Eg må seie at det er veldig spennande å lese om Quisling, som no er på kino. Quisling har ein bakgrunn som på mange vis eg kan kjenne meg att i. Presteson frå Fyresdal. Boklærd, levde "i hovudet", tenkte ut system. Vi delar mykje det same kulturelle jordsmonnet. Altså blir det veldig spennande å forstå - slik Dahl søkjer å gjere - korleis han kunne ende opp som han gjorde. Det attpåtil når han var ein "heilstøypt" person med høg moral, enorm kunnskap, sterk integritet, mykje livsrøynsle.

Her er mange sider som har vorte "gravlagte" etter krigen fordi han var landssvikar. Til dømes: Quisling redda kanskje hundre tusen menneskeliv i Ukraina og områda, då det var svoltkatastrofe her. Tenk det. Han stod på intenst for å dokumentere nauden og informere omverda. Var han ikkje vorte landssvikar, kunne han vore "Fyresdal sin store son", og ein stor helt. Altså: Ein kompleks og samansett person.

Men helt? Slik skulle det ikkje gå. Han hadde store ideal, levde altfor mykje inni eige hovud og eigne forestillingar, var menneskeleg sett ofte naiv. Ein kunne seie at han var stormannsgalen, og det var han kanskje også. På den same tid var han frå barndomen av ein einer i alle intellektuelle samanhengar - og denne posisjonen skulle han halde på, også framover i livet. Han var ein intellektuell gigant som stundom gjekk over i megalomanien.

Han vart på mange vis riven med av den forferdelege utviklinga i Europa på 30-talet - både intellektuelt, sosialt, politisk. Eit svært memento. Han tok til seg raseteoriar. Men desse var utbreidde på denne tida. Det trengtest ein solid kritisk bakgrunn for å stå imot, på mange vis. Men hans sindige prostefar var no død, og Quisling var ein samvitsfull kristen...som ikkje gjekk i noko kyrkje. Med andre ord: Han var ute på intellektuelt ope hav, må ein seie. 

Quisling hadde sikre idear om kva som ville skje med Noreg i mellomkrigstida. Han såg at Ap nedrusta landet og gav opp forsvaret. Han såg at England tenkte på å kome Tyskland i forkjøpet under krigen, og okkupere landet. Russland og Tyskland ville slå attende med overlegen makt. Noreg ville ende opp som Polen - dela mellom Tyskland og Russland, totalt øydelagt av krigføring (som seinare skjedde i Narvik etc.) 

Quisling laga NS. Ei rørsle med motsetnader. Det skulle vere ei andeleg rørsle. Det skulle vere ei nasjonal rørsle. Det skulle vere ei mobiliserande rørsle. Det skulle vere ei rørsle for å fornye Noreg, ovanfrå. Her vart etter kvart hird, flagg, marsjar etc. Meir og meir nazistisk. Quisling fylgte med på utviklinga, og freista å vere "god" midt oppi dette. Det var han strategi vidare også. Det skulle ikkje ende godt. I det heile meinte Quisling også at demokrati, parlamentarisme, partivesen paralyserte Noreg og øydde bort det nasjonale samhaldet etc. Dette er ei problemstilling som no for øvrig ulmar djupt i Europa og USA. 

Quisling frykta framfor alt kommunismen, d. e. at Noreg og Europa skulle få ein kommunistisk revolusjon. Få visste betre enn Quisling kva som då ville skje - han hadde levd i aust-Europa i mange år og sett ting med eigne auga. Noreg måtte inngå fred med Tyskland og halde seg så nøytralt som mogleg. Dette kombinerte Quisling med sin NS-tanke om ei ny politisk ordning for Noreg som skulle reise opp att Noreg til gamle andelege høgder og gamal stordom. Så skulle Europa bli ei felles makt, eit stor-Europa. Men dersom det kom til krig, sa Quisling, måtte valet for Noreg vere at vi slutta fred med Tyskland. Både fordi dette ville frelse Noreg frå krigshandlingar og øydeleggjing, og fordi Tyskland ville frelse oss frå kommunismen - og så ville Tyskland vere garantist for eit fritt Noreg etter krigen, der Europa var i ein solid allianse. Terningen vart kasta, Quisling tok makta då tyskarane rykte inn i Noreg. 

