- Takk for kommentarar, som eg har lese. Mykje å fundere på. Ringdrotten på nynorsk, eg leverte boka i dag, men det er ikkje dumt å lese. Han brukar interessant språk som eg trur kan vere fornyande å lese, ja. No les eg LOTR på engelsk i fyrste omgang. Det er eit interessant språk omsetjaren brukar. Han har røter i Tokke (Eivind Groven).
Sundagen si preike, ikkje nett som eg heldt ho. - Temaet for sundagen er ljos, "born av ljoset". Dagens bøn er ei bøn om å vere born av ljoset, "så vi ikkje krenker deg eller nesten, men lever i kjærleik." No har eg mange høner å plukke med "dagens bøner", tidl. kollektbøner. Ved liturgireforma var det slik at ulike grupperingar valte kvar sin del av liturgien å reformere, så å seie. Kyrkjemusikarane gjekk til evangelieprosesjonsverset, dei liberale gjekk til dåpsliturgien (meir vekt på skapingsteologi, meir vekt på å seie namnet til barnet), dei høgkyrkjelege gjekk til nattverden (meir likt katolsk liturgi, meir rituelle handlingar etc.) Kollektbøna...gjekk til feministane, som var opptekne av at ein ikkje skulle bruke "kjønna språk" om Gud etc. Novel! Ljos. Her er vi inne på veldig mystiske ting. Dersom ein er litt "vanleg" protestant, kan ein seie "ljos er ein fin metafor som gjev oss innsikt". Bibelen brukar ofte ljos p...
Ja, eg var allereie overtydd etter å ha lese nynorsk omsetting av Hobbiten :) Utruleg godt selskap i desse bøkene! Straks ferdig med 1. boka i trilogien- me nærmar oss Rimnadal. Helsing Gunhild
ReplyDeleteDet er sant. Det er trøyst og fellesskap i LOTR. Mykje fargar, natur, eventyr etc. også. Ser elles at omsetjaren har lagt ut boka som lydbok på youtube :-s
ReplyDeleteHåpar på eit nytt blogginnlegg snart. Der er det også godt selskap-
ReplyDeleteHelsing Gunhild
Ok, då får eg slå til.
ReplyDelete