg likevel forstod «poenget»). Demokratisk sett så hadde det vel kanskje også vore bra at alle aldersgrupper var representerte i politikken? Og nokre kan vel også i ung alder vere berarar av stor livsvisdom (gjev særleg meining for den som er open for tanken om reinkarnasjon).
Å byrje i feil fase, eller å i det heile å gjere feil. Det er no veldig menneskeleg. Det er vel difor syndsbekjennelsen er så viktig. Men den andre sida av nederlag er jo også siger, å lukkast. Fordi ein også lærer mykje av å bomme på målet. Ein vert meir treffsikker. Så det finst alltid håp. Eller: toget har aldri gått frå ein. Det trur iallefall eg.
Helsing Gunhild