No veit vi det. Korleis det er å leve i ein kultur som står på vent, som har nådd ein slags blindveg, der ein ikkje nett veit kva som kjem rundt neste sving. Eit paradoks: Alt går fortare, men kulturen kjem likevel ingen veg, på mange vis. Og det er vanskeleg å finne gode rettleiarar, fordi desse spring ut av gode fellesskap og kulturar, som naturlegvis er under press. Og trass alt er det noko sant og naudsynt som utarbeider seg. "Krisis" er gresk og tyder "skjelning" eller "avgjerd". Det store spørsmålet er på mange vis kva som er den vise vegen i ein slik situasjon. Ingen alternativ er utan dilemma. Men nokre alternativ er sunnare og meir berekraftige enn andre. Det er mange grunnar til at det fylgjande biletet kan høve godt i situasjonen.
Posts
- Get link
- X
- Other Apps
LZ - eitt av mine favorittband. Biografien er interessant, på mange vis. No har eg lese Claptons biografi også. Det er eit paradoks her, som er som fylgjer: - Vi har å gjere med unge menneske. Dei er ikkje spesielt intelligente, ikkje musikalske geni. Dei arbeider dog hardt, og elskar musikk. Dei spelar mykje live og i studio og lærer "the trade" (dog er det tale om populærmusikk, ikkje avansert musikk a la Bach, Mozart, Chopin etc.) Dei syslar med rus og lever vilt. Dei kler seg i freshe og fancy klede og er "der det skjer". Så langt, så vel. Paradoks: Clapton vart tidleg omtala som "Gud". LZ omtalast om "gods" eller "giants". Det er tale om "magic, wizardry, priests, sacred, religion". Altså: Om live bluesrock-musikk. Og både Clapton og LZ opna villig dørene til det transcendente, på meir enn eitt vis. Altså ikkje nokon tidleg Wittgenstein eller Ayer eller Carnap her. Andre viktige innspel: Rocken var drive av amerikanis...
- Get link
- X
- Other Apps
Underleg å bli eldre - observere Bigbang. Dei var dei kulaste musikarane i Noreg for 20 år sidan. Det var hipp musikk, fresht, rått etc. Eg spelar sjølv Bigbang på konsertar no og då. Det slår an til fest. Og no? Bigbang er framleis sympatiske og flinke musikarar. Tekstane er hakket meir mogne, kanskje. Det er dog same opplegget som før; engelske gitardrivne songar i stilen frå 60-talets California. Kanskje dei kjem til å gjere det same om 20 år også - eg mistenker det. Det tankevekkande for meg, er nok: Stilen til BB er ikkje dårleg. Musikken har kvalitet. Den er berre for snever. Den var kul til fest for ein 20-åring, kul til musikk for sumarferien eller internatskulen. Kul til festival i 20-åra. Men kunne ikkje romme så mykje av livsrøynslene, eller av ein eksistensiell og emosjonell palett, så å seie. Kunne ikkje fylgje eit menneske oppover i år og livsutvikling og perspektivutviding. Det er som Aksels monolog i Verdens verste menneske. I dag er det pinsedag, vi ta...
- Get link
- X
- Other Apps
Ein fascinerande tanke som kjem med alderen. Tider forandrar seg. I vår tid svært mykje. Mykje er i støypeskeia. Mangt vil bli "lagt på historiens skraphaug", som det heiter. Mangt vil vere aktuelt også om 50, 100, 200, 500 år. Eit liv er kort. Tider forandrar seg. Poenget er at det er verdt å investere tid og krefter og ressursar i "det klassiske". Homer vil bli lese. Platon og Aristoteles like eins. GT og NT, naturlegvis. Augustin og Aquinas. Gregoriansk musikk, Palestrina og Bach og Beethoven. Etc.
- Get link
- X
- Other Apps
Det er interessant å lese musikkhistorie. Veldig mykje musikk kjenner vi ikkje lenger til, sidan folkemusikk, improvisasjon, arbeidssongar etc., ikkje var mogleg å skrive ned, i lang tid. Litt av dette kjenner vi dog. Og kyrkjemusikk og musikk knytt til "elitane", kjenner vi mykje av, i middelalderen. Eit interessant poeng er kor mykje av vestleg musikk - både i form, harmoni, teori, notasjon etc. - som faktisk har røter i "chant" frå middelalderen - som vidare har røter i bysantinsk musikk, for så vidt. Dette er då parallelt med andre røter som europeisk kultur, tru, lovverk, arkitektur, kunst etc. har bakover i tid. Men få kjenner til det. Og det er også eit spørsmål om kvifor og korleis dette er relevant. Elles tankevekkande at dette også er røtene i vår norske kultur. Til dømes har gregoriansk song fellestrekk med folkemusikk-song, og middelalderballaden spring i mangt ut av europeiske hofftradisjonar i høgmiddelalderen. Namn er interessante. Det er langt meir ...
- Get link
- X
- Other Apps
David Flemings Lean Logic er ei livsforandrande bok som eg ikkje blir ferdig med. Eit blueprint for eit "post-karbon" samfunn. Gjennomtenkt, grundig, positivt, omfattande - inspirerande. Hans avsnitt om sosial kapital er veldig tankevekkande, fordi det er så ekstremt høveleg som kommentar til samfunnet i dag - også bygdene. D. e. sosial kapital er avgjerande for "bygdevekst". Då eg sat på 17. mai-samling, tenkte eg (og sa eg): Denne typen heilskaplege festar, med god tid til samvere, er noko som def. ville fasilitert bygdevekst. I alle høve, artikkelen om sosial kapital kan lesast her: https://leanlogic.online/glossary/social-capital/ Årsakene til nedgang i sosial kapital i verda i dag, her særskilt den vestlege verda? Dette er det då gjort mykje forskning på. Her er nokre av poenga: - Økonomisk vekst, full sysselsetting. Tidlegare var her mindre kjøpekraft, meir deltidsstillingar og heimeverande mødre. Endå tidlegare var hushaldet eller garden ein slags arbeids...
- Get link
- X
- Other Apps
17. mai er triveleg, når det er eit gjestfritt miljø, slik det gjerne er i små bygder. Ein blir kjent med nye og det er god stemning. Veldig hyggeleg for meg i dag. Ein tradisjonsrik dag. Ein kan og bør ta han slik, og samstundes er det spenningar under overflaten. På bygda klarer vi stort sett bra å takle desse spenningane. Det offisielle Noreg, så å seie, klarer det ikkje like godt. Ein leiande person i Noreg sa på NRK: "Dette er dagen då vi feirar fridom, demokrati og menneskerettar". Vel og bra, men dersom dette er alt ein seier, så er det også problematisk. Poenget er at demokrati, fridom, likskap o. l. på eitt nivå er abstrakte verdiar, på eitt anna nivå prosedurale prinsipp, men på eit tredje nivå er det tankar og idear og praksisar som spring ut av og byggjer på mytologi, forteljingar, liturgi, riter, fellesskap, arv, kultur, tradisjon, historie etc. etc. Sagt annleis: Eit demokrati kan ikkje fungere utan djupare rotfesting. Menneskerettar spring ut av djupare tradis...