Effektivt. Å skape eller gjere noko på grundig vis. Kva er mest effektivt - ljå eller grasklyppar? Grasklyppar? Mon det. Ljå er enkel - eit stykke tre og eit stykke jern. Ljåen må lagast. Til dette trengst kunnskap og reiskapar, men ingenting veldig avansert. Ein må ha tre, kniv, kol, hammar, jern etc. mat for energi. Ein må også ha bryne for å skjerpe ljåen.
Grasklyppar? Ein må ha ei mengd med ulike delar. Råvarer må utvinnast. Dei må sendast over kloden. Dei må brukast til produksjon av delar. Til dette trengst komplekst maskineri, som igjen treng råvarer, delar +++ Produkt må distribuerast. Transporterast. Seljast. For ikkje å tale om heile det enormt komplekse systemet som må til for å produsere bensin. Alle oppgåvene må delegerast til fabrikkar, industri etc. Ein må såleis ha pengar for å betale andre menneske, og maskinar, for å gjere arbeidet. Og nokon må gjere arbeidet.
Kva er mest effektivt, når ein tek alt dette med i rekninga? Ljå klypper paradoksalt nok gras nesten like raskt som grasklyppar, sjølv om det nok er vanskeleg å rekke over store område med ljå like lett som med sitjeklyppar. Dersom effektivitet ("Den eine, beste måten å gjere noko på", Ellul) er det ein er ute etter, så, vel - grasklyppar. Men tek ein absolutt alt arbeid som gjerast i alle ledd av produksjon, vedlikehald etc., så er eg svært usikker på om grasklypparen kjem best ut. Maskinane skulle ha medført at vi arbeidde mindre og mindre, og til slutt kunne ha fri mesteparten av tida. Det skjedde ikkje.
Eg tenker på dette - mange ting er mest like effektivt som å bruke maskin, når det skjer i litt mindre skala. Hogging av ved med øks, til dømes. Det er ikkje veldig mykje treigare enn å bruke ein normal vedkløyvar. Skjønt - ein kan bruke større maskin...med alt dette fører med seg. Jo, ein får kløyvd meir, på kortare tid. Men det er andre sider ved saka - når ein arbeider manuelt med menneskevenlege reiskapar, så lærer ein skills både om materialet ein arbeider med, verktøyet, og eins eigen kropp. Og ein får god trening.
Kubben talar, og gjer at eg må lytte. Eg må forstå reiskapen, eg må bruke han rett. Svinge øksa rett, slipe rett. Sjå kva treslag det er, kor tørr eller våt kubben er. Hogge på rett stad. Kjenne temperaturen og vite korleis dette påverkar hogginga, med meir. Di meir enkle reiskapar ein brukar, trur eg, di meir kjem ein nær innpå røyndomen, på ein måte.
Eg hogg ved med øks. Etter kvart kjem dyra fram. Ei skogmus under ein stein. Eit ekorn som spring i trea. Hakkespetten med sin rytme. Eg blir glad. Slikt skjer aldri når eg brukar motorsag, då blir det raskt taust i skogen. Eg slår av saga. Tyst. Det tek nokre minutt, så byrjar ein fugl å synge. Når det er stille når eg arbeider, legg eg merke til fargenyansane og teksturane i veden. Eg legg merke til kor vakker bjørka eigentleg er, kor enorm variasjon det er i neveren. Slikt skjer ikkje når eg har masse støy rundt meg, har eg merka.
--
Eg undrast på det! Grandfather - ein dokumentar på youtube om gamaldags bondeliv. Han brukar hest. ALLE eg talar med om hest i gamle dagar, seier at "ja, hesten var triveleg å arbeide med, det var noko anna enn traktor, ja..." Men i vår tid får vi ikkje oppleve å arbeide med hest, med mindre vi tek eit motkulturelt val. At vi vann mykje på å få traktor, er klart nok. Kva tapte vi? Det er mindre klart.
--
Eg har ein stor stein som ligg i ei slepe. Steinen veg sikkert 300 kg. Kva gjer eg med det? Eg må forstå kva steinen er, kva materialet er, kva moglegheiter som finst. Og handle deretter. Har eg ei gravemaskin, kan eg løfte steinen vekk, naturlegvis. Men det medfører få skills om eigen kropp, reiskapar, steinmaterialet. Skjønt, eg må kunne styre ei gravemaskin og halde ho ved like. Transportere ho. Arbeide for å finansiere ho. Det blir spor i slepa. Etc. Nok om det. Stundom er det bra å ha ei gravemaskin, trur eg. Eg er i tvil.
Steinen kan ein forstå. Kva type stein er det? Kvar er "brotlinene" som indikerer kvar steinen vil delast vidare? Ein har fleire moglegheiter!
- Ein kan fyre eit stort bål under steinen, og hive på kaldt vatn. Steinen sprekk. Ein må forstå brensel, eld, korleis varme påverkar stein, korleis endring i temperatur påverkar stein.
- Ein kan bruke spett og jekketeknikkar, og leggje inn under trebitar eller andre steinar. Ein må forstå vektprinsipp, grunnleggjande fysikk. Ein får trening.
- Ein kan bruke jekketalje og jekkestroppar på kreativt vis. Ein lærer då noko.
- Ein kan bruke steinslegge og slå fleire gonger på same punktet, på intelligent vis. D. e. der steinen vil "gje etter". Ein forstår noko om krefter i steinen. Ein får god trening.
Makes you wonder.
- Burde ein bruke motorsag?? Det går fort og er effektivt (for effektivt??) Bråkar infernalsk, og er risikabelt. Hindrar ein i å bruke andre og enklare reiskapar. Hindrar ein også i nærkontakt med fibrar, spenningar, hardleikar mm. Eg undra meg: Korleis er det eigentleg beveren feller tre? Det viser seg at beveren lyttar mykje til treet, og registrerer små signal av lyd og rørsle når treet byrjar å "gje etter", og dett. Umogleg å høyre slikt når ein brukar motorsag, naturlegvis. Ei anna side: Når tree hoggast med øks, eller brytast av, veks det mykje meir mikroorganismar i sprekkane i stuven.
Eg brukar motorsag ved større tre, og når eg vil ha ting gjort unna, men er ikkje begeistra for det - skjønt, det er effektivt, og får jobben gjort, og gjev god trening. Ein må også kunne ein god del om korleis tre oppfører seg. Eg har lyst til å prøve ordentleg trefellingssag. Paradoksalt nok er ikkje slike sager å få tak i, i Noreg(!) Dei må spesialbestillast frå England. Eg har ei frå bestemor. Når eg ryddar, vil eg i det lengste unngå ryddesag, og heller bruke ryddeøks og ljå. Ryddesag er effektivt, men eg likar ikkje lyden. Ved større område kjem ein moglegvis ikkje heilt unna, skjønt, det kjem an på kor god tid ein har.
Eit visdomsord. Å arbeide utan store og presumptivt effektive maskinar, tek tid - stundom veldig lang tid. Eit paradoks er likevel, at dersom ein har tid, så blir jobben gjort etter kvart. Og ein får mykje att for det. "Spaden må gå jamt".
Dette er problemstillingar. Vi blir ikkje samde, i dagens kultur. Mange vil seie: "Mykje enklare å... Mykje meir effektivt å... Det er jo berre å... Maskina får jobben gjort..." Ja, viktig å lytte til slikt, trur eg. Men eg veit også noko anna, og det er veldig verdifullt, mest som eit ungt og sårbart furutre. Hans Børli var tømmerhoggar og fekk djup inspirasjon til diktskriving av det. Då motorsaga kom, forsvann inspirasjonen. Men det går djupare enn poesi, det handlar om meininga med livet og meininga med å vere menneske. Vita brevis, ars longa.
Eg har kjøpt meg manuelle reiskapar. Eg burde vel laga det sjølv, moglegvis. Menmen. Eg foraktar ikkje moderne maskineri, er berre i utgangspunktet skeptisk, og veit berre at det alltid er biverknader og omkostningar som ikkje kjem fram i ljoset.
I Setesdal byggjer dei stavkyrkje med gamle reiskapar, gamle teknikkar. Det er bra.
Hmmm. Dette burde du demonstrere i praksis. Kan du ikkje invitere alle lesarane her på ein liten ekskursjon?
ReplyDeleteEg har bare eit minne av å ha brukt motorsag og traktor. Det var då eg var landbrukspraktikant i Hemsedal etter vidaregåande. Eg synest ikkje eg hadde kontroll på nokon av delane, så det vart med den eine gongen. «Om eg hadde vore deg, hadde eg gjeve meg opp» kan eg hugse eg sa til bonden. Då hadde eg endeleg klart å ta lappen ved kun å lese teori. Bare for å kunne køyre traktor-
Særleg motorsaga minnest eg at levde sitt eige liv. Truleg var eg ikkje sterk nok i armane. Det var då ikkje snakk om å bruke alternative reiskap eller hest, nett som du påpeiker. Men eg mjølka geiter då, med mjølkemaskin. Det hadde vore ein stor jobb å gjere bare for hand. Men sikkert også ei heilt anna erfaring, og ein anna kontakt med dyra.
Komme nærare innpå røyndommen ja. Ein annan måte å klare det på er å kvitte seg med smarttelefon. Alle alternativ er betre -iPad, pc, då desse ikkje har same potensial til å bli ein ny kroppsdel. Men det er vel også difor det sit så langt inne - eg må investere i ein ny dyr duppeditt og amputere vekk ein kroppsdel.
Leste nyleg om at KI vil erstatte mange jobbar, t.d innan HR eller analyser. Eller t.o.m lærarar, iallefall i utlandet (eller ved lærermangel her). Skremmande utvikling synest eg.
Betre då å ta i bruk sanseapparatet, og inngå i ekte møte med andre levande vesen. Eg prøvar dagleg å gjere EXIT-øvingar( frå det traumestabiliserande opplegget som er beregna på flyktningar). Grunningsøvingar som grunnar eller jordar kroppen her og nå. Som tinar ein sakte opp, og gjer ein klar for å møte livet/røyndommen.
Helsing Gunhild
Trur berre det er du som les bloggen, eg får ikkje bloggen opp på google, veit ikkje korleis eg skal gjere det heller :-s :-s Du får dele bloggen med andre, om du vil. Mogleg vi kunne hatt ei felles utflukt ein gong, med fleire, mogleg til våren. Kva er exit-strategiane?
ReplyDeleteDå ser eg fram til det :) ja, du treng kanskje å marknadsføre bloggen.
ReplyDeleteTek btw no eit kurs i verdibasert marknadsføring, slik at mi framtidige verksemd m.a. byggjer på verdiane og visjonen min. Visjonen er den tilstand ein ynskjer å oppnå/vere i/spreie.
«Trygt tilstede» tenkte eg å kalle verksemda. Trur du det namnet kan fungere for flyktningar/kommunefolk i vaksenopplæring osb? Trur det snart må vere tidens fylde, dersom eg skal tilby EXIT-grupper. Det kjem mange frå Ukraina no, og dei er meir traumatiserte enn dei første som kom. Men då må ein få ting til å materialisere seg. Tanke må leie til handling- der ligg utfordringa mi.
Grunningsøvingane me brukar i EXIT har til hensikt å varme opp både kroppen og imaginasjonen. Me byrjar nedst, og masserer fotsålene mot golvet. Først den eine, og kjenner deretter etter om ein kjenner forskjell på føtene. Roterer så alle ledd bortom-up. Ankel, kne, bekken, håndledd, albogar, skildrar, nakke. Same øving med å registere skilnad på ankel, kne undervegs. Rullar ryggen ned og opp. All denne rørsla set i gang sirkulasjon som er bra for ein haug med ting. Ver obs på å ikkje låse knea (låser seg gjerne automatisk- kanskje for å motverke effekten av øvingane).
Du varmar også opp imaginasjon, feks ved å tenke at du lagar ringar i vatnet med tåa, ved å late som at du er dirigent i eget liv eller ta deg ein liten imaginær svømmetur i Sundkilen. Eg brukar også å halde ei hand mot bakhovudet, og kjenne etter i kva grad eg held hovudet sjølv. Slepper opp litt, og held på nytt (me har alle eit kroppsminnet av at hovuda våre blir haldne).
Så er det ein tarzanøvelse å slå mor bringa samtidig som ein lagar lyd. Og å masere muskulatur som er spent, gjerne sette på lyd når ein kjenner det gjer vindt (aa, oo, ii). Massere langs «nedkant» av hovud, frå øyrefluoo og inn mot midten (her sit det ofte spenningar).
Riste er veldig bra (det er det dyr son opplever traumer gjer). Halde (spenne alle muskler)- sleppe. Ta ein imaginær dusj under ein foss i sola, og tørke deg etterpå. Evt smøre på ein god fuktighetskrem (katarsis-renselse). Utvide rommet (dette gjer du ved å skyve ut dei imaginære veggane rundt deg). Gruffeøving - børst av deg alt gruffet (dvs irritasjon over ditten og datten som ligg utanpå deg), og kast det deretter over skuldra di, eller tenn på det. Ja- nei øving (seie eir ordentleg nei til ein liten ting, for så å kunne seie eit ordentleg ja til ein annan liten ting). Peisblåsar og liknande øvingar for indre lungemassasje.
Nå er me klare foe å starte på hovudaktivitet,m i EXIT (eller gå på jobb som miljøterapeut, eller date eller jobbintervju eller kva som helst).
Ein bør halde på med ei øving i minst 20 sek for å få effekt på systemet sitt.
Betydeleg enklare å vise i praksis enn å skrive om!
Og kumne visst gjort seg med korrekturlesing :)
DeleteObs- det aller viktigaste når ein gjer øvingane er at ein kjenner etter at det er på eins eigne premissar. Dvs ikkje gjere rørsler som gjer vondt eller er ubehagelege, og vere ordentleg tilstades i øvingane. Då er det ikkje mogleg å skade seg.
ReplyDeleteDet er også heilt naudsynt å puste ordentleg - elles blir du bare sliten. Om mogleg veldig bra å kople pusten på rørsla.
ReplyDeleteVerdiar eg byggjer på: aksept, fridom og guddommeleg kjærleik. To accept what is. Fridom til å forme noko/bestemme sjølv. Og kjærleik av ei anna verd, m.a for å transendere/overvinne mine eigne traumereaksjonar.
ReplyDeleteHei, det høyrest bra ut. Ja - eg vil tru dette moglegvis appellerer meir til kvinner enn menn, sjølv om mange menn nok vil ha behov for øvingane, på sine premiss. Eg vil også tru det er veldig viktig med sunne og naturlege omgjevnader, anten vere ute i naturen eller ein plass med gode vindauge mot naturen, planter, fin kunst etc.
ReplyDeleteTakk for innspel, hadde ikkje tenkt på det slik, at det kan appellere meir til kvinner. Kan jo også henge saman med korleis eg ordlegg meg! (Eller markedsfører verksemda). Dei bosniske flyktningane kalla EXIT intervensjonen for den norske gymnastikken. Og opplegget vart i si tid utvikla for einslege mindreårige gutar. Her er lenke til ein liten dokufilm der nokre av desse er med https://flyktning.net/ressurs/exit-film-av-solve-skagen-og-melinda-ashley-demott
ReplyDeleteMerk at det bare er oppvarminga eg har (forsøkt) skildra, det er også mange fleire komponentar. M.a barometer for å allmenngjøre traumesymptomer og velkommen/hadetbra runde med spegling (spegling er veldig bra for å få kopla på frontallappane). Og altså ein hovudaktivitet som blir repetert 2 gonger. (hverdagsrituale/ukesvisjon, trygt landskap, framtidsscenario, styrkedyret og diplom/feiring). Høgt fokus på psykoedukasjon absolutt heile vegen, slik at deltakarane forstår kvifor ein gjer ting (m.a kva som skjer i kroppen når ein gjer dei ulike øvingane).
Når kroppen er i frys er det vanskeleg å sjå ressursar. Når du får meir liv i kroppen, blir det lettare å sjå ressurs. Det er difor eg må praktisere EXIT i prosess med å starte verksemd (samt at ein får livet i gåve på kjøpet, og slepp å gå rundt som ein levande død - ein stor fordel i MANGE samanhengar).
EXIT er ressursorientert, og ikkje problemorientert. Salutogenese istadanfor patogenese. Rekalibrering av autonomt nervesystem, og reaktivering av speilnevroner i frontallapp. Bruke low skill kunstuttrykk til å skape inntrykk som ein igjen kan utrykke i ein annan modalitet. Expressive Arts In Transition. Ikkje snakke om traumene, men holde sirkelen/tønna tett. Gudgjeve, iallefall i mitt liv.
Visjonen min er å vere trygt, levande og bevegeleg tilstades. Både jorda og pustende, idet ein (eg) aksepterer tingenes tilstand, både innanfor og utanfor eigen kropp.
Ja, slik kan det gå når ein spør om noko nokon brenn for :) men var jo ikkje heilt irrelevant m.o.t. tema på bloggen din.
Ang.natur, kunst osv er eg einig. Men viktigaste er at kurslokaler gir legitimitet til rørsle. Så ein gymsal er ypperleg. I tillegg er det eit viktig poeng at me ber med oss mange ressursar me ikkje er medvitne om, som kan hentast fram kvar som helst. T.d eit trygt landskap frå barndommen som er forbi eller heimlandet som er forlatt.
Helsing Gunhild
Håpar du fortset å skrive, sjølv om det ikkje er så mange lesarar akkurat no. Å skrive sant om livet må vere ei av mange nådegåver du har fått.
ReplyDeleteHelsing Gunhild
Jo, takk!
ReplyDelete