Dagens refleksjonar. 

Eg kjøpte meg ein xbox, eg spela halo, eg gjorde meg refleksjonar, eg selte xboxen vidare. Refleksjonar: 

- Å spele xbox er ein deilig rus. Timane går. Det er som å "gå ut av tida", som å "gå ut av kroppen", som å "gå ut av sinnet". Og inn i noko anna. 

Halo er eit skytespel. Deilige fargar og naturlandskap. Rå våpen med smell i. Kamp og aggresjon. Ære og heider fordi ein reddar gissel og sivilisasjonar. Akrobatiske løp, hopp, slag. 

Halo er altså mange ting som menn lengtar etter - naturlege og gode ting og funksjonar. MEN I EIN KUNSTIG RØYNDOM. Du blir flink til akrobatiske fingerrørsler på kontrollen, men ikkje i den ekte kroppen. 

Når ein slår av xboxen, slår røyndomen inn. Ting blir grått og stille. Slik er det også med internett og pc. Det er som å "slå av røyndomen" og "slå på ein kunstig røyndom." Altså, nett som Matrix og Baudrillard sa. 

Å vere i røyndomen kan vere smertefullt. Smerten er ein sanningsindikator ("dette er røyndomen, noko gjer vondt"), og noko som gjev både kraft og kompasskurs til å endre situasjonen. OM MOGLEG. Xbox og nett er på ein del vis som å "gje opp". Nett slik Cypher gjer i the Matrix.

Men å spele litt av og til, i lag med vener, er veldig gøy. 

Å vere i den ekte røyndomen gjev tilpassing til røyndomen, og høve til å spele på lag med røyndomen, og gjere noko. 



- Eg les R Evans Pursuit of Power for tida. Om det er rett bruk av tid, kan eg ikkje heilt vere sikker på. Men det er ei seriøs fagbok som gjev mykje innsikt. Main takeaway? 1800-talet innleiast av den franske revolusjonen. Her er det dekadent teopolitisk monarkisme/kyrkje/føydalmakt/guddomeleg autoritet som står imot radikal fransk "opplysning" (spy), røysterett, pressefridom, trusfridom, demokrati, rasjonalisme, materialisme etc. 

I Noreg i dag er vi van med å tenke at dei sistnemnde tinga er udiskutabelt gode. Til dette må ein seie at kampen for desse ofte enda opp med vald og terror og kaos, på 1800-talet. Napoleon spreidde jamvel dette tankegodset med vald, og han raserte kontinentet. Men Noreg fekk si grunnlov som fylgje av krigen, for så vidt - sidan Danmark gjekk inn på Napoleons side. 

Heile 1800-talet handlar om korleis Europa skal kome til rette med problemstillingane frå revolusjonen. Det er svært mange småkrigar, minikonfliktar, annekteringar, maktkampar. Men også gradvise tilpassingar og kompromiss, ofte med indre spenningar. 

Den djupare sjela i prosessen på 1800-talet dreier seg om tru, autoritet, identitet, fellesskap, moral - men også om industrialisering og teknologi (som takast i bruk for å fremje militærmakt, og som også blir ein slags "new religion of thrift" i den anglo-saksiske sfæren; industraliseringa medfører også store folkemengder i byar, som manglar identitet og tru og fellesskap, og som såleis blir radikaliserte i sosialistisk retning). 

Etter 1848 blir det såpass mykje kaos og revolusjonsfeber at vi ender opp med slu militærdiktatorar som Napoleon III og Bismarck. Då er vi på tydeleg veg mot verdskrigane. Ei anna utvikling etter 1848, er at grunnlaget blir lagt for "politiske religionar" - kommunisme og fascisme. Etter andre verdskrig løysast problema ved at USA og frimarknadsliberalismen får hegemoni, samt at EU freistar å "globalisere" byråkrati, marknad, kultur. 

Autoritet, tru, kristendom er berebjelkane i strukturen, men desse anerkjennast ikkje, innan det liberale hegemoniet. Prisen for dette må etter kvart betalast, når institusjonar etter kvart ikkje kan haldast oppe av "luft" åleine, og når gamle imperier som Russland og Kina gjenoppstår og ikkje vil vere med på den liberale ferda i vesten. 

I kjernen av det europeiske problem ligg teopolitikken frå høgmiddelalderen, tør eg seie. Dette er "knuten". Men vi i Noreg er (mykje på godt), ein utkant i Europa, og har unngått dei verste krigane. Vi har også hatt lite påverknad på tru og kultur, i det store og det heile. Elles må eit liv i samfunn og fellesskap alltid ha element i seg av av "learn as you go", tautrekking, diskusjon, utvikling etc. Dette er det gode i dei liberale ideane (som i og for seg er "forsterka" element frå den kristne middelalderen).


Comments

  1. Å spele på lag med røyndommen, det må vere det same som å følgje Guds vilje. Og for å kunne gjere det, er det viktig å ha kontakt med impulsane sine (dette har eg visst sagt før :) samt kunne handle på iallefall nokre av dei.

