Eg arbeider med Tolkien. Tolkiens prosjekt var å lage ein mytologi for England, basert på reelle historiske og mytologiske og språklege kjelder frå særskilt tidleg middelalder. Det er veldig mykje å seie om dette, for Tolkien fordøyde enorme mengder materiale og bygde det inn i sine arbeid. Det er svært eigedomeleg at såpass mange vil ha Tolkien på si side. Både moderne heidningar, fascistar, multikulturalistar (til dels), katolikkar, gen z, liberalistar etc. Dei kan vektleggje ulike sider av legendariet - og alle har "rett".
Men til saka. Spørsmålet eg stiller meg sjølv, er: Tolkien inkorporerer suksessfullt førkristen spiritualitet, røyndomsforståing, mytologi, estetikk etc. i LOTR. Han "helgar" alt dette. Dvs. at du finn ikkje blot av menneske til Odin i LOTR (som ved Uppsala), men du finn Gandalf som trollmann, magiker, engel, og han er tydeleg påverka av Odin-figuren. Odin, på si side, er mykje mogleg påverka av jødisk og kristent tankegods, men dette er omdiskutert. Og Gandalf er naturlegvis ein kristusfigur i LOTR også. Men ikkje på allegorisk vis, så å seie 1:1.

Spørsmålet er kva kyrkja gjer i dag? Det er åpenbart at Tolkien er inne på viktige løysingar for vegar vidare i kulturen. Det er på mange vis liknande løysingar som ein finn i "middelalderfestivalar", "vikingfestivalar" etc. Tolkien gjer det djupare og meir gjennomtenkt. Spørsmålet er om ein skal inkorporere så mange ting som er i førkristen kultur, som også Tolkien tek inn i sin litteratur, inn i våre praksisar i dag. Og, på kva vis.
Ein kan tenke på slikt som: Urter som ein "syng over" for å forsterke deira kraft, "god magi", sakrale naturstader etc. I kva grad er LOTR "berre fiksjon", og i kva grad er det reell røyndom? Og i kva grad skal kyrkja ta inn desse tinga i sin liturgi, sin spiritualitet, sine ideal? Igjen: Kyrkja tok mange slike ting til seg, som "gode" og "skapte". Ein hadde også ein kreativ "tilpassingsstrategi" (heilage stader kunne bli knytt til helgenar i staden for ånder/alvar etc.) Men dei tok avstand frå mange ting som Tolkien heller "forvandlar", så å seie.
Så eg arbeider med "Real middle earth"; Forskningsverk om Pre-Christian Religions of the North - inkl. kristninga; bøker om kjelder for Tolkiens mytologi; og "The Germanization of early medieval Christianity : a sociohistorical approach to religious transformation".
--
Elles er det mange fine stader ein kan gå tur i Kviteseid, naturlegvis. Mine favorittar: Frå skytebanen og oppover mot Roholtsfjell, særskilt Presttjønn og ryggen/platået lenger opp - himmelsk; Sinnesvegen opp til Ljosvatn, inkl. Kassen - herleg og variert natur; Digernes på Breidalsheii - Kviteseids svar på Ravnejuv og god meditasjonsplass. Også veldig fint på platået mellom Hægefjell og Sveinsheii, men det er ein lang tur.
Ein fin og enkel tur er elles å parkere ved Tveitgrend grendehus og gå stigen innover, til rasteplass med stor utsikt over Bandak. Annan fin og enkel og herleg tur: Køyre inn Straumanvegen heilt til bommen og gå innover. Spesielt fint på sumaren med enorm vegetasjon. Eller: Parkere i byggjefeltet ved grendehuset i Fjågesund og gå opp Ånåsvegen til utsiktspunkt. Eller: Gå bilveg opp frå Lunden, til Undeberg, der dei budde som stod i bresjen for vekkinga i Vrådal. Eller: Gå vegen inn over slusene i Vrådal og inn mot "Kilan" og vidare mot Tarjeisberg. Og mykje meir.
Det er bra å ta med god drikke, vedskier og så lage seg eit bål og sjå på utsikt, tykkjer eg.
--
I det heile er det mykje dysfunksjonelt ved samfunn og liv i dag, og verre skal det bli...i mainstream. Relatert til det eg skriv om ang. Tolkien, så er det subkulturar rundt omkring som vel andre vegar. Også einskilde menneske. Det er godt å erkjenne dette, søke dit, freiste å stå imot det destruktive.
Hmmm. Du spør kva er fiksjon og kva er reell røyndom. Mitt inntrykk er at illusjonen om separasjon (frå Gud) er sterkt tilstades i DnK. Og sikkert også i mange andre trussamfunn idag, for den saks skuld. Samt i det omkringliggende samfunnet. Og når denne glimtvis, eller for nokre få meir varig, slepp taket. Så får ein auge på magien overalt. Som ein naturleg del av den røyndommen som omgjev oss. I små og store ting som skjer i livet, ikkje på tilfeldig men gudfeldig vis. I krafta i eit heilingsrituale. I nærværet på ein heilagstad. I nærværet i naturen.
ReplyDeleteEg har elska Krishna cuisine sin mat heilt sidan studietida, og er no overtydd at det som gjer den store skilnaden er at maten vert velsigna. Eg trur lista ein kunne laga over denslags er endelaus. I makrokosmos gjer det inntrykk når eit land som Tibet (om eg no hugsar rett) venta med å starte med koronavaksinering til det tidspunkt som var ideelt frå ein spirituell ståstad.
Når det gjeld å inkorporere før-kristne moment, så synest eg (som eg har nemnt før) at Jungs arketyper gjev stor meining. Mariakulten byggjer såleis på/er ei vidareføring av Isis-kulten. Som er ein viktig arketype i vårt kollektivt underbevisste (dette synest eg jo også harmonerer fint med at vi er ein kropp- Kristi kropp- med ein felles bevissthet/medvit).
Mogleg den liberal-katolske retninga har nokre fordelar, med dette at dei vil bevare sakramenta i kombinasjon med «den friast moglege tanken». Ref dette med opne alter, at alle er velkomne til nattverd. Og t.d. kan einskilde vere opne for tanken om reinkarnasjon, utan å sjå dette som ei motsetning til eit kristent livssyn. Og ein ser ikkje noko problem med å inkludere apokryfe skrifter. I det heile har ein mykje lågare skuldre i denne tradisjonen, har eg inntrykk av. Og stor frimodigheit, eller mot, til å lese Bibelen, meditere over det ein les, og tolke det inn i sitt eige liv. Eller kanskje særleg sin eigne indre realitet.
Moglegvis treng kyrkja å bli klar over kvifor ho tek avstand frå så mange ting. Mi gjetning er at det kan handle om nedarva traumet frå inkvisisjonen. Ta t.d den såkalla svarteboka, som eg nyleg såg omtala (kort introdusert) på eit tv-program. Essensen var at ho inneheld magi, i hovudsak påkalling av Gud eller jomfru Maria. Og at dette i nemnte tidsalder vart ansett å vere svart magi. Noko som igjen kunne leie til ein smertefull død å vere involvert i. Ikkje så rart då at menge menneske idag kjenner frykt/ubehag i møte med det magiske. Moglegvis ofte utan å vere klar over kvar ubehaget kjem frå. Slik verkar jo alle slags traumer. Inntil dei vert heila, fortset dei å nedarvast gjennom generasjonane. Det er då ein skjønar kor mykje eit einaste menneske si heiling har å seie!
Veit ikkje om desse tankane gjev meining for deg, der du er? Det beste ein kan gjere er vel å søke heiling. Dette kan ein finne i den heilage messa- i rikt monn. Men kanskje bare dersom ein tør å opne seg for denne moglegheiten/krafta.
(som ein i moderne vitskap/skulemedisin kanskje vil kalle «placeboeffekt»).
Å opne seg for at Gud finst- det er jo verkeleg eit heilt nytt liv som ventar. Eit magisk og eventyrleg liv. Det t.d. det å slå «tilfeldig» (les gudfeldig) opp i Bibelen og lese er noko av det mest spennande ein kan gjere. Her kan ein på ein måte dekode den boka eins eige liv utgjer. Og få inspirasjon til å «skrive vidare» (les leve).
Inspirert helsing Gunhild
Ps: tusen takk for turtips!!
