Ei erkjenning. Salmeboka vår er ein skatt. Etter Bibelen kanskje den viktigaste boka i Noreg(?) Ei mengd dikt og salmar frå mange epokar, høg kvalitet på det meste. Brukast gjennom heile året, for alle nordmenn (unnateke innvandrarar etc.) Det er ei bønebok bak i salmeboka. Den er ofte begredeleg. Tidebønene er relativt gode, men ikkje mykje utvikla. Mykje av det andre er rett og slett ikkje bra (ikkje gjennomtenkt, ikkje slitesterkt, ikkje bibelsk språk etc.), og eg trur ikkje det blir bruka. Ting som dette gjer meg på ein måte frustrert; det er nokon som ikkje nett har gjort jobben sin godt nok. Men problemet er av meir prinsipiell art, skjønar eg etter å ha lese i musikkhistoria. Saka er at i den lutherske kyrkja ER salmeboka bøneboka. Gregorianske melodiar og latinske liturgiske bøner vart sjalta ut til fordel for koralar med folkeleg språk og meir tilgjengelege melodiar. Likevel: Luther ivaretok grunntrekka i messa, og også mange av dei gamle liturgiske salm...
Posts
- Get link
- X
- Other Apps
På 80-talet var det mykje underleg norsk musikk. Dansebandmusikk og festmusikk. Mykje som vart raskt gløymt. Nokre opprørssongar. Noko KKV-songar. Det siste er nok det mest slitesterke. Elles ei mengd med "god stemning"-musikk som vart raskt gløymt. Det mest slitesterke var det som stod i kontakt med djupe tradisjonar. KKV, Eidsvåg, Halvdan Sivertsen. Også det som hadde høg musikalsk kvalitet eller var "blinkskot" (forelska i lærern etc.) -- Kva skal ein seie om Caesar? Ein koloss. Juli. Keisar. Tsar. Men romersk, gjennomgåande. Ganske annan moral enn kristendomen, på mange vis. Dog! Mykje å lære av han er det - om å ha røter - om langsiktig planleggjing - om strategi - om handlekraft - om sjarm og framtoning. Eg har berre kome halvvegs i boka. Under ein synsvinkel kan ein sjå heile NT som ei brytning mellom mellomtestamentleg jødedom og jødisk liv; hellenistisk kultur; romersk stat og politikk. Med sentrum i Jesus Kristus og hans liv, og rørsla som etterfylgde han...
- Get link
- X
- Other Apps
Det er 12. desember. Det er ti dagar til solsnu. Vårteikna viser seg tidlegare enn ein skulle tru. Hellbillies-Røta. Ein god song. Eg syng han i ulike samanhengar. Vidt ulike reaksjonar frå dei som høyrer på. Nokre gret. Nokre blir tome i blikket, som om dei erkjenner kva dei manglar - eller som at dei ikkje forstår noko av songen. Nokre blir glade. Nokre tenker djupt - dei høyrer noko som få har sagt så tydeleg. Dei ser underleg på meg. "Kva er det han syng?" Tuva Syvertsens versjon er best. Shane McG. Litt av ei gravferd han fekk, ei underleg gravferd. Underleg, eg veit ikkje. Requiem-konsert. Men det var ekte kjensler der, og respekt. Masse sorg og glede, i ei gravferd. Hm. Systera sa: Det viktigaste for Sh var mors tru, fars litteratur, storfamiliens kultur og forteljingar frå det djupe Irland. Sh flytta til London og spela punk. Det vart ikkje retning for han, før han valte å sameine det djupe heimafrå, med punkmusikken. Då spela han på djupe strengar, og spela seg inn...
- Get link
- X
- Other Apps
Spreidde refleksjonar på vegen. Det er godt å bli betre kjent med det som omtalast som "den mørke middelalderen." Jo meir eg les, jo meir skjønar eg at det ikkje er mange som eigentleg veit så mykje om denne epoken i historia. Mykje byggjer på karikaturar frå opplysningstida. Men det er så si sak. Germania rundt år 0. Mange stammer. Primære kjelder - Tacitus og Julius Caesar, men finst nok også anna. Spennande lesing. Ære og krig og mandigheit stod høgt. Det var også brutale samfunn, og gudane deira kalla dei til krig med jamne mellomrom. Menneske vart ofra i riter, og i krig. På ein del vis eit primitivt samfunn, seier Tacitus - dei levde som "hunter-gatherers" og kunne flytte frå stad til stad. Dei heldt eit belte av land fullstendig reint for busetnad i mange mil mot aust, for å hindre åtak frå slaviske stammer. Særs spennande med romersk-germanske krigar. Ulike sivilisasjonar som møtast. Brutalt frå båe sider. Men det er vel eit spørsmål om det eigentleg er me...
- Get link
- X
- Other Apps
Teikn i tida. Mange søker bakover i historia no. Nokon til det bysantinske. Nokon til romarriket. Nokon til nazismen(!) Nokon til germansk middelalder. Nokon til norrøn vikingtid. Svært spennande, må eg seie. Den som kjenner historia, veit at det var sterke impulsar av liknande slag både i andre halvdel av 1800-talet, og i mellomkrigstida. Dermed er også antyda noko av det destruktive potensialet her. Problemet var at andre verdskrig medførte at mykje av historia vart "off limits". Men vi lever med denne historia også i dag. Våre namn har djupe røter her, også mykje av vår kultur. Det er mykje som er viktig og godt, som ikkje bør gløymast. Men det må "kristnast" på eit vis, slik Tolkien gjorde då han skreiv LOTR. Artig å finne "lenker" attende, berre plutseleg. "Ingmar". Det tyder - "Ing - mar" - "[guden] Ing - berømt". I germansk kultur for 2000 år sidan var Ingmar onkel av Arminius, som kjempa mot romarane. Arminius, det t...
- Get link
- X
- Other Apps
"Analysen av det skriftliga källmaterialet visar att människooffer med stor sannolikhet har utgjort en levande föreställning och en levande praktik i den fornnordiska kulturen. Denna slutsats håller för en kritisk granskning och befäster uppfattningen att människooffer har utgjort en levande tradition från äldre järnålder in i vikingatid. Även formaliserade dedikationer och kultformler som gefa Óðni til sigrs sér ’ge/offra (NN) till Oden för sin(a) seger (eller segrar)’ speglar en kulturellt stipulerad förlaga som kan kategoriseras som ett offer utifrån den i avhandlingen givna definitionen. I dessa fall speglar den rituella handlingen och utsagan en på förhand stipulerad kommunikation med en gudom genom dödandet av en människa, där denna ges som en gåva till den gudomlige mottagaren. Det rituella dödandet och offret är utslag av en vidare praktik av rituellt våld, och fenomenet är sammanbundet med en specifik ideologisk och kulturell kontext." https://www.doria....