Dagens tanke er at det forbløffar meg kor ukjent "dark ages" eigentleg er, for oss nordmenn. Frå 400 til 1000 i Europa. Middelalderens Europa er naturlegvis ikkje spesielt kjent i vår norske kultur, men tidleg middelalder er ukjent i særleg grad. Noko av dette har å gjere med at denne perioden i Noreg, pre 793, har få historiske kjelder etter seg. Dog ganske mange levningar av ulike slag. (Jfr. boka Ancient Scandinavia). Og i det heile påverkar kulturar kvarandre, slik at omkringliggjande historie og kultur kastar ljos over det same hjå oss. Vi er også produkt av vår fortid, på langt meir komplekst vis enn det som ofte er erkjent. (Som når eg les musikkhistorie, og ser den komplekse bakgrunnen for vår notasjon og våre skalaar - alt saman spring primært ut av gregoriansk song, som igjen har røter i bysantinsk messing, som igjen har røter i den greske antikken etc.)

Dagens tanke er også at kreativitet og skaparevne er ein ibuande del av å vere menneske. Eg hadde ikkje nett tenkt på at når verbet "poieå" og subst "poiema" etc. brukast i GT/LXX etc., så siktar det ofte til ulike typar av handverk frå Guds og menneskes si side - kreativt engasjement med skaparverket. I byggjinga av tempelet er det eksplisitt at handverkarar i stein, stoff, tre etc. får Ande til å bruke visdom og intelligens i sitt arbeid. Vi må også seie at vi er skapte til å gjere kreativt engasjement med "openberringa", d. e. evangeliet, Bibelen etc. Ein kan seie at det er ein del av tempelbyggjinga og ein del av inkarnasjonen. Difor er også tradisjonen noko som er i stadig vekst, og noko levande, og noko vi er med på å forme. 


Comments

  1. Kanskje dette siste du skriv er noko som kan motverke frustrasjonen du nemnte i ein av dine kommentarar til førre blogginnlegg. Det menneskelege potensialet er større enn me ofte trur-

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Det er for så vidt også sant. Ein må ha trua på framtida også, og på "the God of possibilites".

    ReplyDelete
  3. Gratulerer med 40-årsdagen! Og ikkje gløym å ta med deg trua på framtida. Me treng m.a. snart ein ny prest i Kviteseid :)

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Hei - er nok ikkje så sannsynleg at eg søkjer nett den stillinga, men takk for innspel. Eg vil elles takke deg for ei framifrå gåve, den sette eg stor pris på!

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog