Spreidde tankar, ikkje mogne for bokpublisering, men mogne for ein blogg. 




Kva anna treng ein enn PC, nett, litt mat og eit rom å vere i? Pcen gjev alt ein treng: 

- Ein kan reise på turar kvar som helst i utlandet. 

- Ein kan høyre den beste musikken, kva som helst. 

- Ein kan lære av dei beste professorane og lærarane. 

- Ein har fritt val av damer, og i alle slags situasjonar. 

- Ein har spel til underhaldning, og kan gå inn alle slags fantasiverder, og ein kan vere ein helt. 

- Ein kan vere oppdatert på kva som skjer rundt i verda. 

- Ein kan leite etter kva det skal vere som ein har lyst på, og kjøpe det. 

- Ein kan ha kontakt med andre på chat, og halde seg oppdatert om kva dei syslar med.

- Ein har alltid noko gøy å finne på, festen tek aldri slutt, 24 timar i døgnet. 

- Dessutan: Fullt privatliv, ingen forpliktingar. 


Nok tull, men...ikkje tull heller. Dette er eit stort dilemma i vår tid. Kanskje det største. Avhengigheit av maskinen (nett, industri, marknad, underhaldning etc.) Ein kan kople av maskinen. Då blir det eit heilt anna liv - for mange (ikkje for alle). Det er som Morpheus seier: "Welcome...to the desert of the real".


 Men sann spiritualitet må jo gå for det ekte og sanne - for ørkenen, eller skogen, eller øya. 

Matrix går i det heile ikkje av moten. I kultur blant unge menn i dag er det framfor alt Matrix som gjev referansar til nykjelidear. "Black pill (desperasjon), red pill (sjå gjennom nyliberal ideologi), blue pill (akseptere samfunnsmaskinen og gjere som han seier), white pill (optimisme i trass av situasjonen)" etc. Det er ingen spøk. Vår tids store problemstilling. 

Men nett er også sårbart. Pga. energitilfang og pga. komplekse samband og pga. avhengigheit av verdssituasjonen. Eg trur ikkje det er lenge til vi ser restriksjonar på bruk av nett, men eg kan ta feil. Ingen imperium varer evig.




- Det er fint å køyre ein tur og utforske noko. Haukeli, Odda, Ulvik, Osa, Eidfjord, Vøringsfossen, Geilo, Dagali. Mykje fjell, mykje turistar, fossar og landskap. Det er turistrute. Kanskje meir "mainstream turistrute" enn eg hadde tenkt. Naturen er spektakulær, i alle høve. Det er når ein tek ruter bort frå hovudruta at ting blir meir spennande, men. Meir naturlege folk, meir naturleg liv. Ein må ha litt god tid, tid til å improvisere.  





Ingen kjem for å redde oss, politikarane er meir lost enn oss, biskopane nektar å seie eit ord, sjølv om dei er trufaste i tenesta. Kreativ kamp er også livet - slik krigføring er det. Dette er tankevekkande med å lese om Caesar, Augustus, Napoleon etc. Det er på nokre vis analogt med livet, det å vere general. Kanskje særleg for ein mann. 

Ein leiar - skal vere omsorgsfull, ha kontroll, vere orientert og ha oversyn, vere lojal, vere sterk, ha ein tydeleg visjon, ta kontinuerlege og kreative grep, vere positiv og oppmuntrande, vere uthaldande, vere løysingsorientert, fremje samarbeid og godt miljø, tole motgang, vere eit førebilete, vere handlekraftig. Alle menneske er på eitt eller anna nivå leiarar, når dei når ein viss alder og har eit visst ansvar. 

Men å vere mann - og menneske - er også å vere i fellesskap. Slikt manglar i dag, sjølv om bygda er betre enn byen. Noko er tapt når skriftemålet er borte; kyrkja i Noreg hadde lenge "sjelesorg". Men i dag er det minimalt med organiserte sjelesorgsamtalar. Andeleg rettleiing - rettleiing om livet. Dog kan preika vere ein slik stad, og bibelgrupper. Ein må berre ha gjort det klart for seg at den liberale "gjere alle til lags"-vegen på eit tidspunkt vil måtte forlatast (sjølv om det er eit ideal freiste å byggje bruer). 


