Spreidde refleksjonar på vegen.
Det er godt å bli betre kjent med det som omtalast som "den mørke middelalderen." Jo meir eg les, jo meir skjønar eg at det ikkje er mange som eigentleg veit så mykje om denne epoken i historia. Mykje byggjer på karikaturar frå opplysningstida. Men det er så si sak.
Germania rundt år 0. Mange stammer. Primære kjelder - Tacitus og Julius Caesar, men finst nok også anna. Spennande lesing. Ære og krig og mandigheit stod høgt. Det var også brutale samfunn, og gudane deira kalla dei til krig med jamne mellomrom. Menneske vart ofra i riter, og i krig. På ein del vis eit primitivt samfunn, seier Tacitus - dei levde som "hunter-gatherers" og kunne flytte frå stad til stad. Dei heldt eit belte av land fullstendig reint for busetnad i mange mil mot aust, for å hindre åtak frå slaviske stammer. Særs spennande med romersk-germanske krigar. Ulike sivilisasjonar som møtast. Brutalt frå båe sider. Men det er vel eit spørsmål om det eigentleg er meir rett å seie at det var sivilisasjon som møtte barbarisme, trass alt.
Lang og spennande historie med germanske stammer som vandrar i år 4-700. Fleire helteepos frå denne tida, og paradoksalt nok var fleire av dei historiske personane bak dei germanske heltane kristne. Så fylgjer det frankiske rike, og Karl den Store er ein "key player" i europeisk historie. Kanskje den viktigaste personen av alle, i middelalderen. Litt av ein helt, må ein seie - men også ein kontroversiell person. Han nedkjempa saksarane med vald - og seinare med tvungen omflytting. Men dei var også brutale i ei klasse for seg. Det moglegvis den tvungne omflyttinga av saksarane, og den svært strikse handhevinga av kristninga av saksarane (dødsstraff for å fylgje heidenske skikkar - og kun prestane kunne løyse frå dødsstraffa), pluss skattleggjing, som sette i gang vikingtida.
Karl den Store spreidde kristendom og stod bak "den karolinske renessanse", mykje styrt av hans høgre hand, Alkuin. Fremjing av sivilisasjon, læring, handverk. Karl den store var mektig og sterk, og også ein familiemann. Han var kristeleg og fremja kristne dygder, særskilt omsorg for fattige. Han hadde 5 koner og fleire konkubiner. I det heile kastar denne perioden mykje ljos over ettertida.
Det gjeld også tilhøvet til muslimar. Det var Karl Martell, bestefar til Karl den store, som stansa muslimane ved Tours. Muslimane var på veg til å ta det kristne Europa - også eit mykje "gløymt" kapittel i vår tid. Også der var krig ein del av "spiritualiteten". Mykje spennande med denne historia også - historie som no kjem fram att til overflaten. Men vi lever i vår tid, dei levde i si tid.
Comments
Post a Comment