Tolkien - ein mytologi for Europa (eller, primært for England). Det er det åpenbart. Det er relevant her at Tolkien var djupt katolsk, og han var djupt inne i middelalderen. På (mest) godt og vondt vart Tolkien oppseda av ein romersk katolsk prest, frå han var 12 år. Den katolske teologien på denne tida kunne vere svært streng (etter fyrste vatikankonsil) - som ein reaksjon mot moderne liberal militarisme og sekularisme. Tolkien sjølv tala om ein "hard og bitter religion" - som vart varma av Maria møy og det kvinnelege - ein religion som han altså likevel var fullt lojal mot.
Tolkien meinte ikkje at LOTR kunne lesast allegorisk. Likevel var "forrådet" han henta frå, klart nok - det var den djupe middelalderen og antikken i Europa - språkleg, litterært, naturmessig, geografisk, historisk etc. Det reiser mange tankevekkande og interessante problemstillingar og tematikkar. Noko interessant er det geografiske og demografiske, som ein kan fundere på.
Shire er åpenbart inspirert av den engelske landsbyen Tolkien vaks opp - Tolkien seier dette rett ut. Saruman øydelegg Shire - dette tilsvarer industrialiseringa, som Tolkien hata. Arnor og Gondor tilsvarar vest- og austrromarriket. Haridrim - Afrika. Piratar frå Umbar - Kypros. Sauron og Orcs...? Det er faktisk nærliggjande å knyte dette til muslimske invasjonar gjennom middelalderen - Minas Morgul blir då å likne med Konstantinopel, Mordor ligg då i Tyrkia/ottomanske rike (Anatolia/Ithilien - og den geografiske forma på området er nærast lik). Slaget ved Helm's deep har parallellar til slaget ved Wien, der muslimane vart drivne attende ved eit stort kavaleriåtaket, jfr. Gandalf.
Ein kan diskutere desse parallellane - eg trur dei er rimeleg tydelege, men det er ikkje dermed sagt at Tolkien "meinte" si eller så - heller var middelalderen si verd den Tolkien var oppslukt av - og her var det eit "mønster" i kamp mot muslimske invasjonsstyrkar. I LOTR blir "mønsteret" omtolka til ein kamp mot hunger etter makt og dominans.
Slaget ved Pelennor Fields (Slaget ved Chalon), der kong Theoden (Teodorik den store) reddar Minas Tirith (Ravenna, der Teodorik no har sitt mausoleum) er eit anna døme. Og det finst mange fleire - Elizabeth Solopova har skrive bøkene eg reknar med eg må lese.
Comments
Post a Comment