Vi tek altfor lett på nazi-situasjonen om vi ikkje forstår dei veldig vanskelege dilemma som folk på denne tida var stilte overfor. Fyrst og fremst: Sosialistrevolusjonen som raserte Russland, og som det var sterkt arbeid for å innføre i heile Europa (også i Noreg). Dette måtte eit alternativ til. Nazismen var, som eg ofte har tenkt, eit ideelt og attraktivt system! Sosial velferd, orden og disiplin, stoltheit over folket og nasjonen, vekt på born og familie, effektiv statsstyring, industriell framgang, von for framtida, økonomisk framgang. I det heile: What's not to like??? Det store problemet var at nazismen var heidensk, anti-kristen og hadde menneskesyn og natursyn som var utvikla på 1800-talet (Wagner, Nietzsche, Darwin, Spencer etc.) + arven frå Napoleonskrigane og framfor alt traumet frå fyrste verdskrigen kombinert med bitre frukter av frimarknadskapitalismen. 

Kva skulle folk i staden ha gjort? I staden for å bli som Quisling, eller fylgje Hitler? Eitt mogleg svar, er: Dei skulle vore lojale mot den katolske kyrkja, som vel var den einaste institusjonen som verkeleg heldt fast på guddomeleg autoritet og eit nestekjærleg menneskesyn, då nazismen breidde om seg. Protestantiske kyrkjesamfunn vart ofte rivne med, då særleg i Tyskland. Her i Noreg var skule og kyrkje i solid opposisjon mot Quislings massive forsøk på å innrullere heile folket i NS-ideologien. Ein kunne seie: Kunne ikkje folk heller "gå for" liberalisme - i staden for kommunisme og nazisme? Weimarrepublikken klarte ikkje å hanskast med problema: Ekstremisme, bitterheit frå krigen, økonomisk depresjon og ulikskap, isolasjon i verdsfellesskapet, fragmentert og ineffektiv politikk.

Quisling er på mange vis ei gåte, som eg søkjer å forstå. Han leidde NS. Dei angav mange nordmenn. Quisling ville sende 50000 til krig mot aust, i det tyske hærtoget dit. Quisling var ministerpresident medan jødar vart sendt til dødsleirar. Han hevda at han ikkje hadde med dette å gjere, men det er det grunn til å setje spørsmålsteikn ved - i alle høve var han ein tydeleg antisemitt. Han stod direkte ansvarleg for at mange nordmenn vart avretta. På den andre sida stod han i ein umogleg skvis; han trygla mange gonger til tyskarane om ikkje å avrette nordmenn. Han mista trua på raselæra. Han meinte at Barbarossa var ekstremt øydeleggjande. Til dette må ein seie: Ja, men dersom du tenkte slik, kvifor heldt du fram på din post?

På mange vis inngjekk Quisling ein "devil's bargain". Han sette si lit til Tyskland. Det var det mange som gjorde, men dei fleste hoppa av då dei såg kor ille Hitler var. Quisling stod på sitt, og var lojal mot Tyskland. Men Tyskland vart berre verre og verre. Som ein av hans medhjelparar sa - då jødeforfylgjingane byrja i Noreg, burde han trekt seg som politiker. Då måtte det vere klart kva det var for regime han samarbeidde med. Men det gjorde han ikkje. Han stod bom fast på at hans veg var den rette, den beste for Noreg etc. På mange vis levde han inni hovudet sitt, knytt til sine faste overtydingar og analysar. På nokon vis kunne ein kanskje seie at han var meir trygg på system og tankar og logikk enn på livsstraum, prosess, nye moglegheiter, innskot i historia etc. Quisling - ein norsk tragedie. 

Han kjempa for Noreg og nordmenn. Men midla var feil - samarbeid med nazisme, førarprinsippet, NS og hird, rasisme. Statskupp og overgjeving av landet til invaderande okkupasjonsmakt. Men Dahl har rett: Studiar av Quisling viser ein person som - svik i trass - er langt meir interessant enn ein kan tru. Ein svikar med liv på samvitet - som likevel har full tru på seg sjølv og si sak, og som meiner han gjer det beste for sitt land. Vi blir ikkje så raskt ferdige med Quisling, trur eg, liksom vi heller ikkje blir ferdige med nazismen, inntil vi forstår korleis og kvifor nazismen kunne oppstå - og vi forstår kor mykje godt nazismen arbeidde for, sjølv om heilskapen vart forvrengt av ei beint fram satanisk sjel. 

Comments

Popular posts from this blog