Eg tala med ein ven som har familie og er triveleg og har full jobb, og er respektert. Eg har på ein måte misunt han, ikkje i negativ forstand, men som "ja, han får det til!" Eg tala med han. "Javel, korleis går det, er du med på fotball for tida?" "Nei. Eg har så vondt i ryggen og kroppen. Eg klarer nesten ikkje å gå lenger". (Gulp). Livet er også ein kamp, ikkje berre for meg. Gjere rette og gode val, stå på, vere trufast og ansvarleg. 

Eit anna memento. Eg fylgjer mange musikarar. Stundom ser eg musikarar som verkeleg ser bra ut, spelar bra, klarer seg, sjølv om dei kanskje er eldre. Eg googlar namn og "diet". Ganske rett. Då kjem det fram kva dei et og kva vanar dei har, som forklarer ting. Standard amerikansk diett fungerer ikkje. Ofte er sympatiske og flinke musikarar også kristelege, eller kjem frå kristeleg bakgrunn.


Eg ser litt på Japan i ferien. Vinland saga (verdt å sjå); Netflix-dokumentar om samlinga av Japan på 1500-talet; sykkelturar og vandreturar gjennom Japan; videoar om japansk handverk og heimar og rituale; besøk til buddhistiske tempel. Japan er i vinden, slik Romania er det. Team Bachstad reiser også dit no om dagen. Opplagt! Vesten kastar vrak på sine tradisjonar og blir liberale og dysfunksjonelle. Japan går motsett veg, på mange vis, sjølv om dei også er veldig urbane og industrielle etc. Joda. Japan har også store problem med meiningstap, fødselstap, økonomi og industrialisering. 


 Nokre tankar om Japan, eit land og ein kultur eg kan lite om: 

- Eg lærer at veldig mykje naturbruk, handverk, rituale etc. som er i samfunnet som heilskap, spring ut av det heilage! Av zen, av shinto mm. Det får meg til å tenke. Kanskje er det slik at kultur som varer, som er verdifull etc. siver ut frå det heilage (i vesten: Kloster, gudsteneste, kyrkjekunst, spiritualitet, teologi etc.) Dersom ein verkeleg vil endre norsk kultur, må ein såleis vere i kontakt med det heilage på eitt eller anna vis. Noko å tenke på. Eg trur at dette er ganske viktig. Eg har byrja å spele trommer no att, og øve på det. Eg droppa det, fordi alt eg kjenner av trommer, nesten, er Led Z, U2, Prodigy, John Mayer etc. Musikk for ungdom og vestlege unge vaksne! Ikkje for mogne menn som søker djubde. Taiko, derimot... Det er på mange vis leitt at det ikkje brukast trommer i kristen liturgi etc. 

Min gode ven blir ikkje lei av å seie at Japan er samansett, ein held saman ei mengd ulike impulsar. Men Japan er også som ein stor familie, så å seie. 

- Tokyo? Nokre seier: "Du klarer berre 3-4 dagar i Tokyo, så må du ut". Nokre britar bur der og lagar filmar. Fine filmar om japansk kultur og natur. Men dei lever usunne liv. Dei lever på Twitch, dei gamar, og dei drikk mykje alkohol og et junk food. 

- Djup kultur, brådjup kultur. Det må også vere målet for norsk kultur, også, vil eg tru.

- Eit stort problem. Kanskje er det rosemåling, så å seie. Kanskje er det at tradisjonen har "betra ting" litt etter litt. Men...ved shinto-spiritualitet er det mykje som er veldig artig, positivt, naturstadfestande, så å seie. Vi har tapt svært mykje av dette i protestantisk spiritualitet. På ein del vis er det tydelege samanhengar mellom gresk-romersk polyteisme, shinto, norrøn røyndomsforståing...og også djup ortodoksi og jødedom (englar, vesen, makter, mynd etc.) 

"All things are full of gods!" Tittelen på DB Harts nye bok, som nok vil "change the game". Men i Japan har dei rike tradisjonar knytt til dette. I katolsk spiritualitet knytte dei desse tinga til helgenar, jfr. Kingsnorth sitt prosjekt for tida - å besøke heilage stader, kjelder etc. Vi har noko av dette også i Vest-T, Olavskjelder etc. 


Comments

  1. Nokre spreidde kommentarar;
    1, Eg har nett lese ei bok på nytt som heiter « Elsk og gjør det du vil- kroppens teologi for ungdom», skriven av ei svensk dominikanernonne. Mest med tanke på å formidle essensen til gutane mine, noko som moglegvis var i tidlegaste laget. Men også i stor grad for eigen del. Forfatteren trur eg ville sagt at ein i tillegg til pc og mat, treng kyskheit. Ikkje minst på nettet, der freistingane er så mange. Ho samanliknar det å spele på driftenes eine streng med å spele i eit orkester, det bare paukane høyrest (må elles vere ei glimrande bok å nytte i konfirmantundervisning!).

    2,Dette at livet kjennest som ein kamp, trur eg iallefall delvis handlar om at me grev oss djupt ned i materien. Dess lenger ein kjem i andeleg utvikling, og dess nærare ein kjem Gud, dess enklare vert ting, er det sagt (i visdomstradisjonen). Bølgedalene i liver vert då ikkje så djupe som dei var før. Eg har jo denne dynamikken i stjerneteiknet mitt, den eine fisken viklar seg ned i materien (inkarnasjon), den andre viklar seg ut (evolusjon). Å byggje hus er utan tvil å vikle seg ned i materien. Løysinga er då ikkje å la vere, men å bygge varheit/awareness om det som er. Og vite at også denne fasen har ein ende. Det er ei tid for alt under sola :)

    3, Ja, noko manglar utan tvil i protestantisk kristendom. Det er for mange dogmer, og eg trur også mykje frykt. Der svara på kvifor ting har blitt som dei har blitt finst i ei anna tid. Moglegvis heilt tilbake til inkvisisjonen sine dagar? Om frykten heng saman med nedarva traumer, så trengst det jo heiling. Eller m.a.o.; det heilage. Gud. Det er jo eit stort paradoks om dei som skal vere sjølve kanalen eller mellomleddet vårt til Gud, ikkje kan klare dette. Men de klarer det nok, i tidens fylde🙏🏼💥⭐️

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Jo, takk. Ei nonne som skriv bok om seksualitet til gutar? Uhm, hm. Hm, neimen om eg veit. Pdes. svært viktig at dei unge i dag får tydeleg alternativ til alt mogleg tinder-porno-NRK-drit. Pdas. hm. Neimen om eg veit. I alle fall viktig at gutar også får rettleiing av menn, sidan menn og kvinner er ganske ulike mtp. seksualitet :-s

    Var elles innom hjå din ven V i dag, vi tala mykje om andelege tradisjonar, liturgi etc. Han var veldig gjestfri og hyggeleg. Han har hatt ei spesiell livsreise, må ein vel seie.

    Ja, protestantisme og kyrkje. Spenningsfullt er det ofte, men sånn er livet.

    ReplyDelete
  3. Tja, tenk om du går glipp av ei gullgruve, bare fordi du har fordommar mot dominikanernonner? Dei har jo også hatt sine spesielle livsreiser både før og etter dei vart nonner. Ho har faktisk halde mange retrettar for ungdommar av begge kjønn, og med stor suksess (så vidt eg har forstått).

    Så hyggeleg at du var innom +Stein, ja det er slik eg også kjenner han. No som du veit meir om fellesskapen vår, håpar eg du også fekk meir lyst til å delta på messe :)

    Men må ein forbli protestant då? Er det ein del av stillingsbeskrivelsen i DnK? Kva er det eigentleg ein mistar ved å slutte med å vere det? Viss ein finn eit godt alternativ då, vel og merke-

    Helsing Gunhild
    (Ps: du gjerne kan få låne den nemnte boka av meg, som jo er ein introduksjon til pave Johannes Paul II sitt omfattande skriv «Kroppens teologi» (som jo var ein mann) 🙃)

    ReplyDelete
  4. Ein interessant påstand framsatt i nemnte bok: Ein må ha eit avklara/modent (e.l.,fritt etter minnet) forhold til eigen seksualitet, for å kunne velge sølibatet. Om det stemmer, er det jo eit kvalitetsstempel dersom undervisningsmateriale på området er utforma av ein munk eller ei nonne (!).