    Ein annan ting er visualisering, dette var sentralt i dei 7 stega eg har sendt deg tidlegare. Ein visualiser ønska tilstand før ein legg seg om kvelden, inkludert at ein overfører «biletet» til bakhovudet (den delen av hjernen som er «portalen» til det underbevisste). Så integrerast dette medan ein søv, om eg hugsar rett.

    Eg har gjort desse 7 stega ein gong, men eg kom ikkje i mål. Så det viste seg nok at eg ikkje spelte på lag med røyndomen. Men nyttig var det likevel, sidan eg forstod at eg allereie hadde det eg ynskte meg. Bare på ein annan måte enn eg sjølv hadde tenkt. Det er vel ein type bønnesvar som er nokså vanlege å få. «Ikkje som eg vil, men som du vil».

    Røyndommen treng iallefall ikkje å vere grå og kjedeleg. Og nokre gonger kan ein, etter ein livsfase med i meste laget med action, også sette pris på det grå og kjedelege. Jamvel takke for det.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Kom på ein annan viktig faktor: «tidens fylde».

    ReplyDelete
  3. Hmm, kom til å tenke på filmen Ibelin, som eg ikkje har sett, bare høyrt om. For denne multihandikappa guten var kanskje matrix ein betre stad enn røyndommen. Og truleg var vel mange av erfaringane han og venene gjorde i matrix også røyndom. Han hjalp visst mange der inne.

    Uverkeleg, men også forståeleg (eg har jo jobba som frivillig på krise-chat, så veit at det er mogleg). Som forelder har ein med å frykte det verste, og det er jo også utan tvil mange vaksne med dårlege motiver der barn ferdast på nett. Men dette er jo ikkje heile sanninga om nettet (skjønt kvifor i alle dagar får barn bevege seg der aleine?).

    Sjølv skulle eg gjerne ønske å frigjere meg frå nettet. Men dei mest interessante samtalene mine har eg her inne- med deg :) så kva kan ein gjere? Blir interessant å sjå korleis det fungerer uten wifi og mobildata i nye huset. Eg får vel truleg abstinenssymptom og synest det er grått og trasig. Du får komme på besøk i staden for (y).
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Takk for invitasjon, men er nok best å møtast i felles samlingar (y) Du skal sjå at det blir så bra i huset, kreativiteten din kjem til å få gode kår, og det blir lettare å finne ro til å kvile.

    ReplyDelete
  5. Takk for gode ord.

    ReplyDelete
  6. Du liknar nok mykje på både Kato og Tolkien :) Gode førebilete, begge to. Du kan jo elles komme innom ein tur saman med vår felles gode venninne (y). Ein gong det høver.

    Kom på ein annan viktig ting, for å få røyndomen til å spele på lag: å brenne karma sine frø.

    Eg får byrje på Ringenes Herre når eg flyt inn i nyhuset. Bøker er vel ei mykje betre røyndomsflukt enn nett? Eller, ville eg påstå, ei verd i verda, eller ein røyndom i røyndomen. Var det ikkje noko slikt Tolkien sa i sin artikkel- i alle fall ingen tvil om at desse konstruera verdene berikar vår røyndom!

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  7. Kven er vår felles veninne...? Ja, kunne også vere stas med noko fellesturar i skog og mark med andre interesserte. Eg veit om mange veldig fine stader. Eg veit vel ikkje om eg vil likne for mykje på Kato, men :-s Hm. Skal lese Augustus snart, det skal då bli spennande. Tolkien vil eg gjerne likne på, i alle fall i hans "outlook". Ja, eg trur bøker er mykje betre enn nett - mykje betre. Ein får meir ro, meir djubde, meir innsikt etc. Menmen.

    ReplyDelete
  8. Mitt syskenbarn og din skuvla-oabba, som ein ville sagt på samisk (direkte oversatt: skolesøster). Synest det er eit fint uttrykk, samane er i det heile veldig slektsorienterte, alle skal plassere seg relasjonelt i høve til kvarandre, på eit vis.

    Det er foresten ein annan «suksessfaktor», å finne mellomløysinga, «det tredje». Istadanfor å skulle velge mellom to ytterpunkt. Og også vere forsiktig med bruken av aldri- alltid. I miljøterapisamanheng kallast dette for dialektikk?

    Kva meiner du med outlook?

    Ja, det hadde vore stor stas å komme seg ut på tur. Eg har blitt kjent med nokre flyktningar, kanskje dei hadde vore interessert. Og også vår felles venninne (y).

    Helsing Gunhild (på nattevakt)

    ReplyDelete
  9. Då får vi sjå, veit du. Ja, Maria, ja - vi har vore på mange fine turar, vi. Outlook : Altså hans grunnsyn på ting, eller, hans driv og visjonar og sensibilitetar. Viktig og bra å vere slektsorientert, ja.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog