Teikn i tida. Mange søker bakover i historia no. Nokon til det bysantinske. Nokon til romarriket. Nokon til nazismen(!) Nokon til germansk middelalder. Nokon til norrøn vikingtid. Svært spennande, må eg seie. Den som kjenner historia, veit at det var sterke impulsar av liknande slag både i andre halvdel av 1800-talet, og i mellomkrigstida. Dermed er også antyda noko av det destruktive potensialet her.
Problemet var at andre verdskrig medførte at mykje av historia vart "off limits". Men vi lever med denne historia også i dag. Våre namn har djupe røter her, også mykje av vår kultur. Det er mykje som er viktig og godt, som ikkje bør gløymast. Men det må "kristnast" på eit vis, slik Tolkien gjorde då han skreiv LOTR. Artig å finne "lenker" attende, berre plutseleg.
"Ingmar". Det tyder - "Ing - mar" - "[guden] Ing - berømt". I germansk kultur for 2000 år sidan var Ingmar onkel av Arminius, som kjempa mot romarane. Arminius, det tyder "hærmann". Det er det same namnet som vårt "Herman"! Døme som dette er det mange av, når ein undersøker og les. Det slår meg kor mykje kultur og historie som finst i Tyskland, som har vore viktig for oss, som er "u-erkjent", så å seie. Vi i Noreg er djupt prega av mange ting, men det blir tydeleg også at vi er ein utkant.
Eg sit på soknerådsmøte. Eg ser namna. Mange har gudenamn. Tor og Ing og Ås. Nokre har Gun, heile 4 personar. Nokre har dyrenamn: Bjørn og Arne (Ørn). Det er også bibelske namn: Martha. Eva. Marit. Margaret kjem frå gresk. Her finst også andre namn knytt til krig: Geirr (spyd), Sig (siger).
Ein må undrast. På vegar vidare for kulturen. På ein del vis var kristninga av saksarane i Nord-Tyskland traumatisk, for båe partar. Det er på mange vis uunngåeleg, kanskje. Vikingtida vidare utarbeidde seg. Det var nokre hundre år med kampar og motstand frå vikingar, men så vart etter kvart Nord-Europa kristna. Med makt? Hm, vel, ja og nei. Det kunne ikkje skje utan stønad i store delar av befolkninga. Men at kristendom og politikk var sterkt vove saman, er sikkert.

Vart nysgjerrig på kva Tolkiens prosjekt var, som du nemner i innlegget ditt. Kan du seie littegrann om det?
ReplyDeleteHelsing Gunhild
Tolkiens prosjekt var mangfaldig. Det var eit språkprosjekt, d. e. å utarbeide "verd-er, kulturar" etc. rundt språk som anten var dikta opp eller som det fanst manuskript på. Det var også å utarbeide ein "mytologi for England" (basert på mytologiske kjelder frå rundt omkring i Europa), sidan England ikkje hadde så rik mytologisk bakgrunn som andre land. Han meinte også lenge at det han faktisk skreiv, var ein slags "skjult røyndom", mest som ei platonsk verd. Men det eg også tenkte på her, er at han i LOTR også freistar å skildre "heidenskapet" - norrønt, germansk, mytologisk etc. - men ut får ei grunnleggjande katolsk røyndomsforståing, dog utan å referere konkret til denne. (Ho er der likevel veldig mange stader "mellom linene" - Gandalf er som Kristus, Lembas er som nattverd, Galadriel er som Maria møy etc. Tolkien sa dog at han forakta allegori, og ville fråråde slike lesingar). Dvs. at Tolkien på mange vis skildrar dei før-kristne kulturane "på sitt beste", sett frå katolsk/kristeleg standpunkt. Han var på den andre sida utan illusjonar om kva dei heidenske kulturane var "på sitt verste" ("stronghold of demons").
ReplyDeleteJa, då må vel menneskeofringa som du siterer frå doktoravhandling på i anna innlegg, vere dei heidenske kulturane på sitt verste? Eller? Får meg til å undrast på kor djupe nedarva traumer me potensielt kan vere berarar av. Også i ljos av moglegheiten for at sjelene våre vandrar.
ReplyDeleteEg høyrde om ein «sirkel» i England som i mange år ba for dei falne etter 1.verdskrigen, for å hjelpe dei forvirra sjelene vidare. Litt som sjelemesse i katolsk tradisjon. Også eit stort tankekors at menneskeofring også førekjem i GT (Abraham) og NT (Jesus). «Du Guds lam, ofra sidan verda vart til».
Er det også noko «bra» ved menneskeofring? Litt som Snowden, som ofra noko mindre (eit godt og trygt liv?) for noko større (avsløre sviket til myndigheitene). Er dette kanskje noko me alle er kalla til? (Eg har ikkje lese doktoravhandlinga ennå, moglegvis finst det nokre svar der).
I andeleg utvikling er det også eit viktig poeng at ein må døy frå det gamle livet sitt, utdaterte mønster osb. Og som ein seier i kristendommen: bli fødd på ny.
Fekk elles lyst til å lese Tolkien på nytt, med desse «brillene» på som du nemner. Men litt merkeleg då ar han tok slik avstand frå å forstå historiane allegorisk. Kanskje det er fordi dei har stor non eigenverdi, til å stå på sine eigne bein. Og at dei uansett vil styrke desse arketypene du nemner, som finst i vårt kollektivt underbevisste (slik også Isis styrka «Maria-arketypen» før Maria sjølv «kom på banen».
Helsing Gunhild
Hei, ja, dette er gode innspel, og eg delar desse refleksjonane. Eit par innspel:
ReplyDelete- Det var veldig stort oppbluss av spiritisme etc. etter fyrste verdskrig, las eg ein gong. Men det er jo på ein måte glidande overgangar mellom dette, og katolsk tanke om å be for dei døde.
- Tolkien ville nok sjå menneskeofringa som kulturen "på sitt verste". I det heile er det vel slik at for å forstå fortida, må vi gjere stor innsats for å setje oss inn i andre tenkemåtar. Og det kan vere krevjande. --> I vår tid er det mange som talar om å vere viking, reise på midgardsblot etc. Men dei fleste gjer dette med "kristne" referanserammer, om du skjønar.
Veldig interessant å lese om Uppsala-tempelet her: https://en.wikipedia.org/wiki/Gamla_Uppsala Jfr. Adam av Bremen. Mange historikarar har tenkt "nei, dette er altfor drøyt, han må svartmåle". Men doktorgraden sitt prosjekt er altså å vise at det faktisk var slik ting gjekk til. Og då ikkje berre i Uppsala, men ved store og viktige riter rundtomkring.
https://en.wikipedia.org/wiki/Norse_funeral --> Ibn Fadlan. "Triveleg" :-s Dog set det våre riter i eit anna ljos. Vel skal vi ikkje ha rituelle valdtekter, slakting av trælkvinner etc., men skulle det vore meir "energi" og kraft i ritene? Sanneleg om eg veit.
Men ofring syslar vi vel med, alle saman, som du peikar på. Og Bibelen talar også om menneskeofring (det takast vel oppgjer med ved Abraham og Isak), og seinare om at vi skal ofre oss sjølve som levande offer. (Levenson, Death and resurrection, er veldig god... men det er så mange bøker ein kan lese). På nokre vis gjer dei gamle tradisjonane synleg det som er meir skjult i våre moderne liv.
Det er altså så mange bøker i verda, men ang. Tolkien er Tom Shippeys Road to Middle earth supergod. Masse djup innsikt i den boka, ikkje berre om Tolkien, men om mytologi, språk etc. Eg trur nok også du har rett i dette med arketypar, og det var nok slik Tolkien tenkte.
Huff, det var vel i slike kjelder skaparane bak «Game of Thrones» fann inspirasjon. Men det er sant at reproduksjonsenergi kan kanaliserast/transformerast i andeleg arbeid. Så noko hadde dei nok forstått, sjølv om riten fekk ei svært pervertert form.
ReplyDeleteEnergien som manglar i vår tid, trur eg heng saman med illusjonen om separasjon. «All kraft som nokon gong var, eller kjem til å vere, er her no». Men ein må også vere klar for å møte desse sterke kreftene. Sjølv fekk eg beskjed om å vente, då eg skulle igang med å ministere i St. Eystein-felkeskapen. Ein må nærme seg alteret med eit reint hjarte/ublanda motivasjon.
Takk for boktips, håpar det blir god tid til å lese når eg flyt inn i det nye huset. Kanskje du har nokre av desse bøkene til låns?
Helsing Gunhild
Hei, Shippey sine bøker kan du godt låne, Levenson hugsar eg ikkje om eg har...men har James Kugels murstein, der han referer mykje til stoffet. (Det er ingen ende på bøkene som skrivast etc.) GoT fann for så vidt også mykje inspirasjon frå dei britiske tron-krigane og borgarkrigane på 14-1500 talet. Når ein les historie, kan ein få inntrykket av at vald og krig er "regelen". På ein måte er det slik, men så er det jo flesteparten av folk, som lever rolege liv som bønder og handverkarar og dyrehaldarar og familiemenneske, men desse skrivast det ikkje om i historiebøkene.
ReplyDeleteDå gler eg meg til å lese!
ReplyDeleteViktig å hugse på dette siste du skriv. Det er jau desse som får verda til å bevege seg framover-
Gunhild