Posts

Oppdatering:  - NRK er eit sterkt talerør for nyliberale verdiar. På radio talar dei mest om trans, palestinarar, feminisme, kulturelle minoritetar etc. Det er også mykje dei ikkje talar om - eller som dei evt. talar imot. Det er noko å registrere, og noko å erkjenne, og å noko å lære av. Eg meiner: Kvar finn vi glede og sunn livskraft og visdom til eit godt liv i dag?  - Prideflagget står for slikt som mangfald, kjærleik, inklusjon, fridom, minoritetsvern. Det står for kjønnsskifte, ulike familiestrukturar, variable og flytande kjønnsroller. Flagget inneber også aktiv motstand mot naturbasert kjønnsforståing; tradisjonell kjernefamilie; naturgjevne kjønnsroller; oppseding i alt dette. Det er, med andre ord, dette lokale politikarar arbeider for - og imot. Men: - Liberal ideologi sine problematiske konsekvenser kan ikkje erkjennast, diskuterast, ordsetjast innanfor dette paradigmet - fordi det ligg innebakt i liberal ideologi (einkvar ideologi) å framstille alternativ - ikkje ...
Image
Eg arbeider med Tolkien. Tolkiens prosjekt var å lage ein mytologi for England, basert på reelle historiske og mytologiske og språklege kjelder frå særskilt tidleg middelalder. Det er veldig mykje å seie om dette, for Tolkien fordøyde enorme mengder materiale og bygde det inn i sine arbeid. Det er svært eigedomeleg at såpass mange vil ha Tolkien på si side. Både moderne heidningar, fascistar, multikulturalistar (til dels), katolikkar, gen z, liberalistar etc. Dei kan vektleggje ulike sider av legendariet - og alle har "rett".  Men til saka. Spørsmålet eg stiller meg sjølv, er: Tolkien inkorporerer suksessfullt førkristen spiritualitet, røyndomsforståing, mytologi, estetikk etc. i LOTR. Han "helgar" alt dette. Dvs. at du finn ikkje blot av menneske til Odin i LOTR (som ved Uppsala), men du finn Gandalf som trollmann, magiker, engel, og han er tydeleg påverka av Odin-figuren. Odin, på si side, er mykje mogleg påverka av jødisk og kristent tankegods, men dette er omdis...
 Er det nokon som les bloggen og ynskjer fleire postar? Skriv i så fall ein kommentar. Mvh. 
Image
  Kjør debatt. 
Tolkien - ein mytologi for Europa (eller, primært for England). Det er det åpenbart. Det er relevant her at Tolkien var djupt katolsk, og han var djupt inne i middelalderen. På (mest) godt og vondt vart Tolkien oppseda av ein romersk katolsk prest, frå han var 12 år. Den katolske teologien på denne tida kunne vere svært streng (etter fyrste vatikankonsil) - som ein reaksjon mot moderne liberal militarisme og sekularisme. Tolkien sjølv tala om ein "hard og bitter religion" - som vart varma av Maria møy og det kvinnelege - ein religion som han altså likevel var fullt lojal mot.  Tolkien meinte ikkje at LOTR kunne lesast allegorisk. Likevel var "forrådet" han henta frå, klart nok - det var den djupe middelalderen og antikken i Europa - språkleg, litterært, naturmessig, geografisk, historisk etc. Det reiser mange tankevekkande og interessante problemstillingar og tematikkar. Noko interessant er det geografiske og demografiske, som ein kan fundere på.  Shire er åpenbart ...
 Dagens refleksjonar.  Eg kjøpte meg ein xbox, eg spela halo, eg gjorde meg refleksjonar, eg selte xboxen vidare. Refleksjonar:  - Å spele xbox er ein deilig rus. Timane går. Det er som å "gå ut av tida", som å "gå ut av kroppen", som å "gå ut av sinnet". Og inn i noko anna.  Halo er eit skytespel. Deilige fargar og naturlandskap. Rå våpen med smell i. Kamp og aggresjon. Ære og heider fordi ein reddar gissel og sivilisasjonar. Akrobatiske løp, hopp, slag.  Halo er altså mange ting som menn lengtar etter - naturlege og gode ting og funksjonar. MEN I EIN KUNSTIG RØYNDOM. Du blir flink til akrobatiske fingerrørsler på kontrollen, men ikkje i den ekte kroppen.  Når ein slår av xboxen, slår røyndomen inn. Ting blir grått og stille. Slik er det også med internett og pc. Det er som å "slå av røyndomen" og "slå på ein kunstig røyndom." Altså, nett som Matrix og Baudrillard sa.  Å vere i røyndomen kan vere smertefullt. Smerten er ein sanningsind...
Boromir døyr ved Amon hen. Han freistar fyrst å ta ringen av Frodo (Frodhi, frå norrøn og germansk mytologi). Boromir blæs i hornet for å rope om hjelp, men det er for seint. Aragorn kjem etter kvart, og dei får ei forsoning i det Boromir døyr. Dei to er båe frå Gondor, men Aragorn er tronarving, medan Boromir er son av "Steward of Gondor", den vonde Denethor.  Meir ukjent for meg var det at Aragorn og Boromir nok byggjer på soga om Karl den Store og Roland. Soga handlar om korleis Roland døyr i kamp mot baskarane/muslimar, etter at Karl den store trekker seg ut av landet, og opp mot Frankrike. Roland og hans hær kjempar tappert i baktroppen og døyr i slaget, resten av hæren kjem seg unna.  Roland var ein helt og eit førebilete for middelalderens knektar. Den eldste kjente større teksten på fransk handlar om Roland (Chanson de Roland), samt den svært viktige italienske teksten "Orlando furioso". Og i Norsk samanheng byggjer Rolandskvadet frå middelalderen på den nor...