Oppdatering, for min faste lesar og eventuelle andre. (Eg trur vel eg er flagga av google av ei eller anna årsak, sikkert noko eg har skrive som dei har reagert på, dvs. at bloggen ikkje kjem i søkjeresultat). 



 - Eg takkar for musikkleksikon. Det er ei gullgruve. Det er veldig interessant og innhaldsrikt og seriøst. 2000 sider med seriøs og god informasjon. Frå før 1950. Det var ei god gåve - eg takkar audmjukt. 


- Før 1950. Er dette ein fordel? Ja og nei. He! No kan ein fylgje opinionen frå veke til veke. Svært interessant, svært tankevekkande. Kva er det siste nett no? "Boomers" har no med eitt kome under sterk kritikk. Dei har tenkt på seg sjølve fyrst og overlatt rekninga til Gen Z. John Lennon var ein helt før, no er han plutseleg nærast eit hatobjekt, fordi han var radikal og avskaffa alt av tru, kultur, strukturar. Han blir "hovudsymbolet" på radikalismen som no blir erkjent som destruktiv. (Berre for nokre månader sidan spela eg ein konsert. Ei dame spurte "kan vi ikkje synge Imagine...?" Eg sa: "Veit du kva den teksten handlar om?" "Jo, men han er jo så fin". He. Men no byrjar dei unge å sjå kva teksten handlar om - eit utopia som ikkje vart realisert - og forsøka på å skape det via kulturrevolusjon. 

Denne erkjenninga medfører også andre sprø konsekvenser. Som at det no byrjar å bli pop å seie at Hitler var ikkje så verst likevel, at Churchill var ein folkefiende, at ein kanskje burde slutta fred med nazismen for å unngå tilstanden som vi er inne i no etc. Det er verkeleg eit argument her, sjølv om konklusjonen er absurd. Spørsmålet er så å seie kva annan retning samfunnet bør ta, i staden for den nyliberale. Og den andre retninga må ta inn att mykje av det som nazismen heldt høgt - jord, ætt, kultur, patriotisme, orden, styrke, familie, etnisitet etc. Men sjela må ikkje bli demonisk, som den gongen - det er utfordringa. 



- Preika. Jo, på sundag var om skaparordning, samliv, kjærleik og ekteskap etc. Mine poeng var som fylgjer: 

- Det er eigentleg vanskeleg å vite kva ein skal seie til eit par som giftar seg. Mange har vore sambuarar lenge. Dei veit så å seie mykje av kva det går i. Kvifor dei giftar seg no...det kan det nok vere ulike årsaker til. I det heile er "det indre livet" i ekteskap og familie lite tematisert i dagens samfunn - svært lite. Nokre bryt gjennom ved å skrive røyndomslitteratur. Vigdis Hjorth, Gundersen, Knausgård etc. Bergman laga film om det. I det heile er det fleire lag i ein heim - det heilt indre livet som ingen ein gong sjølv kjenner inni seg sjølv - og så medvitet - og så det som seiast og skjer - og så maskane som kjem på utanfor huset sine fire veggar etc. All the secrets...and no one to tell. Ein må undrast - var det slik før i tida også - eller var det meir "konforme" måtar å leve som ektepar og familie? Eg trur vel på mange vis det, ikkje minst fordi vi hadde ein meir einskapleg kultur. Men det er klart - det er ein heilt naturleg del av livet å ha fleire lag, og "verne om" sitt indre liv. 

I alle høve, i vigselsandakt prøvar eg å dele gode ord, formaningar, velsigningar - byggje på solide vise folk, diktarar, bibeltekstar og salmar. Sidan eg ikkje har vore gift sjølv, manglar eg nokon grunnleggjande røynsler, men eg gjer det beste ut av ting. CS Lewis sa: Det viktigaste i eit ekteskap er å vere "decent people" (ein britisk ting å seie). Men det er visdom i det. 

Ein kom til meg etter preika og sa at han tykte preika var interessant. Han nemnte at han hadde delteke på ekteskapsdialog-kurs, og det hadde vore til veldig stor hjelp. Det høyrdest bra ut. Det var på mange vis ei hjelp for nettopp å ha dialog om samlivet. Jordan P seier det same: Ein bør ha familieråd ein gong i veka og "ta opp" ting, slik at det ikkje blir konstante diskusjonar gjennom veka - men også slik at ikkje ting blir gravd ned over tid. Skjønt - dei fleste usemjer blir ikkje nett "løyste", men finn likevel ei slags praktisk løysing likevel.  

Attende til preika. Kva ekteskap er, er det ikkje heilt semje om i kyrkjesamfunna. Dog dreier det seg primært om kvar ein legg vekta. På nokre vis må ein seie at kyrkje og bedehus for 100 år sidan låg nærare den katolske kyrkja enn Dnk gjer i dag. Eg er overraska over kor ulike og mangfaldige termene og orda for ekteskap og samliv eigentleg er. Kone, husbond, gift, vigsel, ekteskap, matrinonium etc. Tanken om at kvinna gjevast bort til samlivet, er framtredande (jfr. debatten i VL i sumar om det er rett at bruden sin far skal føre henne fram til brudgomen). Eller også norrønt "kvennfang". Ein må undrast på om det ikkje ligg noko i menneskenaturen her, som er undertrykt i vår tid. Dog: Kristendomen i norrøn tid gav tydeleg "medbestemmingsrett" til kvinna. 

Men nok eit vesentleg og mystisk poeng som er vanskeleg å tale ope om i dag (!) er som det seiast så mange gonger i bibelteksten. Mann og kvinne er "av det same" (sjølv om 1 Mos vitterleg seier at kvinna er "av mannen", slik Paulus også seier). "Kjøt av mitt kjøt" etc. Det betyr også: Mann og kvinne er på mange vis "to halve", yin og yang, sol og måne etc., sjølv om ein kan fundere på om ikkje 1 Mos freistar å seie at mannen er hakket meir sjølvstendig enn kvinna. Dette ligg nært, særleg i tradisjonelle kulturar (dvs. ein mann kan vere ein einstøing og klare seg med jakt og husbyggjing; det kan ikkje kvinna, stort sett). Men å vere åleine er også ein stor risikofaktor for ein mann, dvs. "ikkje godt".  

Eit viktig poeng: Menn er menn, kvinner er kvinner. Menn er sterke og flinke på visse ting - men svakare på andre. Vice versa med kvinner. Det er ikkje noko "gale" med verken menn eller kvinner. Dei er slik dei skal vere. Men dei blir fyrst "fullenda" når dei "held seg til" kvarandre. Dette er ein dynamisk og kreativ union som sjølvsagt ender i born - men også i mykje anna kreativt. Tolkien seier at mannen fertiliserer kvinna - men ikkje berre seksuelt, også i vilje, tankar, prosjekt etc. Kvinna er reseptiv, men ikkje nett passiv. 

Noko nytt skapast i alle høve, noko som ingen av dei kunne få til på eiga hand. Dette er logikken i 1 Mos: Adam-jordmennesket-åleine fungerer ikkje bra. Gud delar Adam i to bitar, så det blir "isj og isja", "man and woman". Det talast om "eitt kjøt", "ein kropp". Underleg, dette også. For det er vitterleg to kroppar, sjølv om dei sameinast fysisk, og produserer ein ny kropp (born). Det er underleg. Dei får same retning, same vilje etc. - i mange ting - men dette er dynamisk, subjektivitet blir ikkje borte. Heller er det to "prinsipp" som går opp i ein høgare einskap. Leseteksten sa elles: Mannen skal elske kona, ha omsyn for hennar behov mm. Men kvinna? Skal ha ærefrykt og respekt for mannen, som er hovud. (Politisk ukorrekt, men svarar til vesentlege sider ved menneskenaturen, og det er ein pris å betale for å gå imot dette. Denne prisen "føler" det moderne mennesket, men det er ikkje lov å tematisere dette med ord, og linjene mellom prikkane blir ikkje trekte).

Eit stort mysterium - Kristus og kyrkja, mann og kvinne. I det heile er det på mange vis ein slags massiv "collateral damage" eller jamvel eit svik at samfunnet i dag ikkje talar sant om desse tinga. (Så rett ut sa eg det dog ikkje i preika). Dette er sjølve kjernen i den dramatiske revolusjonen eg peikar på ovanfor (katastrofal utvikling i fødselstal, datekulturar, tinder, onlyfans, kjønnskamp etc. - dog langt, langt verre i Oslo og USA enn i Vest-Telemark). Det som Sigurd Skirbekk omtala som "ideologisk dysfunksjon" og manglande berekraft. Den dominerande metaforen i desse sakene er henta frå the Matrix. Red pill er å sjå gjennom illusjonane og akseptere sanninga. Blue pill er å akseptere illusjonane som forast frå medier, politikarar, akademia etc. Men snart blir vi vel red-pilla, alle saman - matrisen bryt saman. (Eller: Blir berre sterkare og sterkare og overtydeleg og vanskelegare å bryte ut av). 

Menmen, ein må ikkje bli usunt radikalisert, det er viktig. I preika peika eg på ortodoks liturgi og symbolikken i at ekteparet kronast (som ved bunad). Mann og kone blir no martyrar. Dei skal gje seg sjølv - ikkje utslette seg sjølv - men bruke den dei er og det dei kan etc. for å byggje opp ektefelle, ekteskap og familie (framfor alt born). Alle er kalla til å bere sin kross; den som går inn i ektestanden skal bere krossen der. 

Vidare: Dei som blir krona, blir konge og dronning over sitt rike - heimen sin. Alle kristne skal vere "eit kongeleg presteskap". Men dei som går inn i ektestanden, skal leve dette ut der. Dei skal byggje sitt rike i fred og rettferd, og gjere det godt for borgarane (framfor alt borna som skal leve der). Heimen blir - seier då den ortodokse kyrkja - som ei slags kyrkje, ein del av gudsriket på jord. Eit interessant poeng som ein må undrast på. I mange religiøse tradisjonar har det vore vanleg med husaltar av ulike slag. Det er ikkje vanleg for lutherske i dag. Ein må undrast på dette. Eg avslutta preika med Bernt Støylen si salme frå den grøne salmeboka - "Allmakts Gud og kjærleiks fader". Det er nok den beste salmen. Ho vart ikkje med i den nye raude salmeboka. 


Dette var førre sundagens preike. 


Comments

  1. Takk for blogginnlegg! Mange gode poeng i førre preika di, og ei veldig fin salme. Men at sambuarar veit kva det går i? Det er vel akkurat det dei ikkje veit? Dvs. det må vel vere ein stor skilnad. Eller burde vere det. Ein kanal av nåde som opnast? Eit stort mysterium. Eit før og etter.

    Eller, så kan ein vel også seie at å vere sambuarskap ikkje er den optimale førebuinga til ekteskap. Men at ein heller bør velge kyskheit, og gifte seg før ein går noko vidare (etter ei forlovingstid) Så då vil eg (nesten) påstå at du som andeleg rettleiar kjem inn på feil tidspunkt. Konfirmasjonsundervisning er vel kanskje rette kontaktpunktet.

    Så når sambuarar giftar seg vil eg påstå dei treng syndsforlatelse og reinsing. Dvs om ein verkeleg skal vere tru mot den kristne læra, og det denne står for. Men det vert kanskje for drøy kost i våre dagar.

    Verkeleg tankevekkande Tolkien sin tanke- at mannen fertiliserer kvinna på mange måtar. Kanskje det er del av prosessen med å bli eitt kjøt. Elles seier jo pave Johannes Paul i kroppens teologi at ekteskapet er som eit vegskilt som peikar mot relasjonen/foreininga mellom Gud og menneske. Eit vegskilt er jo ikkje det same som målet, men kan hjelpe ein å nå målet. Få ei
    fornemming av mysteriet, kva dette handlar om.

    Godt at musikkleksikonet fall i smak :)

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. «til evig bryllaupsfest dei held»
    heilt til slutt i nemnte salme. Det må jo vere bryllaupet mellom menneske og Gud det er tale om?

    G

    ReplyDelete
  3. Hei!

    Du, når det gjeld parforhold, sambuarskap, ekteskap - eg er grøn, og har den forståinga eg har, så å seie. I det heile undrast eg ofte. Kva tenker eigentleg partnarar om kvarandre (t. d. i sambuarskap)? Kva talar dei om - kor opne er dei overfor kvarandre om framtid, tillit, truskap etc.? Korleis opplevast samlivet, reint emosjonelt?

    Eg les ei bok om japansk kultur. Der stod det: Ektepar talar ikkje mykje med kvarandre om kjensler og om forholdet - det er eit ideal å kommunisere utan ord. Det er også vanleg å tenke at parforholdet er bygd på gjensidig avhengigheit. Ein treng ikkje i så stor grad seie "eg set så pris på deg" etc. Dette tenderer til å bli "taken for granted", i motsetnad til i vesten.

    Eg er i prinsippet samd om det å gifte seg utan å vere sambuar. Det er jo også den tradisjonelle kristne oppfatninga. Eg trur også det er mest visdom og stabilitet i det...men det føreset jo også mange andre "stabile premiss" rundt ekteskapet, på ein måte. Eg talar også om ekteskap etc. med konfirmantar. Men kulturen er som han er også etc., som du peikar på.

    Nei, kva skal ein seie. Eg veit ikkje. Men evig bryllaupsfest, det er rett, ja. "Han er min brudgom, jeg er hans brud", "du er beden til bryllaup i himmelen" etc. Bedehussalmane tala mykje om dette.

    ReplyDelete
  4. Hmm, ja. Alt kan vel heller ikkje uttrykkast med ord. Slik sett gjev den japanske skikken meining. Embodiment. Bodily knowing. Kroppen alltid eit skritt framføre tanken. Elles interessant uttrykk, «tatt for gitt». Oftast negativt lada. Men det var jo eit hovedpoeng i nemnte kroppens teologi av den tidlegare paven. Å gje seg sjølv fullt og heilt. Kanskje dette ligg til grunn for den japanske skikken-

    Det finst nok ingen fasitsvar på dei spørsmåla du stiller. Men omtrent like mange variasjonar som det finst par. Kvart felt er unikt. Eit kjernespørsmål trur eg kan vere: Likar eg den eg blir, saman med den andre? (Her bør vel helst svaret vere ja, om ein skal gje eit livslangt løfte).

    Eit anna: Kva er Guds vilje med livet mitt? Og med livet til den andre? Og forholdet? Og korleis finn ein ut dette? Mi erfaring er at det handlar om graden av motstand og disharmoni. Så trur eg ein må innta ein ydmyk posisjon og seie: som du vil Gud, ikkje som eg vil. Skje din vilje. Meditere, be og lese, og la seg leie.

    Og det evige bryllaupet er no ingen dårleg plan B. Eller plan A for den saks skuld. Ein meir trufast brudgom finst ikkje.

    G

    ReplyDelete
  5. Kva meiner du med graden av motstand og disharmoni? Ja. Eg trur du har rett med det japanske. Gje seg sjølv, og "gjort er gjort", så å seie - og meir eller mindre like forventningar. Og at kropp og kjensler er meir primært enn tale - dette står også i boka! Mange ord vert rekna som eit teikn på uærlegheit, og orda høyrer til "det ytre" - i motsetnad til mage og hjarta, er sanninga er å finne.

    Det er mykje sjukt med det moderne feminist-tinder-liberale-kapitalistisk-industrielle synet på livet og parforhold, trur eg. Noreg var betre allereie på 90-talet - og endå meir på 70-talet, trur eg.

    Også bra å kunne "vere seg sjølv", så å seie - å bli akseptert, ja.

    ReplyDelete
  6. Bare at det er den måten ein (eg) erfarer å bomme på målet (synde). Som vel er det motsette av å følgje Guds vilje. Masse motstand og disharmoni. Kamp. I motsetning til når ting bare fell på plass og livet er harmonisk og fylt med fred. Moglegvis er det vel også lærepengen ein fekk som gjorde at ein traff betre på neste forsøk (y).

    Iht. jødisk visdomstradisjon startar kjærleiksrelasjonen med ord, så vidt eg hugsar. Og når ein er ferdig med orda, puster ein saman. Osb.

    G

    ReplyDelete
  7. Det finst nok elles inga universal sanning. Kvart uttrykk (t.d. mange ord, få ord) må tolkast ut frå sin kontekst. Ekstra utfordrande blir det nok i relasjonane mellom to frå to ulike kulturar. Dvs å fortolke kvarandre rett. Då må det vere viktig å sjekke ut prosjeksjonane sine. Eg såg…,då tenkte eg…,,,stemmer det?

    ReplyDelete
  8. Ja. Livet levast framlengs. I dag har eg site på nettet i mange timar. He. Det er ferie, då. Dette vart sløve-og-sløse dagen (sjølv om eg har hogd ned eit tre, reinsa takrenner, øva piano og trommer og lese i japan-boka). Ny dag i morgon i alle fall :) :-s :-s :-| Du ska få en dag i morrå...og så vidare :)

    ReplyDelete
  9. Ny dag, ny nåde :) :) :) Kingsnorth sa noko om at internettet har sin eigen vilje. Det gjev meining for meg. Samstundes er det så mykje disharmoni, motstand og kamp involvert, at denne viljen umogleg kan samsvare med Guds vilje :-s

    Eg swe elles kor viktig EXIT-øvingane er for å få ting gjort. Dei vekker systemet mitt frå frysmodus. Noko eg er overtydd om at må komme frå Gud 🙏🏼⭐️💥

    Ha ein velsigna dag!

    G

    ReplyDelete
  10. Tusen takk. Ja, nett...nett...nett...nett, kva skal ein seie. Nei, du har nok rett. Det er svært vanskeleg å få til å "ta ut det beste frå nettet" og la det andre liggje. An evil thing. Vel, i morgon blir det båltur med Maria og David på ein idyllisk plass som ingen veit om, du og Solveig får bli med neste gong, om de vil :)

    ReplyDelete
  11. Det vil me gjerne :) :) kos dykk masse!!

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog