Er eit "karbonnøytralt" samfunn (vi kunne føye til: Eit samfunn som bevarer artsmangfald og natur) kompatibelt med at samfunnet er grunnleggjande industrielt? (D. e. at ein driv masseproduksjon, global transport av varer, nører til konsum etc.?) 

Eg spurte ChatGPT. Svaret? 

"Det er ganske utfordrande, men, ja, det er mogleg. Ein må balansere mellom økonomisk framgang og reduksjon av CO2. Dette kan ein oppnå ved: 
- Reine teknologiar, som held industrien i gang utan utslepp.
- Bruke fornybar energi, som solcellepanel og vindturbinar. 
- Karbonfangst kan sikre sementproduksjon, til dømes, ikkje slepp ut CO2. 
- Gjenbruk og gjenvinning i industriell produksjon. 
- Samarbeid mellom forskarar, industri og politikarar. 
- Lovverk som regulerer industrien, til dømes ved å subsidiere rein teknologi og innføre karbonskatt. 
- Gje kundar preferansar for varer som ikkje slepp ut CO2 i sin produksjon."

Som å høyre dagens politikarar, dette. Men, på dette området trur eg meir på paven enn ChatGPT og kapitalistiske teknologioptimistar, må eg seie. (For å seie det forsiktig og diplomatisk). Spørsmålet forblir likevel; kva er ein "politisk veg" til eit sunnare samfunn? Eit verkeleg vanskeleg spørsmål. Merk at også kyrkja er politisk, på sitt vis. Ikkje "partipolitisk", men likevel sin eigen "polis" med sine eigne verdiar, normer, ideal, forteljingar, riter etc. Flemings Lean Logic seier rett og slett at det er lite som vil bli gjort, innan "the climacteric" kjem. Innan den tid, kan vi gjere oss klare, så å seie, og leve "som om" samfunnet har gått gjennom omveltningar. Noko sant er det åpenbart i dette. 

Comments

  1. Ja, tenk om me hadde mobilisert like sterkt for klimasaken som me gjorde då koronaviruset råka. Kva skulle då dei konkrete handlingane vore? Snakk om å vende om, det måtte blitt ein heilt anna livsstil- Som ein start kunne ein endra lønnspolitikken, og forhandla dei fleste lønningar ned, istadanfor opp. Medan bøndene endeleg ville blitt skikkeleg verdsatt for å framskaffe «vårt daglege brød». Det nye statusyrket. Bil kan ein ikkje køyre med mindre ein fyller han opp og samtidig har ein veldig god grunn. Sykkel og spark får ein renessanse. Bøker blir ikkje lenger kasta, ingenting blir det, fordi det aller meste av nyproduksjon har stoppa opp. Elektroniske dingsar er forbeholdt offentlege stadar, som bibliotek. Og krig, det er uaktuelt, sidan det er så lite klimanøytralt. Den yte trusselen har til slutt fått oss til å forstå at me må dra lasset ilag, istadanfor å krige. For å få dei avgrensa ressursane til å rekke lenger, går no dei fleste inn for andeleg utvikling (som m.a. vil betre næringsopptaket og evnen til ubetinga kjærleik). Kan skje-

    ReplyDelete
  2. Mange gode saker her. Det er likevel eit spørsmål om kva som er praktikabel politikk, så å seie...

    ReplyDelete
  3. Ja det er ein veg å gå. Men dei av oss som har arbeid, kan jo bare byrje i neste lønnsoppgjer. Medan dei av oss som ikkje har det, kan sikte litt lågare enn ryggmargsrefleksen til den kollektive underbevisstheiten skulle tilseie :)

    I framtida lærer sikkert ungane å rekne ut klimaavtrykket sitt i grunnskulen. Kanskje hadde det vore ein god stad å starte for oss som er vaksne idag.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Jo. Alle monnar drar, som det heiter.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog