Posts

 - Teikn i tida. Mange kjenner på impulsen til å trekke seg attende. Bort frå stress og meiningslause arbeidsoppgåver; sosiale medier og nett; støy og urbanisering; politiske spenningar og feilutviklingar; økonomisk press og høge levekostnader. Trekke seg attende. Eg gjer det sjølv. Mykje sunt ved det. Nærare natur - menneske, tre, planter dyr - der også Gud er. Men skal sivilisasjonen sigle sin eigen sjø? Det er problemstillinga - kva ein gjer, når motkreftene blir såpass sterke - på kva vis ein skal ta vare på si eiga sjel og sin eigen kropp, og på kva vis ein skal gagne røyndomen, gjere Guds vilje. Mange går med slike tankar om dagen. Det er teikn i tida. Viktig å tenke korleis ein kan ha trygt miljø rundt seg, ha trygg tilgang til mat og ly. Retningane vil peike seg ut etter kvart, trur eg.   
Effektivt. Å skape eller gjere noko på grundig vis. Kva er mest effektivt - ljå eller grasklyppar? Grasklyppar? Mon det. Ljå er enkel - eit stykke tre og eit stykke jern. Ljåen må lagast. Til dette trengst kunnskap og reiskapar, men ingenting veldig avansert. Ein må ha tre, kniv, kol, hammar, jern etc. mat for energi. Ein må også ha bryne for å skjerpe ljåen.  Grasklyppar? Ein må ha ei mengd med ulike delar. Råvarer må utvinnast. Dei må sendast over kloden. Dei må brukast til produksjon av delar. Til dette trengst komplekst maskineri, som igjen treng råvarer, delar +++ Produkt må distribuerast. Transporterast. Seljast. For ikkje å tale om heile det enormt komplekse systemet som må til for å produsere bensin. Alle oppgåvene må delegerast til fabrikkar, industri etc. Ein må såleis ha pengar for å betale andre menneske, og maskinar, for å gjere arbeidet. Og nokon må gjere arbeidet.   Kva er mest effektivt, når ein tek alt dette med i rekninga? Ljå klypper paradoksalt nok gra...
Image
Lenge sidan førre oppdatering. Her kjem nokre tankar: Eg høyrer JB Godal på "Drivkraft". Veldig spennande. Han var også ein del av boka Nytt skogbruk. Varmt anbefalt episode. Son av prest. Oppteken av berekraft og rett bruk av skaparverket. Tek det ut m. a. i svært gode bøker om byggjing i tre, og sjølvberging. (Eg les i laftebøkene). Formidlar rike tradisjonar frå grenda. Han seier: Handverk kan berre lærast taktilt, ved "aping". Eg er samd. Men, bøker kan peike på at "her er det noko å lære". I Rauland er der kurs. Eg tenker på kor viktig det er å ha kontakt med menneske som har røter bakover i tid, ikkje berre i hovudet (der og), men også i "heile mennesket". Tradere - traditio. Ape før skape. Det er nokre kimar her til ei veldig anna livsinnstilling enn det eg på mange vis har hatt, og eg blir tankefull.  Godal på NRK HER . 
 På tur i Seljord, møte med kollegaar i kyrkja. Triveleg, og for så vidt også rutinemessig, mtp. innhald på møtet. Noko har endra seg i meg, personleg. Eg er mest i Vest-T no, og syslar med det eg driv med, og tenker på det eg tenker på. Å kome ut av det "rommet" er tankevekkande. Til Seljord, til den større kyrkjerøyndomen, til moderne problemstillingar, så å seie. Eg er på sett og vis i kontakt med dei via medier/nett, men der er også motrøyster, og eg freistar å avgrense meg sjølv frå mykje av tematikken. Eg var den einaste i VT-kofte der. For 30-40 år sidan var det "standard" for VT-prestar å gå i kofte, det var mest ein klisje. No er det eg som på ein del vis er ein anomali. På møtet tenkte eg: "Triveleg å vere her, på mange vis, men eg vil heim att." Mest som å kome attende til Hobbiton. Attende til skog og dyr og planter og familie og vener og bygdesoger og folkemusikk og husdyr - og tradisjonelt kyrkjeliv og bygdeliv. Dog, som i LOTR: Hobbiton kan ...

Peak oil oppdatering

Peak oil; toppen av tilgang til, eller utvinning av, olje. Så går det nedover, og til slutt blir det tomt. Altfor enkelt sagt. Men det er tanken. Oljen tek slutt ein dag, men når? Neste år, om 10 år, 100 år? Tidspunktet er umogleg å tidfeste nøyaktig, spes. med tanke på at teknologi utviklar seg, og det gjerast nye funn. Art Berman er ein av dei største ekspertane på feltet, og han er ein truverdig person. Han seier: Oljen vil ikkje ta slutt med det fyrste, men vi kan moglegvis byrje å merke problema tydeleg mot slutten av 20-talet, og sannsynlegvis i neste tiår. Jfr. "energy crunch", når etterspørsel og tilgang ikkje møtast lenger.  Vi treng olje for produksjon av: Plast, sement, stål, kunstgjødsel. "Fornybar energi" produserer elektrisitet. Men elektrisitet står for berre 20% av total energibruk, resten er frå fossil energi. Det er svært vanskeleg å sjå for seg at sol, vind, kjernekraft etc. skal kunne overta desse 80% - per no finst det ingen "clue" om ...

Om det moderne og det pre-moderne, og sjel

 Dagens refleksjonar.  - Kva er meininga med å vere menneske? Jesus seier mykje om det - men vel å merke som eit apokalyptisk innslag i ein lang jødisk (mm.) tradisjon. "Visdom" er ein fruktbar og ekspansiv og "inklusiv" moralsk kategori, noko ur- og oldkyrkja naturlegvis sterkt poengterte. Jesus vart kalla "Visdom". Men han kalla også til ting som gjekk langt utover det som var "vanleg visdom". "Meir enn Salomo" etc. Desse spenningane har vi også i bygdene våre i dag. Ein del av løysinga må vere at visdom i kristendomen forvaltast av anerkjent autoritet, og at denne autoriteten også må anerkjenne visdomen i praktisk røynsle (slik Bibelen gjer).  - Dyr er "ville". Men mange av dei lever i fellesskap, lagar seg hus, samlar mat, brukar verktøy, har rollefordelingar, avgrensar territorier etc. Altså er dei også ikkje ville. (Eit poeng frå Wendell Berry). Livet i Vest-T fram til ca. 1850 liknar meir på slike dyreliv enn moderne li...
 Dagens refleksjonar.  - DB Hart seier eit par ting, som er konsekvensrike.  a) "Eit samfunn sin "sanity" er kjenneteikna av kor nær kontakt det er mellom dei døde og dei avdøde."  Det handlar både om "mystikk" - d. e. om kontakt med dei avdøde, så å seie, og om tradisjon, vyrdnad, respekt, lærdom. Og det handlar om von, "himmel" etc. Og om metafysikk: "But whither now go the souls? How dwell they now together there?" Eit vanskeleg felt, fordi Dnks vanskar med "dei døde" også har å gjere med vårt oppgjer med både eldre kyrkjeleg teologi og med eldre "overtru" eller "folketru". Det har også å gjere med grunnsetningane i moderniteten, om "progresjon", "leggje fortida bak oss" etc. I norsk spiritualitet i dag er det dog mange praksisar som kan knytast til kontakt med dei døde: Ljostenning, slektsgransking, paranormale fenomen, stelling av graver, helgentradisjonar mm.  b) "Vestleg sivi...