    Sofie Hamring har også skrive ein vaksenversjon av same bok: «Till man och kvinna skapade Han dem: en introduktion till Kroppens teologi». Eg las denne i fastetida i år, veldig fin, sjølv om eg ikkje er vand med å lese på svensk. Du kan få låne begge to👍👍

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  5. Hmm, eg ville no heller sagt komplementære enn ulike 🤷‍♀️ G

    ReplyDelete
  6. Kva skal eg seie. Eg er nok litt varsam med å ta til meg katolsk samlivsetikk. Det er mange dilemma her. Katolske familiar som er trufaste mot læra, får mange born og utfaldar naturane sine, så å seie. Eg trur det er veldig bra og rett. Men korleis dei lever med dette i sitt indre samvit, må ein jo lure på. Det er vel ei sak for skriftemålet.

    Generelt trur eg at menn talar best med menn og kvinner med kvinner, når det gjeld rettleiing, men eg har stor respekt for dominikansk klostertradisjon, så det er sagt. Det står respekt av at du les desse bøkene. Katolisismen har nesten alltid meir djupe og gjennomtenkte løysingar enn både den protestantiske kyrkja og den moderne verda. Men, så er det dette med samvit og fridom og diskusjon som er den store bøygen. Det er i det heile viktige generelle problemstillingar. Det liberale samfunn søkjer å gjere mennesket "fritt" etc. Dette fungerer ikkje, sivilisasjonen går under. Så vi kjem ikkje utanom makt, autoritet, tradisjon etc.

    I det heile er det besnærande å sjå korleis vesten no når "peak woke" og går inn i ei fantasiverd, på mange punkt. Du kan sjå NRK i 100 år og aldri høyre noko om "kroppens teologi", slik stoda er no (som døme). Men du kan høyre om alt mogleg ræl.

    Takk for kommentar, og takk for din visdom.

    ReplyDelete
  7. Det eg har størst problem med (moglegvis også einaste problemet) er at forfattaren heilt tydeleg ikkje er opne for tanken om reinkarnasjon. Men dette har vel dei romersk-katolske for såvidt til felles med protestantane.

    Samlivsetikken- tja, eg trur desse bøkene også har eit radikalt nytt innhald for mange katolikkar. Det er ikkje bare NRK som har oversett denne revolusjonerende teksten til den tidlegare paven. Noko forfattar Hamring i stor grad gjev forma(eller sjangervalget ?) skulda for (derav også behovet for å lage såkalla introduksjonar). Opphavleg vart jo Kroppens teologi framlagt i jamnlege taler som paven heldt for folket, og ikkje utforma som «bok».

    Tja, mange barn- i bøkene gjerast det greie for fenomenet naturleg familieplanlegging. Ein må altså ikkje få mange barn- og det finst ein metode som involverer både mannen og kvinna som regulerer dette naturleg (særleg ved å ta omsyn til syklus). Nei, du måtte vel nesten lese og vurdert sjølv. Eg trur nok du kunne blitt overraska. Og kanskje også sett med nye auger (eller briller) på eigne livsval. Kvar har ein treffe, og kvar har ein bomma, på målet.

    Eg høyrer kva du seier om rettleiing frå eige kjønn. Du har nok rett eit stykke på veg. Men kanskje ikkje heile vegen? Eg synest i allefall at eg får framifrå andeleg rettleiing frå ein representant for det motsette kjønn. Og må innrømme at eg ikkje bryr meg så mykje om kva kjønn formidleren har- men meir om korleis det som vert formidla gjev gjenklang i meg sjølv. Visdommen finst jo som kjent der inne- (Visdommen er vel også kjent for å vere feminin i Bibelen).

    Ja, i vår tid er det viktig å kunne skjelne, for å ikkje drukne i ræl. Kildekritikk er vel noko av det viktigaste ungane vår bør lære. Slik at ein får skore bort daudkjøtet. Eg er ikkje lenger bekymra for at eg ikkje rekk å lese alle bøkene i verda. Så lenge eg får med meg dei viktigaste. Kan btw anbefale varmt den nye katolske Bibelen. Eg brukar å slå opp «gudfeldig» i den etter at eg har meditert, og plassere peikefingeren i blinde. Kvar einaste gong har eg funne noko djupt meiningsfullt. Slik at det er vanskeleg å vite kvar teksten sluttar og livet startar. Dei to går i kvarandre.

    I dåpen har me jo i grunnen fått tildelt ei superkraft. Medvitet om dette er bare i så stor grad sovande. På tide å vakne⭐️✝️⭐️

    Elles storavtale for komplimentet, slett inga sjølvfølgje å bli oppfatta som vis på dette området 🙏🏼

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  8. * stor takk, skulle det stå😅

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog