Ein fascinerande tanke som kjem med alderen. Tider forandrar seg. I vår tid svært mykje. Mykje er i støypeskeia. Mangt vil bli "lagt på historiens skraphaug", som det heiter. Mangt vil vere aktuelt også om 50, 100, 200, 500 år. Eit liv er kort. Tider forandrar seg. Poenget er at det er verdt å investere tid og krefter og ressursar i "det klassiske". Homer vil bli lese. Platon og Aristoteles like eins. GT og NT, naturlegvis. Augustin og Aquinas. Gregoriansk musikk, Palestrina og Bach og Beethoven. Etc.
Sundagen si preike, ikkje nett som eg heldt ho. - Temaet for sundagen er ljos, "born av ljoset". Dagens bøn er ei bøn om å vere born av ljoset, "så vi ikkje krenker deg eller nesten, men lever i kjærleik." No har eg mange høner å plukke med "dagens bøner", tidl. kollektbøner. Ved liturgireforma var det slik at ulike grupperingar valte kvar sin del av liturgien å reformere, så å seie. Kyrkjemusikarane gjekk til evangelieprosesjonsverset, dei liberale gjekk til dåpsliturgien (meir vekt på skapingsteologi, meir vekt på å seie namnet til barnet), dei høgkyrkjelege gjekk til nattverden (meir likt katolsk liturgi, meir rituelle handlingar etc.) Kollektbøna...gjekk til feministane, som var opptekne av at ein ikkje skulle bruke "kjønna språk" om Gud etc. Novel! Ljos. Her er vi inne på veldig mystiske ting. Dersom ein er litt "vanleg" protestant, kan ein seie "ljos er ein fin metafor som gjev oss innsikt". Bibelen brukar ofte ljos p...
Det spørs vel kva for liv du tenker på, kroppens, sjelas eller åndens. Er me ein kropp som har ei sjel som har ei ånd? Eller er me ei ånd som har ei sjel som har ein kropp? I siste fall kan ein seie at kroppen er som ei drakt, personlegdommens drakt. Som ein tek av seg når ein døyr. Eksistensen fortset med andre ord, det er bare nedste del av stigen som er kutta av. Det er difor det kan gje så stor meining med sjelemesser, når nokon er død. Sikkert også difor ein kan kjenne ein tiltrekning mot det klassiske, det er noko sjelene våre kjenner frå før. Denne affirmasjonen er fin, synast eg «I tanke, ord og handling byggjer eg livet mitt frå dag til dag på ei trygg tuft, grunnvoll , fundament: evig eksistens».
ReplyDeleteHelsing Gunhild
Ja, dette må eg seie er eit framifrå og viktig poeng du kjem med. Mvh
ReplyDelete