Posts

Image
Teikn i tida. Mange søker bakover i historia no. Nokon til det bysantinske. Nokon til romarriket. Nokon til nazismen(!) Nokon til germansk middelalder. Nokon til norrøn vikingtid. Svært spennande, må eg seie. Den som kjenner historia, veit at det var sterke impulsar av liknande slag både i andre halvdel av 1800-talet, og i mellomkrigstida. Dermed er også antyda noko av det destruktive potensialet her.  Problemet var at andre verdskrig medførte at mykje av historia vart "off limits". Men vi lever med denne historia også i dag. Våre namn har djupe røter her, også mykje av vår kultur. Det er mykje som er viktig og godt, som ikkje bør gløymast. Men det må "kristnast" på eit vis, slik Tolkien gjorde då han skreiv LOTR. Artig å finne "lenker" attende, berre plutseleg.  "Ingmar". Det tyder - "Ing - mar" - "[guden] Ing - berømt". I germansk kultur for 2000 år sidan var Ingmar onkel av Arminius, som kjempa mot romarane. Arminius, det t...
Image
 "Analysen av det skriftliga källmaterialet visar att människooffer med stor sannolikhet har utgjort en levande föreställning och en levande praktik i den fornnordiska kulturen.  Denna slutsats håller för en kritisk granskning och befäster uppfattningen att människooffer har utgjort en levande tradition från äldre järnålder in i vikingatid.  Även formaliserade dedikationer och kultformler som gefa Óðni til sigrs sér ’ge/offra (NN) till Oden för sin(a) seger (eller segrar)’ speglar en kulturellt stipulerad förlaga som kan kategoriseras som ett offer utifrån den i avhandlingen givna definitionen.  I dessa fall speglar den rituella handlingen och utsagan en på förhand stipulerad kommunikation med en gudom genom dödandet av en människa, där denna ges som en gåva till den gudomlige mottagaren. Det rituella dödandet och offret är utslag av en vidare praktik av rituellt våld, och fenomenet är sammanbundet med en specifik ideologisk och kulturell kontext." https://www.doria....

Musica perennis?

"Kva er meininga med musikken - kva vil de med han?" Eit spørsmål ein gamal pinseven stilte til bandet mitt etter at vi hadde bråka på bedehuset. Over 20 år sidan. Eit verdig spørsmål, vanskeleg å svare på. Eit enormt komplekst spørsmål. Men ein må gjere val når ein skal framføre noko, eller skape noko. Dilemma.  Eit mogleg utgangspunkt: Spele og synge noko som blir sunge om 100 år, eller som står i tradisjonar som vil bli haldne i hevd om 100 år. 90-talsmusikken eg vaks opp med, så rart. Eg elskar den på mange vis, men høyrer ikkje så mykje på han. Ingen gjer det i dag, unnateke dei som reiser på "we love the 90s". Det er ikkje djupt nok, ikkje sterkt nok, ikkje ekte nok. Dei beste songane frå epoken er songar som samplar tidlegare, meir klassiske songar!! Eg trur mest eg elskar han fordi det er gode minne knytt til han (viktig nok). Og det er liv og røre og seksualitet i musikken.  Eg spelar meg gjennom norske songbøker. Nokre songar har vorte klassikarar, andre v...

Even deeper

Didrikssagaen (norrønt Þiðrekssaga, Thidreksaga, Thidrekssaga, Niflungasaga, eller Vilkina saga), eller Saga om Didrik av Bern (norrønt Þiðreks saga af Bern), er en norsk høvisk riddersaga om eventyrene til helten Didrik av Bern (Dietrich von Bern) som er (antagelig) basert på den historiske Teoderik den store, østgotisk konge, som regjerte fra 474 til sin død i 526. Fortellingen ble skrevet ned på midten av 1200-tallet i Norge, og var sannsynligvis den mest leste bok etter Bibelen i middelalderens Norden .  (Sagaen er en løs samling med sagn om ulike helter og storverk, sydd løst sammen om heltedådene til Didrik av Bern. Kjente sagnfigurer som Sigurd Fåvnesbane, smeden Volund og Attila er også deler av persongalleriet. Deler av innholdet er kjent fra Nibelungenlied og Den yngre Edda, men noen av fortellingene er kun kjent og overlevert gjennom denne boken.) Så ein rant (eg åtvarer på førehand).  - I andre nyhende så har eg grubla. På den liberale ideologi og den liberale orde...
- Matt 25 er preiketekst til sundag, på domssundag, Kristi kongedag. Det er ein fødsel å kome gjennom, som Luther sa, dette med døden og Guds rike. Så også i kyrkjeåret. Så byrjar det på nytt med advent og ljostenning og jolesongar og kransar og sjokolade og nissar. Alvoret i advent (faste, ettertanke etc.) er vel ikkje så mykje framme i vår tid, for så vidt.  Matt 25 vert vanlegvis utlagt som at kristne må vere gode i praktisk gjerning mot alle menneske, for Jesus er i ein forstand "alle". Diakonal universalisme, kan ein seie. På sett og vis er ikkje dette gale teologisk; ver gode mot alle, seier apostlane, og Jesus er sameina med logos som strøymer gjennom alle ting, i fylgje ortodoks lære. Men: Eg trur ikkje dette er meininga i Matt 25. Dette er omdiskutert blant tolkarar. Personleg trur eg at Matt 25 er domen som seier noko primært om korleis "folkeslaga" har teke imot misjonsbodet om Guds rike (Matt 28). "Desse mine minste" er primært Jesu læresveinfl...

Down the rabbit hole

Kvifor er helten Sigurd og dragen Fåvne "overalt" på 1000-talet? Masse dikt, mytar, songar, forteljingar. Ein haug med kyrkjeportalar. Masse runesteinar. Ved portalar til stabbur og bustadhus. Over heile det nordeuropeiske området(!) Over fleire hundre år. Og i vår eigen nære kultur. Stabbur på Lundevall, kyrkje i Setesdal, Sauherad, Bø, Vinje, Tinn, Heddal. Sigurd er overalt, og heltesogene og kristninga gjekk "hand i hand", seier ein leiande forskar. Her er det åpenbart noko viktig.  Når ein undersøker meir kvifor Sigurd er så sterk i telemarkskulturen, er det som å gå ned i det berømte rabbit hole. Det er ei heil verd av tyske helteepos, med djupe røter bakover i historia der germanske stammer møter hunarar og romarar. (Sigurd=Siegfried, og soga er like Niebelung-eposet). Særskilt skal vi attende til 400-talet, då det stod kamp mellom Burgund, hunarstammer frå Asia, og romarar. Mykje ukjent historie - eg freistar å setje meg inn i ting. Eg skjønar at det er parad...
 Det var tale om næringsverksemd. Eg plar spørje folk: Kva ville du gjort om du fekk borgarløn? Mange, flesteparten, seier: "Eg hadde slutta jobben min på dagen". Eller: "I alle fall ikkje det eg driv med no". Tankevekkande. Modernitet. Kva ville dei gjort?  - Blitt samtale-veiledar - Blitt geitebonde - Arbeidd med noko kreativt og laga ting Etc. Men noko har eg lært. Om ein syslar med noko som ein elskar å drive med, så gjer ein det utan å få løn. Er det ein sunn og god ting, som er i kontakt med kropp, hjarta, tanke etc., så vil det vere ein nyttig og god ting i verda. Andre vil gle seg over tingen.  Di meir ein arbeider med tingen, di flinkare vil ein (forhåpentlegvis) bli. Dette er vel moglegvis ein god måte å utvikle ei næring. Ein lærer noko, lagar noko, som andre vil like og ynskje (fordi ein sjølv gjer det, og sjølv er ein del av menneskeslekta). Etter kvart viser det seg at ein kan tene pengar på det. Betre å produsere enn å konsumere, for å bruke eit probl...