Det var tale om næringsverksemd. Eg plar spørje folk: Kva ville du gjort om du fekk borgarløn? Mange, flesteparten, seier: "Eg hadde slutta jobben min på dagen". Eller: "I alle fall ikkje det eg driv med no". Tankevekkande. Modernitet. Kva ville dei gjort? 

- Blitt samtale-veiledar

- Blitt geitebonde

- Arbeidd med noko kreativt og laga ting

Etc.

Men noko har eg lært. Om ein syslar med noko som ein elskar å drive med, så gjer ein det utan å få løn. Er det ein sunn og god ting, som er i kontakt med kropp, hjarta, tanke etc., så vil det vere ein nyttig og god ting i verda. Andre vil gle seg over tingen. 

Di meir ein arbeider med tingen, di flinkare vil ein (forhåpentlegvis) bli. Dette er vel moglegvis ein god måte å utvikle ei næring. Ein lærer noko, lagar noko, som andre vil like og ynskje (fordi ein sjølv gjer det, og sjølv er ein del av menneskeslekta). Etter kvart viser det seg at ein kan tene pengar på det. Betre å produsere enn å konsumere, for å bruke eit problematisk språk. 

Då får ein også val. Skal ein effektivisere og fylgje "techne" og maksimere profitt og produksjon, ved hjelp av maskinar og teknologi? Eller skal ein setje grenser, og framleis fylgje hjarta sitt? I "Hel ved" innleiast boka med å fortelje om ulike "vedarar". Forfattaren ser mest ned på dei som brukar vedmaskin og står frusterte og lyttar til støyen medan dei lagar veden raskast mogleg. 

I middelalderen var familien ei verksemd i seg sjølv. Alle bidrog med sitt, til dømes for å halde husdyr, dyrke jorda, lage reiskapar, lage klede eller gjere ei teneste. Familien var mykje samla, fysisk, rundt heimen og bruket. Mykje av dette finst enno i våre bygder - eg har ofte gravferder der mannen har lært eit arbeid av sin far. 

Eit siste poeng for i dag, er interessant. Det var ein som sa at ein kunne vere seg sjølv og samle påverknadskjelder og skills, i sin eigen person. Denne "miksen" ville på mange vis bli unik og original. Noko å presentere for verda, eit litt særskilt perspektiv. Det føreset på ein måte at ein er nokonlunde open som person, og at ein har kontakt med sunne kjelder for tru, kultur, fellesskap, metodar etc. Men det er noko viktig i dette poenget. 

Elles kan ein trykke HER og HER. Eg fyllast av nostalgi når eg ser dette, men veit ikkje om eg kan stole på meg sjølv. Eg er redd eg ikkje er villig til å "budge" så altfor mykje her. Ein kan også lese HER, det er 50 år tidlegare att. Når eg har lese slektssoger, så kjenner eg mykje til desse menneska som skildrast her. Mykje godt her, men kvar tid har sine utfordringar. 


Comments

  1. Setje grenser og fylgje hjartet (y). Ja, dersom ein kan komme i flytsona og gløyme seg sjølv, så er det ein god ting. Truleg t.o.m. Guds vilje! Då er ein kanskje også mest av alt ein kanal. Eit senter som den første vilje til det gode utrykker seg gjennom.

    Både tryllekunstneren og teikneserieteiknaren verka å vere der. Fine gjensyn med 70- og 80-talet! Kva betyr å vere villig til å «budge»? Kvifor stolar du ikkje på deg sjølv her? Det verkar å vere glimt frå ei mindre fragmentert og hastig tid- det kan vel vere god grunn til å strekke seg etter/sakne?

    Eg er btw akkurat no i ei slags «familiebedrift» som sparklar og målar eit lite hus. Kanskje skulle ein gjort meir av slike ting saman- øva opp evna til å få til noko saman.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Noko ein elskar å sysle med- det må vere det Okinawafolket kallar din ibuande ikigai :) Det under er saksa bra ei bokomtale. Får meg til å lure på om eg har funne min ikigai. Truleg er vel svaret nei- hadde ein det, ville ein ikkje trengt å spørje.

    «Hvordan finne den iboende grunnen til å leve? Her er Ikigais 10 lover:

    1. Hold deg alltid aktiv, trekk deg aldri tilbake.

    2. Ta det rolig.

    3. Ikke spis deg helt mett.

    4. Omgi deg med gode venner.

    5. Kom deg i form til neste fødselsdag.

    6. Smil og le.

    7. Kom tettere på naturen.

    8. Si takk.

    9. Lev i øyeblikket.

    10. Følg din ikigai.

    Du har et unikt talent inni deg, som får deg til å gi det beste av deg selv. Hvis du ikke har funnet din ikigai, er det din oppgave å finne den».

    ReplyDelete
  3. "Budge", altså å vike, gje etter. Var det ei betre tid i 1988? Eller er det berre nostalgi. Klisje: "Noko var verre, noko var betre." Eller: "Nei, alt var ikkje betre før". Greitt nok. Men ja. Mykje var godt og vel verdt å ta vare på den gongen, mtp. det du seier, ja. Mindre teknologi, mindre stress, meir stabil kultur mm. Så det å gripe an utfordringa med å "leve i si tid" må også dreie seg om å sjå til fortida og hente fram, ta vare på etc. det beste. Eg ser til dømes på kor triveleg det ser ut i huset til Solveig Muren Sanden. Var det naudsynt å "improve" dette? Til moderne, grå ikea-stil? Kva meiner du? Men klart, det var problem i Vrådal den gongen også etc. Ja, bra det som står i bokomtala etc. også.

    ReplyDelete
  4. Nei, eg synest ikkje det var grunn til å forbetre interiøret. Men at det er andre endringar som har meir dramatiske konsekvensar.

    Hari skriv om samanhengen mellom søvnmangel og ADHD-samfunnet. Alle dei fysiologiske endringane som skjer fordi kroppen trur det er ei krise på gang. Dvs sidan han ikkje får nok søvn. Og korleis dette igjen heng saman med bruken av elektrisk ljos og skjerm.
    Det er som om kroppane våre ikkje heng med i utviklinga. Og me trur det skal vere slik fordi me ikkje veit om anna.

    Så der nok ikkje bare mangel på borgerlønn som er årsak til at ein ikkje har komme seg dit ein ynskjer i livet. Eg trur ein må starte med å få orden på nokre heilt grunnleggande ting, før ein kan finne ikigaien sin, for å seie det slik. Så opplagt og så vanskeleg. Iallefall for ein fisk med Saturn og nordleg node i jomfrua.

    Eg trur ein først og fremst treng å senke tempoet og sove nok. Men korleis få til dette når samfunnet rundt er hyperaktivt? Kanskje meditasjon er svaret. Starte dagen med dette og ta med seg noko av stilla inn i dagen.

    Men noko må vel også vere bra i dagens samfunn? Kva? Rørsle mot sirkulærøkonomi/gjenbruk? Høgare medvit om klima- og miljøkrise? Høg tilgjengelegheit av tidlaus visdom?

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  5. Veldig bra ting. Takk for kommentar. Det er godt at du ser problema. (Mange gjer ikkje det, eller...vil ikkje sjå dei).

    Ja. Skjerm er slik for meg: Djupt rusande og avhengigheitsskapande, gjev simulacrum av sosial kontakt og tryggleik. Utan skjerm, blir eg einsam og såleis litt trist og tom, og veldig kreativ og arbeidsam. Eg legg meg også stort sett ein god del tidlegare. Ja - du skriv om dette.

    Men eg er usikker på om meditasjon er nok, eg veit ikkje. Min gode ven Nobu mediterer 25 minutt kvar morgon og 25 minutt kvar kveld. Han seier det hjelper mykje. Men han reiser mykje til kloster og retreatar for å få hjelp til det.

    ReplyDelete
  6. Då har me ein temmeleg lik relasjon til skjerm. Det var dette Hari også fann ut. Ein kan ikkje bare ta skjermen bort- ein må også fylle tomrommet med noko meiningsfullt. Tja, i tillegg til meditasjon ville eg sagt at ein burde fylle sitt sosiale behov med å treffe nokre ekte eksemplar av arten homo sapiens. Ja, også var det den ikigaien då. Men den verkar jo du å ha funne i musikken :)

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  7. Elles trur eg ikkje ein treng å besøke kloster for å gå hjelp til å meditere (sjølv om der sikkert er ein fin ting å gjere uansett). Det er bare å setje av tida, og gjere det. Eg seier til Solveig at eg har møte med Gud. Men det er jo litt teknikk, som det kan vere nyttig å lære seg. Kanskje denne vennen kan lære deg?

    Mykje sant i dette:
    du bør meditere minst ein halv time om dagen. Har du ikkje tid til dette, bør du meditere ein time.

    Gunhild

    ReplyDelete
  8. Evt kan eg også lære bort «min» måte å meditere på :)

    ReplyDelete
  9. Eit par bra tips gjennom dagen, som eg kom på: Forsøk å bremse ned tankestraumen. Slik at han går saktare. Eller gjer ting mykje saktare enn du elles ville gjort. Paradoksalt nok kan ein faktisk då få gjort meir :) (mogleg eg skal teste det ut på husprosjekt, byrjar å få dårleg tid for å rekke reisa nordover i neste veke).
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  10. Ja, dette å gjere ting saktare, har eg då trua på. For så vidt også meditasjon. Det er mykje arbeidet mitt som tvingar meg til å ha ein pc i nærleiken, og det...skaper utfordringar.

    ReplyDelete
  11. Då eg byrja å arbeide i Staten i 2007, var det fortsatt bare stasjonær pc på kontoret. Dette endra seg gradvis over dei neste 15 åra, med bruk av docking-stasjonar. I første omgang mest for å ta med seg pc på jobbreiser. Men idag er heimekontor blitt svært vanleg, ikkje minst tok vel dette av i koronatida. Men, om ein vil, så kan ein vel bestemme seg for å kun jobbe frå kontoret? Sjølv om det sikkert kostar litt, reint praktisk? Eller?
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  12. Hmm, for min eigen del «måtte» eg aktivere Facebook osb for å administrere underskriftskampanje. Og svært lett å bli distrahert når ein først skal ordne eit eller anna. Og også veldig lett å overdrive behovet for å følgje med-

    - så har stor forståing for at det ikkje er lett å styre unna. Sikkert endå meir vanskelegare når ein også går betalt for det :-S
    - Gunhild

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog