Lenge sidan førre oppdatering. Her kjem nokre tankar:
Eg høyrer JB Godal på "Drivkraft". Veldig spennande. Han var også ein del av boka Nytt skogbruk. Varmt anbefalt episode. Son av prest. Oppteken av berekraft og rett bruk av skaparverket. Tek det ut m. a. i svært gode bøker om byggjing i tre, og sjølvberging. (Eg les i laftebøkene). Formidlar rike tradisjonar frå grenda. Han seier: Handverk kan berre lærast taktilt, ved "aping". Eg er samd. Men, bøker kan peike på at "her er det noko å lære". I Rauland er der kurs. Eg tenker på kor viktig det er å ha kontakt med menneske som har røter bakover i tid, ikkje berre i hovudet (der og), men også i "heile mennesket". Tradere - traditio. Ape før skape. Det er nokre kimar her til ei veldig anna livsinnstilling enn det eg på mange vis har hatt, og eg blir tankefull.Godal på NRK HER.
Takk, det var svært givande å lytte til! Eg synest det hang ei sorg i lufta. Så fattige me har vorte på alt som betyr noko. Så distraherte og distanserte frå livet sjølv.
ReplyDeleteEg les for tida romanen «Drømmen om et tre» av Maja Lunde. I denne framtidsvisjonen satte Svalbardfolket eit skilje ved 1946, og kvitta seg med alt som var skapt etter dette. Dei hadde endeleg innsett at dei måtte leve i pakt med naturen og likestilte alle andre artar med mennesket (eller satte til og med dei andre artane høgare). Dei levde harde liv fullstendig isolerte frå omverda, samtidig som dei vakta over eit globalt frølager. Dei måtte også lære seg dei gamle handtverka på nytt.
Ein kan også snakke om Guds vilje, og kven me djupast sett er. Er det Guds vilje at den moderne verda skal kvele årtusenlange tradisjonar? Eller er det nokre av oss som er kalla til å vidareføre dei? JB Godal verkar å vere ein som faktisk er det. Forhåpentlegvis vil han inspirere mange (han har også ei spirituell røyndomsforståing, tykkjer eg- også ein kvalitet som trengs idagens samfunn. Han kunne vorte ein god prest, eller er det moglegvis allereie på sett og vis).
Kanskje er det på tide å byrje å bygge ein ny «ark» som kan ta oss gjennom krisene verda står ovanfor? Ein ark av ferdigheiter som sikrar livsgrunnlaget for framtidige generasjonar. På denne imaginære arka trengs det nok både teoretikarar og praktikarar- men truleg flest av dei siste.
Tankar er vel og bra. Men som eg trur eg har sagt før: det er den desidert minst pålitelege awarenessona. Mykje meir påliteleg er fornemmingar i kropp (indre sone) og det ein sansar der ute (ytre sone). Fekk absolutt inntrykket av at handtverkarane Godal nemnte brukte desse siste to!
Ellles vert jo verda rundt oss i stor grad til som følgje av tankane våre. Så kanskje er det ei endring i tankesett son må til, likevel. Mentalhygiene.
Kan eg noko som verda eller situasjonen treng? Det er det store spørsmålet. Viss det endå gjev ein sjølv glede å halde på med det. Slik at ein kan gløyme seg sjølv. Så nærmar ein seg kanskje den ein djupast sett er, skapt i Guds bilde (å vere kristen handlar vel først og fremst om «å gjere»).
Moglegvis har du fått eit nytt kall? Eller så trudde eg kanskje det var musikken som var ditt store kall? Med tanke på ulykka i haustmørket, kunne du kanskje trenge å lære nokre gode hogstteknikkar frå Godal :)
Helsing Gunhild
Apropos indre sone:
ReplyDelete«Move within, but don’t move the way fear makes you move.
Move the way love makes you move.
Move the way joy makes you move.
Rumi»
Denne fekk meg til å tenke på samtalen vår her, kva som er Guds rolle og vår rolle i våre kall som kristne. Og at det ikkje bare gjeld levebrødet, som samfunnet vårt elles er så opptatt av. Men heile livet, også hobbyar, fritidsaktiviteter, vennskap, ekteskap og foreldreskap. For å nemne noko.. Men absolutt også levebrødet da (og kanskje burde ein i større grad ha med dette perspektivet i arbeidslivet). Me sår, Gud lar det vekse og modne og me haustar. Slik sett kan ein sjå det som at JB Godal har sådd nokre frø frå svunnen tid, som Gud no overtek ansvaret for for vidare vekst. Eller noko slikt. https://www.youtube.com/watch?v=Uu7TOU5rrwg
ReplyDeleteHelsing Gunhild
Det er nok heilt sant, og undervurdert. Både at heile livet vårt, så å seie, er såkorn som får konsekvenser - og at vi treng å tenke på kva som er visdom mtp. alle sider av livet (ikkje berre "kjærleik", "dei ti boda", "tru" el. l.) I det heile er det tankevekkande at våre handlingar får "ripple effects" på ulike måtar, utan at vi sjølve kan kontrollere desse. Ein kan gjere noko som verkar lite fruktbart her og no, men som seinare får gode konsekvenser.
ReplyDeleteKanskje er det illusjonen om at me er separerte frå Gud som får oss til å undervurdere dette vekstpotensialet. Eg vil tru det.
ReplyDeleteIgrunnen fint å tenke på, det betyr jau at alt ikkje er opp til oss menneske. Då kan ein også senke skuldrane nokre hakk, eller få letta «eksistensens byrde». Og heller lytte etter hviskinga frå den som var, er og skal komme. Skje din vilje, på jorda som i himmelen…
Dvs den tyngde av eksistensen som oppstår når ein trur ein er heilt aleine. Ifølgje min andelege mentor er dette noko sjølv små barn kjenner på.
ReplyDeleteDenne tyngda lettar når illusjonen om seperasjon «slår sprekkar», når forhenget vert tynnare. Då kan også mange spenningar som har satt seg i kroppen sleppe taket. Iallefall om ein over tid får fleire slike glimt.
Og dei av oss som har ei utrygg tilknyting, kan få erfare heiling. Ein trygg base og ei trygg hamn, som dei seier i circle of security (COS-P).
Helsing Gunhild
Gode tankar.
ReplyDelete