Dagens lesing - vikingar i Russland. Svært interessant og for det meste ukjent. Eg spør meg sjølv om kvifor eg aldri lærte om dette på skulen. Veldig tankevekkande. Mykje har å gjere med at "vikingmentaliteten" låg såpass nært opp til nasjonalsosialistisk tankegang. Likevel. 

Svenske vikingar dreiv med handel nedover elvane i noverande Russland, heilt frå i alle fall 6-700-talet. Dei var også svært brutale og krigerske. Deira kamp for å halde handelsruta til Konstantinopel open, medførte krigføring mot stammene langs elvene. Desse kampane låg til grunn for danninga av "Rus"-riket i Kiev. Rus-vikingane gjekk til åtak på Konstantinopel mange gonger, og fekk som resultat svært gode handelsavtalar og mengder med sylv med seg attende. 






At Rus-soldatar med norrøn bakgrunn også var livgarde for bysantinske keisarar på 1000-talet, var ukjent for meg. Dei norrøne grupperingane i slaviske område vart etter kvart kristna, og også assimilert til slavisk kultur. Dei norrøne soldatane levde ved sverdet, sjølv om det fanst nokre meir permanente busetnader øvst ved finskebukta. 





Comments

Popular posts from this blog