Kjør debatt.
Posts
- Get link
- X
- Other Apps
Tolkien - ein mytologi for Europa (eller, primært for England). Det er det åpenbart. Det er relevant her at Tolkien var djupt katolsk, og han var djupt inne i middelalderen. På (mest) godt og vondt vart Tolkien oppseda av ein romersk katolsk prest, frå han var 12 år. Den katolske teologien på denne tida kunne vere svært streng (etter fyrste vatikankonsil) - som ein reaksjon mot moderne liberal militarisme og sekularisme. Tolkien sjølv tala om ein "hard og bitter religion" - som vart varma av Maria møy og det kvinnelege - ein religion som han altså likevel var fullt lojal mot. Tolkien meinte ikkje at LOTR kunne lesast allegorisk. Likevel var "forrådet" han henta frå, klart nok - det var den djupe middelalderen og antikken i Europa - språkleg, litterært, naturmessig, geografisk, historisk etc. Det reiser mange tankevekkande og interessante problemstillingar og tematikkar. Noko interessant er det geografiske og demografiske, som ein kan fundere på. Shire er åpenbart ...
- Get link
- X
- Other Apps
Dagens refleksjonar. Eg kjøpte meg ein xbox, eg spela halo, eg gjorde meg refleksjonar, eg selte xboxen vidare. Refleksjonar: - Å spele xbox er ein deilig rus. Timane går. Det er som å "gå ut av tida", som å "gå ut av kroppen", som å "gå ut av sinnet". Og inn i noko anna. Halo er eit skytespel. Deilige fargar og naturlandskap. Rå våpen med smell i. Kamp og aggresjon. Ære og heider fordi ein reddar gissel og sivilisasjonar. Akrobatiske løp, hopp, slag. Halo er altså mange ting som menn lengtar etter - naturlege og gode ting og funksjonar. MEN I EIN KUNSTIG RØYNDOM. Du blir flink til akrobatiske fingerrørsler på kontrollen, men ikkje i den ekte kroppen. Når ein slår av xboxen, slår røyndomen inn. Ting blir grått og stille. Slik er det også med internett og pc. Det er som å "slå av røyndomen" og "slå på ein kunstig røyndom." Altså, nett som Matrix og Baudrillard sa. Å vere i røyndomen kan vere smertefullt. Smerten er ein sanningsind...
- Get link
- X
- Other Apps
Boromir døyr ved Amon hen. Han freistar fyrst å ta ringen av Frodo (Frodhi, frå norrøn og germansk mytologi). Boromir blæs i hornet for å rope om hjelp, men det er for seint. Aragorn kjem etter kvart, og dei får ei forsoning i det Boromir døyr. Dei to er båe frå Gondor, men Aragorn er tronarving, medan Boromir er son av "Steward of Gondor", den vonde Denethor. Meir ukjent for meg var det at Aragorn og Boromir nok byggjer på soga om Karl den Store og Roland. Soga handlar om korleis Roland døyr i kamp mot baskarane/muslimar, etter at Karl den store trekker seg ut av landet, og opp mot Frankrike. Roland og hans hær kjempar tappert i baktroppen og døyr i slaget, resten av hæren kjem seg unna. Roland var ein helt og eit førebilete for middelalderens knektar. Den eldste kjente større teksten på fransk handlar om Roland (Chanson de Roland), samt den svært viktige italienske teksten "Orlando furioso". Og i Norsk samanheng byggjer Rolandskvadet frå middelalderen på den nor...
- Get link
- X
- Other Apps
Dagens rant. Ser på masteroppgåva. Då forstår eg meir. Her er veldig mykje akademisk fagtradisjon og fagspråk som søkjer å skape eit inntrykk av intelligens og "ny innsikt", men som ofte er vanskeleg å finne særleg innsikt i. Eg kjenner det att frå fag som eg sjølv har teke. (Særskilt pedagogikk, men dels også samfunnsfag). Det er ein type forskning som nok gjer at forfattarane kjem inn i problemstillingar, både i fag og i det verkelege livet. Slik sett er det nyttig. Dei lærer også noko om forskingsverda etc. Men sjølve "forskninga" og resultata" verkar lite interessante og hjelpsame, og heller ikkje alltid så meiningsfulle. Ein kan seie det sterkare: Dei forkludrar røyndomen. Meir konkret: Kjerkol skriv om korleis ein kan ta i bruk "digitale hjelpemiddel" i heimehjelpa. Det er i utgangspunktet noko eg er skeptisk til, men det er så si sak. Men så skal ein "forstå" denne prosessen ved hjelp av eit lite meiningsfullt, stundom ugjennomtreng...
- Get link
- X
- Other Apps
Rome - ein refleksjon, og det høvde jo også godt som ein respons til kommentaren. Det er underleg med TV vs. historisk bok. Å lese historisk bok er rått og ekte. Ein får verkeleg kome nært innpå menneske og den dei var. Veldig intelligente og ekte menneske. Inspirerande og stimulerande - og naturlegvis mykje til "åtvaring". Ein tanke: Rammstein er rå og populære. Dei kan mykje. Det er ein ting dei ikkje kan: Vere heilt oppriktige og alvorlege. Dei kjem nær, i sin beste song: Deutschland. Men berre opp til eit punkt. Nazistane blir framstilt, men dels som komiske figurar. Munkar blir framstilt - også dei som fæle og komiske figurar. Men der har du det: Nazistane meinte alvor, det gjorde også munkane. Musikken til Rammstein meiner alvor - her er kraft - men det manglar ting i bodskapen. "Kva vil de med musikken?" Til HBOs Rome. Det er slett ikkje ein dårleg serie. Den prøvar verkeleg å framstille romarriket på ein truverdig måte...og klarer det på mange vis. Særle...
- Get link
- X
- Other Apps
Kjetil hadde slik. Var ganske grei, den. Fint oransje ljos, og små knappar ein kunne bruke til å fininnstille radioen, under eit deksel. Digital klokke var det også på den. Syster mi hadde denne. Masse lyd i denne. Hitachi var knall, det. To kassettar, til og med. Ein kunne kopiere frå ein til ein annan. Equaliser og greier. Men denne hadde eg. Kosta 1000. Denne bruka eg svært mykje. Denne kunne eg då bruke til å ta opp songar frå "Albin" på NRK. Og høyre på kassettar. Herleg tøft design. Lite bass, men kunne spele høgt. Kople til denne cd-spelaren, som eg også elska. Kosta 1700 kroner. Med fjernkontroll. God lyd. Då kunne eg høyre på europop. Berre å sjå på denne vekker minner. Så fekk min bror denne, som var veldig bra også. Stor og tung. Kongebra. Kjempebra lyd, integrert CD. Hitachi var bra. Men så var det Frank som hadde denne. Kosta 6500 kroner (den gongen!!) og hadde cd-vekslar. Heilt max. Eg kunne ikkje fatte at han hadde så bra anlegg....