Down the rabbit hole

Kvifor er helten Sigurd og dragen Fåvne "overalt" på 1000-talet? Masse dikt, mytar, songar, forteljingar. Ein haug med kyrkjeportalar. Masse runesteinar. Ved portalar til stabbur og bustadhus. Over heile det nordeuropeiske området(!) Over fleire hundre år. Og i vår eigen nære kultur. Stabbur på Lundevall, kyrkje i Setesdal, Sauherad, Bø, Vinje, Tinn, Heddal. Sigurd er overalt, og heltesogene og kristninga gjekk "hand i hand", seier ein leiande forskar. Her er det åpenbart noko viktig. 

Når ein undersøker meir kvifor Sigurd er så sterk i telemarkskulturen, er det som å gå ned i det berømte rabbit hole. Det er ei heil verd av tyske helteepos, med djupe røter bakover i historia der germanske stammer møter hunarar og romarar. (Sigurd=Siegfried, og soga er like Niebelung-eposet). Særskilt skal vi attende til 400-talet, då det stod kamp mellom Burgund, hunarstammer frå Asia, og romarar. Mykje ukjent historie - eg freistar å setje meg inn i ting. Eg skjønar at det er paradoks: Svært mykje av fundamenta i vår kultur vart lagt i perioden - sei - 700 til 1300, men dette er ukjent stoff for dei fleste av oss. 

Det er veldig tankevekkande at desse sogene om Sigurd har så sterkt fotfeste i den sentrale middelalder, både hjå germanarar og frankarar og i norrøne krinsar, og både i kristne og heidenske miljø, ser det ut til, også. Det er ei verd av mytologi. Og det er mange slags ulike ideal og oppfatningar. På ein måte kan ein seie at dette er vårt norrøne og nord-europeiske "gamletestamente". Og på mange vis trur eg det er slik Snorre fremjar ting, men dette kan eg ikkje nok om. (Olav H er dermed "Kristus på ny" etc.)

Paradoksalt nok var det på mange vis kristne sjølv som også førte vidare heltestoffet - skreiv ned, skreiv inn på stavkyrkjer mm. (Eit interessant døme som er massivt oversett, er "Heliand" - ei omskriving av evangelia til saksisk-heidensk-germansk språk og forståingshorisont. HER. Fascinerande stoff.)

Tanken er ofte, som i tidleg kristen tenking, at Gud verkar med "førebuing av evangeliet" på mange vis, slik at det finst gode ting i kulturen som peikar fram mot Kristus. Sigurd er ein slik person. Eit sterkt symbol å ha på kyrkjedøra, spes. i møte med norrøn heidenskap: Ein helt som stikk sverdet gjennom dragen og røvar skatten. Gunnar i slangehola likna også på Daniel i løvehola. Etc. Sigurds kamp blir såleis symbolet for ein kamp mot satan og heidendom. 

Likevel må eg seie det er veldig underleg å sjå Sigurdssoga på stavkyrkjene. Ein kan undrast på kva soga om Sigurd har å seie til oss i dag. 


Comments

  1. Eg har ikkje lest heile historien om Sigurd ennå, men festa meg ved samtala hans med Fåvne, etter at han har gjeve ormen banesåret:
    «Igjen talte Fåvne: "Jeg var en skrekk for alle folkene, siden jeg lå på min brors arv, og blåste gift til alle kanter, slik at ingen våget å komme nær meg. Ingen våpen var jeg redd for, og aldri så jeg så mange menn foran meg at jeg ikke mente at jeg var sterkere, og alle var redd for meg."

    Sigurd sa: "Den skrekken som du talte om gir få seier, fordi hver som kommer sammen med mange, vil en gang finne ut at ingen er den modigste av alle."

    Fåvne svarer: "Det rår jeg deg til, at du tar din hest og rir bort som raskest. Fordi det hender ofte at den som får banesår selv hevner seg."

    Sigurd svarer: "Dette er ditt råd, men jeg skal gjøre noe annet. Jeg skal ri til ditt bol og ta der alt gullet, som dine frender eide."


    Fåvne svarer: "Du kan ri dit hvor du vil finne så mye gull at det vil være mer enn nok for dine dager; og det samme gull vil bli din bane, og alles bane som eier det."

    Sigurd sto opp, og sa: "Hjem ville jeg ri, selv om jeg mistet denne store skatten, hvis jeg visste at jeg aldri skulle dø, for hver mann som er modig ønsker å være rik inntil den dagen. Og du, Fåvne, ligg i dødskamp til Hel får deg."

    Og da dør Fåvne».

    Av dette tolkar eg at Sigurd ikkje har noko håp om å komme frå livet «i live» (for då ville han jo ridd heim utan skatten, som han seier). Det er jo stikk i strid med det kristne prøvar å integrere: at ein skal søke skatten i Himmelen, framfor å samle seg skattar på jorda. Dette som Sigurd seier at alle modige menn vil ha mykje gull så lenge dei lever. Det er openbart også i 2023 at grådighet er ei av menneskeslekta sine sterkaste drivkrefter. Men dette er jo eit basalt behov som blir overdrive. Eit chakra som er i ubalanse, kverna på havsens bunn som går og går. Og dette handlar ikke først og fremst om mot, men heller om ei irrasjonell frykt for å få for lite til å klare seg i livet. Her vil eg tru at noko av forklaringa på denne drivkrafta hos Sigurd ligg i hans turbulente start på livet (traumer før fødsel). Så trass i all kjærleiken han fekk i oppveksten, vissheten om at han fekk alt han ba om, og at kongen passa på skattane hans, så var ikkje dette nok. I tillegg kan moglegvis også haldningar og verdiar i dåtida sitt samfunn spele inn (som moglegvis ikkje har endra seg så veldig mykje sidan den gong?).

    Så festa eg meg også ved dette, at for å vere modig må ein tole å stå aleine. Dvs. framfor å skjule seg i ein flokk. Det trur eg det er stor visdom i, og igrunnen eit nivå en treng å komme til på Vegen sin. Her kjem det inn dette med å la vere å samanlikne seg med andre. Og også å kunne gjere ting av dei rette grunnane. Dvs ikkje ha blanda motiver, eller å ha eit reint hjarte. Ref også den kvite rosa i handa til Narren i 1. tarotkortet, som symboliserer nett dette.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Ein annan ting som slår meg når eg les den norrøne versjonen av evangeliet, er kor høgt ein verdset dei indre kvalitetene. Samtidig som ein har eit veldig sunt/naturleg forhold til kropp/materie. Eg kjenner det talar veldig til meg, denne forma. Noko som sikkert handlar om at det er evangeliet sett frå min eigen kulturkrins. Samtidig som det også er slåande kor kamuflert denne kulturarven er idag. Kanskje kan denne teksten komme til å spele ei viktig rolle i den revitalisering av kristendommen som me så sårt treng idag?

    Og dersom soga om Sigurd er vårt GT: Så er det vel naturleg at menneska her ikkje har komme så langt i sin evolusjon ennå, som t.d. Mary og Zacharias? Dvs dei er ikkje berarar av Kristusmedvitet, og Gud (Odin) verkar heller ikkje like allmektig/allvitende. Dvs sjølv om han støttar Sigurd, så gjev han ikkje den støtten han mest av alt hadde tronge (samle dine skattar i Himmelen). Om han likevel er allmektig også i vårt GT må det handle om dette: Han oftar etterkomaren sin Sigurd for at soga om han skulle leve vidare. Og me andre dermed forhåpentlegvis lære av Sigurd sine grove feilvurderingar?

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  3. *ofrar.

    Det er elles mange situasjonar i dagleglivet der ein får «testa» tilstanden i akkurat dette chakraet. T.d. Når ein ikkje har fast jobb. Det er ei fin øving i tillit til Gud, har eg funne ut (og eg kan kjenne at noko viktig har endra seg i meg sidan den tida eg «på død og liv» måtte ha ein fast jobb).

    Eller å bruke opp nærmast alle tilgjengelege ressursar for å bygge seg eit hus, for den saks skuld. Og tenke at det går nok bra, om Gud vil-

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Ja, no har du tenkt djupt og godt, mykje djupare enn eg har tenkt om Sigurd. Interessant innspel om Heliand.

    ReplyDelete
  5. No har eg lese heile soga om Sigurd. Han var vel nokså gjennomført «god», kanskje med unnatak av då han bytta ham med Gunnar for å hjelpe han å ri gjennom elden (og dermed «vinne» Brynhild). Det synest eg var lite edelt gjort, med eller utan hukommelsen intakt. Av persongalleriet i GT liknar han ein del på kong Salomo. Salomo sin svakheit var vel at han i sin store visdom vart for «sjølvforsynt» (ikkje trong Gud). Det gjeld vel også Sigurd, at han hadde tronge noko større enn seg sjølv å sette sin lit til.

    Grimhild, arkitekten bak mykje vondt i denne soga, verkar å sleppe billig unna. Men moglegvis innhentar skjebnen også ho. Elles påfallande korleis dei finn seg i skjebnane sine, og også får råd i forkant om korleis det vil gå med dei (frå klarsynte). Kanskje det er noko me i større grad kunne brukt også idag. Funne trøyst/støtte i at det er skjebnen vår
    /Guds vilje.

    Eit siste poeng: eg får inntrykk av at Brynhild riggar seg for ei fortsetting med sin Sigurd idet ho skal døy:
    «Nå ber jeg deg, Gunnar, en siste bønn: La et stort likbål gjøres på den flate marken for oss alle, jeg og Sigurd, og de som ble drept med ham. La det reises telt der røde av manneblod, og la meg brennes ved siden av den hunniske konge, og på den andre siden mine menn, to ved hodet, to ved føttene, og to hauker. Slik vil det bli delt likt. Legg der i mellom oss et nakent sverd som før, da vi lå i samme seng og lovet å bli mann og hustru. Døra vil ikke stenges ved hælene om jeg følger han, og vårt gravfølge vil ikke være uverdig om fem slavinner og åtte tjenere, som min far ga meg, brenner der, og de som ble drept sammen med Sigurd. Og mer ville jeg si om jeg ikke var såret, men nå presser det på, og såret åpner seg. Men det jeg har sagt er sant."

    Hmm, kva kan soga seie oss idag?
    Nokre forslag;
    1, Dans med livet, medan du (fortsatt) kan.
    2, Svik kan ramme deg frå dei mest uventa hald- ver budd.
    3, Livet og kjærleiken er oftast ingen dans på roser. Det er tvert imot hardt arbeid, og du vil (som Sigurd) komme i situasjonar som set hjartet ditt på prøve.
    4, Velg alltid det gode (som Sigurd) utan å tenke «what’s in it for you».
    5, Har du, som Brynhild, noko du er villig til å døy for? Då er du kanskje paradoksalt nok ekstra levande.

    Takk for at du gjorde meg merksam på denne soga, gjevande lesnad!

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  6. Eit bodskap til frå Sigurdsoga:
    6, undervurder aldri styrken i eit blodsbånd.

    Det var vel btw Brynhild som hadde skjønna det, at det gjekk an å unnsleppe livet «i live». Dvs det er «bare» kroppane våre som døyr, medan sjel og ånd og gudegneist lever vidare.

    Her kjem også funnet ditt/ kaninhola-inn- arketypene i denne soga har og har hatt ein sentral plass i vårt kollektivt underbevisste. Det er sikkert også difor det er så gjevande å lese om dei. Ein slumrende visdom om korleis verda og vi er skrudde ihop :)
    Eg fann ho her: https://www.norsesaga.no/volsunge-saga.html
    Gunhild

    ReplyDelete
  7. Ein måte ein kan jobbe med stoffet på i psykologisk forstand, er å ta utgangspunkt i at me alle er berarar av desse arketypene. Då kan ein kjenne att og jobbe med sin indre Sigurd, Fåvne, Reginn, Brynhild, Grimhild osb. Og skjønne at me alle har desse eigenskapane i oss, fordi me djupast sett er eitt. Kvart menneske er i så måte ein berar av heile universet-

    ReplyDelete
  8. Hm, ja, mykje interessant her. Imponerande jobb du har gjort. Ja, noko arketypisk må det vere her, når denne historia har gått gjennom så mange århundre og så mange område, og funne stadig nye former.

    ReplyDelete
  9. Men det er jo også ei svært brutal historie. Korleis rimar alle drapa (som framstår nærmast kvardagslege) med at ho peikar mot Kristus? For Sigurd inneber jo mange av dei tilsynelatande gode vala også kaldblodige drap? Var det bare dåtidas samfunn som var slik? Har brutaliteten forsvunne, eller funne nye former idag?

    ReplyDelete
  10. Kanskje svara eg sjølv på dette ovanfor. Det er vel ikkje anna å vente seg -menneskeslekta hadde ikkje komme lenger i evolusjonen sin. Altså på Vegen tilbake på Gud. Nett som med Kain og Abel i GT. Noko å vere veldig takksam for, at ein er fødd i ei tid der kristenretten rår. Og Guds lov skal jo også no vere skrivne i hjarta våre.

    Men, i GT skjer det også ei utvikling frå Kain og Abel til Abraham, Moses osb. Kvar ligg Sigurd på ei slik utviklingskurve, tru? Og Heilag Olav?

    Andre moment som er viktige i denne samanhengen?

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  11. Hm, det slår meg i alle fall at i middelalderen, særleg frå 700 til 1200, kanskje...så blir vald, erobring og kristendom vovne saman. Ofte er det legitime grunnar til valdsbruken også - erobringa kan vere eit slags forsvar mot vikingåtak eller islamsk erobring. Andre gonger er valden ikkje like legitim. Snorre er veldig interessant, i så måte, til dømes sogene til Olav Tryggvason og Olav den heilage (driv og les denne no). Håkon den gode var meir dialogorientert, kan ein vel seie. Paradokset er vel at reint i praksis så er moderne tid langt, langt meir valdeleg. (Pga. industralisering av militæret, sentralisering av politisk makt, frigjering av stat frå kyrkje).

    Elles kan du lese om presten Tangbrand, som skulle kristne Island. Han er ein slik prest eg ynskjer å vere XD: https://no.wikipedia.org/wiki/%C3%9Eangbrandr

    ReplyDelete
  12. Litt av eit førebilete :D
    Men frå spøk til alvor, så kan ein stille spørsmål ved om legitim vald faktisk finst? Har Jesus sagt noko om dette? Er me ikkje kalla til å vende det andre kinnet til? Kanskje er det betre å la seg erobre, enn å sloss tilbake? I det lange løp, for menneskeslekta som heilskap. Isåfall treng kanskje noko av denne veven å vevast på nytt…

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  13. «A man is born into this world with only a tiny spark of good in him. The spark is God, it is the soul; the rest is ugliness and evil, a shell. The spark must be guarded like a treasure, it must be nurtured, it must be fanned into a flame. It must learn to seek out other sparks, it must dominate the shell. Anything can be a shell, Reuven. Anything. Infifference, laziness, brutality and genius. Yes, even a great mind can be a shell and choke the spark»
    Chaim Potok, the Chosen

    ReplyDelete
  14. Ja, eit stort spørsmål om vald. I Bibelen er ting komplekse her. Ofte er krigshærar, ulukker eller anna sett på som "Guds vreide". Andre gonger ikkje. Jesus talar om å tilgje, men det skal kome ein dom. Paulus seier at styremaktene iverkset Guds vreide allereie her og no i verda, med sverdet. Etc. Dette er i alle høve også knytt til kjønn. Dvs. det er ein viktig debatt å ta, om korleis ein innan kristent liv kan utøve styrke og makt på rett vis. Det held ikkje å berre tale om det milde, ømme, mjuke etc., om du skjønar. Ei stor problemstilling. Det kjem att med kraft no, i høve til muslimar i samfunnet - og eit auka fokus på korstoga i middelalderen. Pavane sa faktisk den gongen at det var ei kristenplikt å gå i korstog, at du fekk ettergjeve botsgjerningar etc. Bakteppet var jo krigsmakter som over tid hadde erobra store kristne landområde, med makt. Puh. Store problemstillingar, om ein vil gå inn i dei, så å seie.

    Potok er elles ein eg har stor respekt for. Eg las han då eg var på retreat for ein del år sidan. Mykje visdom der.

    ReplyDelete
  15. Vil elles nemne at Olav J Tveit hadde eit framifrå innlegg i VTB ang Sundkilen, der han sette fingeren nett på det vi var innom. Dvs. at turistar trekkast til den fine staden, at det er ope og vakkert og godt slik det er no etc., og at det vil bli konsekvenser ved utbyggjing.

    ReplyDelete
  16. Ja, i kabbalah finn ein den destruktive marskrafta.i Geburah-sfæren (strengheit) på Livsens tre, symbolisert med fargen raudt. På motsatt side av treet den blå Chesed-sfæren (miskunn). Destruksjon og oppbygging. To ulike aspekt av den Eine. Midtsøyla balanserer m.a desse to, og her finn ein m.a. Tifereth- Kristus-sfæren.

    Når menneskeslekta har kome så langt på Vegen at me alle flyg i formasjon med Kristusmedvitet. Så har me innsett at me alle er eitt. Og då blir det vel truleg også slutt på vald og krig. Inntil då må ein vel leve med det. Og bygge Guds rike etter beste evne, kvinne som mann.

    Ja, det fell nok meir naturleg for kvinna å skape og nære liv, enn å ta det. Medan det moglegvis fell meir naturleg for mannen å verge familien sin. Men det er også ei enorm kraft i det å vende det andre kinnet til, å møte hat med kjærleik. Det er ei utfordring til oss alle, å halde igjen impulsen til å ta igjen, og be Gud transformere den vonde kjensla til noko anna. Me las apostelgjerningane 24 på forening ikveld, og Paulus gjev eit godt eksempel. Han vart kalla ein pest og ein oppviglar av jødane som brakte han inn. Men han fall ikkje for freistinga å svare med same mynt. Men haldt seg i stadan for bare bare til saka (var saksorientert).

    Ein amerikansk pastor som vart spurt om kvifor han aldri snakka stygt om andre, svara:: «I fear Jesus in them». Fritt oversatt: Eg fryktar eg ville snakka stygt om nokon laga i Guds bilete, nokon som er så verdsett av Gud at Jesus døydde for dei. Eg fryktar eg ville framstilt dei som noko mindre verdifullt enn dette. Og eg fryktar korleis Gud dealar med ein som svik menneske skapt i hans bilete (original ligg på Facebook- sida mi).

    Elles veldig bra det innlegget du viser til om Sundkilen! Det er jo eksempel på ei sak ein kan kjempe utan å ty til nevane. Får ein Iallefall håpe da. Demokrati er hardt arbeid, og her har jo særleg far din gjort ein framifrå innsats for oss alle i Sundkilensaka.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  17. Ja, takk og takk for dei gode innspela her.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog