Posts

Spreidde tankar

- Det var leir for konfirmantane. Veldig god stemning og godt fellesskap blant Vest-T konfirmantane. Det var tankevekkande. Det er viktig for konfirmantar å fylgjast opp av trygge vaksne, som stadig kjem og snakkar med dei, er i nærleiken, spør "går det bra?" etc.  Det var underhaldningskveld. Ein ung kar frå Seljord gjekk opp på scena åleine. Musikken på anlegget starta. Det var "Geitebonde frå Vinje". Full og heftig allsong med 200 konfirmantar, roping og hoiing og trampeklapp. Neste band: konfirmantar + vaksenleiarar som framførte "Odelsguten". Kjempestemning. Og det var ein frå Lårdal som song "What are words", og heile salen tente mobilane og veiva dei fram og attende.  Det var tankevekkande, det var noko unikt som vart skapt på denne leiren. Eg tenkte på korleis desse skulle kunne møtast att etter leiren, slik dei også ynskte. Og elles tenkte eg Snorre, som skriv om kongar og hovdingar at dei var sterke og flinke i alle slags sportar. Ein k...
- Takk for kommentarar, som eg har lese. Mykje å fundere på. Ringdrotten på nynorsk, eg leverte boka i dag, men det er ikkje dumt å lese. Han brukar interessant språk som eg trur kan vere fornyande å lese, ja. No les eg LOTR på engelsk i fyrste omgang. Det er eit interessant språk omsetjaren brukar. Han har røter i Tokke (Eivind Groven).
Oppdatering:  - NRK er eit sterkt talerør for nyliberale verdiar. På radio talar dei mest om trans, palestinarar, feminisme, kulturelle minoritetar etc. Det er også mykje dei ikkje talar om - eller som dei evt. talar imot. Det er noko å registrere, og noko å erkjenne, og å noko å lære av. Eg meiner: Kvar finn vi glede og sunn livskraft og visdom til eit godt liv i dag?  - Prideflagget står for slikt som mangfald, kjærleik, inklusjon, fridom, minoritetsvern. Det står for kjønnsskifte, ulike familiestrukturar, variable og flytande kjønnsroller. Flagget inneber også aktiv motstand mot naturbasert kjønnsforståing; tradisjonell kjernefamilie; naturgjevne kjønnsroller; oppseding i alt dette. Det er, med andre ord, dette lokale politikarar arbeider for - og imot. Men: - Liberal ideologi sine problematiske konsekvenser kan ikkje erkjennast, diskuterast, ordsetjast innanfor dette paradigmet - fordi det ligg innebakt i liberal ideologi (einkvar ideologi) å framstille alternativ - ikkje ...
Image
Eg arbeider med Tolkien. Tolkiens prosjekt var å lage ein mytologi for England, basert på reelle historiske og mytologiske og språklege kjelder frå særskilt tidleg middelalder. Det er veldig mykje å seie om dette, for Tolkien fordøyde enorme mengder materiale og bygde det inn i sine arbeid. Det er svært eigedomeleg at såpass mange vil ha Tolkien på si side. Både moderne heidningar, fascistar, multikulturalistar (til dels), katolikkar, gen z, liberalistar etc. Dei kan vektleggje ulike sider av legendariet - og alle har "rett".  Men til saka. Spørsmålet eg stiller meg sjølv, er: Tolkien inkorporerer suksessfullt førkristen spiritualitet, røyndomsforståing, mytologi, estetikk etc. i LOTR. Han "helgar" alt dette. Dvs. at du finn ikkje blot av menneske til Odin i LOTR (som ved Uppsala), men du finn Gandalf som trollmann, magiker, engel, og han er tydeleg påverka av Odin-figuren. Odin, på si side, er mykje mogleg påverka av jødisk og kristent tankegods, men dette er omdis...
 Er det nokon som les bloggen og ynskjer fleire postar? Skriv i så fall ein kommentar. Mvh. 
Image
  Kjør debatt. 
Tolkien - ein mytologi for Europa (eller, primært for England). Det er det åpenbart. Det er relevant her at Tolkien var djupt katolsk, og han var djupt inne i middelalderen. På (mest) godt og vondt vart Tolkien oppseda av ein romersk katolsk prest, frå han var 12 år. Den katolske teologien på denne tida kunne vere svært streng (etter fyrste vatikankonsil) - som ein reaksjon mot moderne liberal militarisme og sekularisme. Tolkien sjølv tala om ein "hard og bitter religion" - som vart varma av Maria møy og det kvinnelege - ein religion som han altså likevel var fullt lojal mot.  Tolkien meinte ikkje at LOTR kunne lesast allegorisk. Likevel var "forrådet" han henta frå, klart nok - det var den djupe middelalderen og antikken i Europa - språkleg, litterært, naturmessig, geografisk, historisk etc. Det reiser mange tankevekkande og interessante problemstillingar og tematikkar. Noko interessant er det geografiske og demografiske, som ein kan fundere på.  Shire er åpenbart ...