Ein annan ting, om fiksjon versus røyndom. Når veldig mange t.d. ber rosenkransen. Eller tidebønner. Over lang tid. Så set dette varige spor. Særleg trur eg dette gjeld i astralverda, der det også finst «mange mørke gater» (som følgje av meir luguber verksemd, t.d såkalla svart magi).. Men tidebønn og rosenkransgatene er altså ikkje mørke, men svært godt opplyste. Med litt andeleg trening, trur eg ein kan øve seg opp i å kjenne skilnaden. Og dermed også kunne ta stilling til kva rituale frå t.d LOTR ein kunne teke inn i kyrkja utan problem. Ein må altså øve opp skjelneevna si, samt våge å stole på sin eigen varheit/awareness. Det tryggaste (og moglegvis heilt naudsynte) er vel også å ha ein tradisjon i ryggen. T.d. den vestlege visdomstradisjonen.
ReplyDeleteGunhild
For å dra resonnementet heilt imål:
ReplyDeleteOm LOTR er fiksjon eller røyndom;
- i den grad han brukar arketypar som allereie ligg der i den kollektive underbevisstheiten. Som Gandalf = Kristus 1:1. Då vil eg påstå at dette på eit djupt nivå i oss er røyndom. Røyndom ikledd ei ny drakt.
- Så er det alle desse som trykker Tolkien/LOTR til sitt bryst (deg sjølv inkludert!). Om dei nyttar rituala i Tolkien, som å synge over urter. Så kan dette skape varige spor i astralverda ja. Gode spor vil eg tru. Med moglegheit for vidare forbindelse oppover i sfærane (Ref Livsens tre i Kabbalah).
-Men var det å skape ein eigen kult Tolkiens hensikt? Her er det vel først og fremst kven Tolkien var, som er avgjerande. Sidan han ikkje ynskte ar bøkene skulle lesast allegorisk: kanskje var ikkje hans intensjon at ein skulle bruke rituala i LOTR «direkte»? Men heller at LOTR på eit djupt indre plan kunne hjelpe oss å «pakke ut kristendommen på nytt» (for å bruke uttrykket til min andeleg rettleiar)? På same måten som eventyr og segner også inneheld djup visdom? Slik trur eg kanskje det er :) Isåfall verkar det jo som at Tolkien hadde stor sans for både det rituelle og heilage.
- Dersom Tolkien var ein som kunne rettleie andre i andelege spørsmål. Så er det ikkje umogleg å få kontakt med han for andeleg rettleiing. Det er vel ikkje noko ein kan vente seg eller «bestille». Men eg meiner det finst eksempel på at folk har teke imot andeleg rettleiing frå avdøde lærarar. Sjelene våre vert jo ikkje borte når vi døyr, men fortset å påverke livet på jorda-
Helsing Gunhild
Ja, det er mykje visdom her. Eg veit ikkje kva eg skal tenke om det du seier om "astralverda" - det kan vel for så vidt også seiast å vere "det himmelske" - men eg tek det med meg. Eg mistenker nok at Tolkien også ynskte at "praksisar" frå bøkene - som altså har reelle røter i historia - gjerne skulle inspirere vår praksis i dag. Men stort felt.
ReplyDeleteDet er vel difor ein nokre gonger snakkar om himlane i fleirtal. Astralverda er rekna for å vere den lågaste, den som er tettast på vår verd. Livsens tre. Kabbalah opererer jo med 10 sfærer da, der Jesod svarar til astralverda.
ReplyDeleteFår elles veldig lyst til å lese Tolkien , interessa di «smittar»! Kva bok bør eg isåfall starte med? Hobbiten? Originalspråk eller omsett utgåve?
Helsing Gunhild
Eg las abbey of misrule- covered in birds. Noko å tenke på. Mykje i verda som dreg fokus vekk frå det som er viktig. Sjølv prøvar eg å utforske Chesed-sfæren (miskunn), som har vore ei blindsone. Der er det fred, anabolisme (oppbygging) og nåde. Og glede.
ReplyDeleteG
Skulle du ynskje meir informasjon om dei ulike sfærene på Livsens tre. Så er Dion Fortunes bok «KABBALAH- Vestens mystikk» ei god innføring :) (eg har sjølv så langt bare lese Chesed-kapitlet, men trur eg må bestille heile boka). helsing Gunhild
ReplyDeleteJa, no er eg såvidt igang med Ringdrotten. Fann ut at hjartespråket er det beste :)
ReplyDelete