Spreidde tankar

- Det var leir for konfirmantane. Veldig god stemning og godt fellesskap blant Vest-T konfirmantane. Det var tankevekkande. Det er viktig for konfirmantar å fylgjast opp av trygge vaksne, som stadig kjem og snakkar med dei, er i nærleiken, spør "går det bra?" etc. 

Det var underhaldningskveld. Ein ung kar frå Seljord gjekk opp på scena åleine. Musikken på anlegget starta. Det var "Geitebonde frå Vinje". Full og heftig allsong med 200 konfirmantar, roping og hoiing og trampeklapp. Neste band: konfirmantar + vaksenleiarar som framførte "Odelsguten". Kjempestemning. Og det var ein frå Lårdal som song "What are words", og heile salen tente mobilane og veiva dei fram og attende. 

Det var tankevekkande, det var noko unikt som vart skapt på denne leiren. Eg tenkte på korleis desse skulle kunne møtast att etter leiren, slik dei også ynskte. Og elles tenkte eg Snorre, som skriv om kongar og hovdingar at dei var sterke og flinke i alle slags sportar. Ein kan vere god til å game etc., men det slår ikkje det fysiske. Ein kan også vere god til å lese bøker etc., og det er viktig - viktigare enn å game. Men ein treng også fysisk fostring. Veldig positivt med konkurransar, volleyball, fotball etc. 

Og kva spiritualitet og tradisjonar skal dei unge ha? Gregoriansk song, gamal liturgi, folketonar? Moderne lovsong a la hillsong? Powerpoint-presentasjonar og poeng med utgangspunkt i moderne fenomen? Stein og tre og handverk? Ein må undrast. Dei fekk litt av kvart på leiren. Men litt for lite rå eldgamal tradisjon, meiner eg. Litt for lite liturgisk bøn med vakker og handlaga kyrkjekunst etc. 

Og kva skal dei ete? Husmannskost, frukt, graut? Potetgull, energidrikkar, slush? I kva proporsjonar? Det usunne er sunt - i små mengder. Men det usunne er veldig usunt i store mengder. Men det er ikkje nok å berre "seie dette". Det må setjast inn i ein større samanheng, om kropp, helse, psyke, framtid, skaparverk, kroppen som tempel etc. 

Og kor lenge skal dei sove? Dei sov vel ca. 6-8 timar kvar natt. Mange vart sjuke/utslitne i løpet av leiren, særleg dei siste dagane. Ein 14-åring treng vel 9 timar kvar natt. Er det heilt topp at ein "køyrer på" på leir fordi "dei er jo unge"? Eller skulle ein seie: Nei - dei bør ha ni timar, dvs. vere i seng 2230 og oppe kl. 0800. Eg vil seie dette. Eg sa det også, på god-natt rundane. "No må de sove, så de får kvila kroppen og tankane og får nye krefter, slik at morgondagen blir gøy". 

Og kva skal ein seie om smarttelefonar? Dei vart mykje bruka. Før har vi kjefta på bruken, men det var såpass motproduktivt. No fekk dei beskjed, men så var det ferdig med det. Mange bruka det likevel, sikkert også på natta. Men - når det er sosialt, aktivt, planlagt program etc., så blir behovet for smarttlf. mykje mindre. 



- Neste sak. Det byrjar å bli mainstream, også blant det (i mangt) villfarne "medical establishment" at vårt indre - tarmen - er essensiell for god helse. Men korleis ein skal skape god helse i tarmen, er noko meir uklart. "Leirfaktorane" ovanfor er essensielle. Det byrjar å bli meir vanleg med såkalla FMT-behandling, som verkar lovande. Vi får sjå korleis ting går. Noko av det viktigaste er å ha gode støttepersonar og medvandrarar som vågar å tenke utanfor den moderne boksen. Helse er noko djupt og mystisk som handlar om å leve overeins med naturen, men også å vere sterk og kjempe imot fiendekrefter. Moderne helsevesen har eg diverre mykje imot, men det er ikkje så mykje å gjere med det, på ein måte. 


- Det var mykje meir ein kunne seie, men dette var då dagens refleksjon.  



Comments

  1. Hmm, eg kunne vere freista til å seie «It’s right under your nose». Og likevel- skjult, så å seie. Tilslørt av ein illusjon om at me er separerte frå Gud.

    Heiling og heilagt har vel same opphavet, etymologisk sett. Det er knapt noko som er meir heilande enn å ta del i den heilage messa. Men då må ein også vere medviten om at ho er heilag. Det er som om store delar av samfunnet har mista det heilage av syne, inkludert DnK. Det er vel også difor prioriteringene vert som dei vert, jf det som du sjølv sakna meir av.

    «Alt de ber om i mitt namn, skal de få», har Jesus sagt. I store delar av mitt liv har eg ikkje bedt om noko som helst. Det fall meg ikkje inn, rett og slett. No trur eg det har samanheng med ein traumereaksjon. Har ein dette som ei tilpassing, så kjem ein dessverre ikkje på å be om hjelp. Ein har andre overlevingsstrategiar, så og seie.

    I ljos av dette vert det endå viktigare å heile traume. Eller i 1.omgang stabilisere, slik at ein på ny vert tilstades i eigen kropp. Og då, når ein ikkje lenger er anten konstant avstengt eller open, så kan ein opne og lukke sansane ettersom det passar. Inkluder det å opne seg for Guds påverknad gjennom bønn og kontemplasjon.

    Mykje av elendet i verda kjem av at ein kun er medviten om det materielle. Det er kanskje også dette som er skulemedisinen sin største svakheit. Litt som Sarumann argumenterte- det spelar inga rolle kva makt vi tener, så lenge vi får auka kunnskapen vår, så lenge vitskapen har framgang. Men, dette er ei alvorleg feilslutning, og det er også difor me ber «frels oss frå det vonde» i Fadervår. For me må djupare inn, og høgare opp, til det sanne, vakre og gode. Eg lærte nyleg at det er dette bøna «Gje oss idag vårt daglege brød» handlar om.

    Frodo trur eg skjøna dette, og også dei fleste på rådslaget til Elrond i Rimnadal. Edward Snowden skjøna nok dette då han varsla om ulovligheiter, og med det risikerte heile sin trygge eksistens. Og Jesus, i større grad enn nokon andre, må ha skjøna dette. Tenk bare på kontrasten mellom palmesøndag og langfredag.

    Og oppgåva han gav læresveinane var å forkynne evangeliet, den glade bodskapen om at Guds rike er nær. Eller som han også sa: «mellom dykk og i dykk». Innsikt om dette er i seg sjølv heilande, ifølgje læraren min. Og i tillegg gav han dei (og dermed også oss) oppdraget om å heile verda.

    Ja, som du ser, eg meiner nok at menneske av god vilje gjer den viktigaste jobben på denne fronten. Så er det nokre grunnleggande ting som må vere på plass for å klare å få til noko som helst. Ein del av dei kraftig undervurdert i vårt samfunn, t.d søvn og kosthald. Og så må ein vel på sett og vis ta ansvar for å heile eigne traumer. Og når ei har funne ut korleis, kan ein kanskje også vere istand til å hjelpe andre. Moglegvis kunne eg gjort dette gjennom tidlegare nemnte EXIT-grupper, i tidens fylde. Eg har også lært ei bønn om heiling, som kan nyttast etter nærmare avtale med den det gjeld. Forbønn for einskilde under den heilage messa har eg også sett at kan vere svært effektivt, samt heilingsrituale (på bakgrunn av eiga erfaring). Det same gjeld konsultasjon med healer/klarsynt. Endeleg har eg også lært ein meditasjon som har eit sterkt heilande potensiale, som ein overføre til ein annan som er like nærleiken.

    Reinsing, heilagjering, heiling. Potensialet er enormt. Og «right under our noses».

    Ein smakebit av dette, var det eg kunne ynskje for konfirmantane. Eit lite glimt gjennom sløret. Eller å få vite at slike glimt finst, er moglege. Samt kunnskap om at kroppen er eit tempel, og alt dette inneber. Fellesskap med volleyball og allsang er vel og bra. Men det dei kunne fått, som resten av samfunnet vårt synast å vere så fattig på. Det hjartet hungrer etter. Det var vel det dei hadde tronge mest av alt. Utan at dei nødvendigvis er medvitne om det-

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Angåande FMT, så har eg ikkje så god greie på dette. Men ein viktig ting mht tarmflora må jo vere å avgrense antibiotikabruken. Det burde me jo også gjere uansett, for å hindre utvikling av resistente bakterier (og då særleg i solidaritet med etterkomarane våre).

    Bakterieflora i tarm vert også påverka av om barnet er fødd med keisarsnitt eller naturleg. Der sistnemnte er rekna for å vere «heldigast». Så kanskje det vert meir vanleg å forebygge seinare problemer med FMT også for dei små.

    Elles trur eg tillit eller mistillit til behandlingsapparatet i seg sjølv er ein viktig faktor for å bli frisk. På same måte som det finst placeboeffekt, finst også noceboeffekt. Tankens kraft er ikkje utan betydning, samtidig som kvar og ein har eit ibuande potensial for heiling. Her gjeld det same som for terapi, trur eg. Terapeuten må tru på det han driv med, klienten må ha trua på den aktuelle terapiformen og relasjonen dei imellom betyr også mykje. Dvs for at det skal virke-

    Gunhild

    ReplyDelete
  3. Ja. Takk for forståingsfulle og innsiktsfulle kommentarar.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog